Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-INFLO Logikk, vår 2021

Namn på grad

Mastergrad i informatikk - logikk

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i informatikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og Engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)

Mål og innhald

Mastergrad i informatikk med studieretning logikk er eit felt innan teoretisk databehandling. Den legger vekt på dei teoretiske grunnprinsippa og metodane som underligger konstruksjonen og analysen av komplekse datasystem. Målet er å utdanne kandidatar med spisskompetanse innanfor matematiske modellar som dannar grunnlag for moderne programmeringsspråk, -verktøy og -system.

Læringsutbyte

 Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Kandidaten

  • har kjennskap til matematiske metodar som brukast for å definere, analysere og utvikle moderne programmeringsspråk, samt programmerings- og modelleringsverktøy.
  • er i stand til å bruke logikk og matematiske modeller for å formalisere forskjellige aspekt ved program og programutvikling.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke matematiske verktøy, herunder logikk og kategoriteori, for å definere og løyse konkrete problem, som til dømes problem knytta til modellering, korrekthet og påliteligheit til programvare
  • kjenner til styrker og begrensningar til forskjellige typar logikk og matematiske modellar
  • kan forstå språket brukt i system for automatisk bevisføring og kan nytte slike system

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har tilegna seg kompetanse for videre sjølvstendig arbeid og utvikling
  • er i stand til å anvende tilegna kunnskap og problemløysningsmetodar i nye kontekstar
  • har forståing for vitskaplege verdiar som åpenhet, presisjon, påliteligheit og skillet mellom kunnskap og meining.

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSCI (fom haust 2020), BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 20 STP matematikk valgemner (frå haust 2022 teller ikkje MAT101)
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
  • Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 20 av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna. MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Sjå opptakskrav.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel og mastergradsoppgåve.

Emne: Emna INF234, INF223 og INF227 er obligatoriske. I tillegg kjem 30 studiepoeng med valfrie emne, som veljast i samråd med rettleiar.

2. semester INF223 INF227

1. semester INF234

Masteroppgåve i logikk er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

30 studiepoeng i mastergraden er valfrie og skal veljast i samrå med rettleiar, gjerne bland: INF210, INF220, INFO382, INFO282, MAT242, MAT220, MAT221, MAT227

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning for emna i masterstudiet skjer i form av førelesningar, laboratoriearbeid og seminar. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i form av rapportar, skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Studiet avsluttas med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

IKT spelar ein sentral rolle innan næringsliv og forvaltning. Våre kandidatar er svært etterspurde for å jobbe med vedlikehald og utvikling av IT system. Programmet forbereder også godt til ein eventuell jobb innan forsking og utdanning.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:

Studierettleiar

Tlf 55 58 42 00