Logikk
- Lengde2 År
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Mastergrad i informatikk med studieretning logikk er eit felt innan teoretisk databehandling. Den legger vekt på dei teoretiske grunnprinsippa og metodane som underligger konstruksjonen og analysen av komplekse datasystem. Målet er å utdanne kandidatar med spisskompetanse innanfor matematiske modellar som dannar grunnlag for moderne programmeringsspråk, -verktøy og -system.
Fagleg profil
Logikk ved Institutt for informatikk er ein del av programmeringsteori. I logikk studerer man formelle utrykk og resonnering. Man kan i dette feltet studere ren logikk. Som ein del av programmeringsteori, er det også naturlig å utforske resonnering om program, spesielt med tanke på korrekthet før eventuelle effektivitetsbetraktningar. Eit masterstudium i logikk kan gå i retning av typesystem, program- og beviskorrekthet, funksjonell programmering, kategoriteori, resonnering om databasar og mange andre aspektar av logikk innan både teoretisk og praktisk databehandling.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper
Kandidaten
- har kjennskap til matematiske metodar som brukast for å definere, analysere og utvikle moderne programmeringsspråk, samt programmerings- og modelleringsverktøy.
- er i stand til å bruke logikk og matematiske modeller for å formalisere forskjellige aspekt ved program og programutvikling.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke matematiske verktøy, herunder logikk og kategoriteori, for å definere og løyse konkrete problem, som til dømes problem knytta til modellering, korrekthet og påliteligheit til programvare
- kjenner til styrker og begrensningar til forskjellige typar logikk og matematiske modellar
- kan forstå språket brukt i system for automatisk bevisføring og kan nytte slike system
Generell kompetanse
Kandidaten
- har tilegna seg kompetanse for videre sjølvstendig arbeid og utvikling
- er i stand til å anvende tilegna kunnskap og problemløysningsmetodar i nye kontekstar
- har forståing for vitskaplege verdiar som åpenhet, presisjon, påliteligheit og skillet mellom kunnskap og meining.
Utveksling
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Korleis søke
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)
Opptakskrav
Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF) (frå haust 2022 teller ikkje MAT101)
- Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 20 STP matematikk valgemner (frå haust 2022 teller ikkje MAT101)
- Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
- Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 20 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MAT101 kan ikkje inngå som matematikk-emne. MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 20 av disse 80 studiepoenga må være matematikk.
Generelt for alle: Frå haust 2022 teller ikkje MAT101 og tilsvarande. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.
Du må også ha:
- ein snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program