Hjem
Utdanning
Studieretning

Optimering

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Verksemder i Bergen og resten av Noreg optimerer: Produksjonsverksemder maksimerer avkastninga og minimerer produksjonskostnadene sine. Transportfirma vil finna raskaste kjøreruter. Investorar prøver å setja saman porteføljer med lav risiko og høg forventa avkastning. Skipsmeklarar engasjerer forsikringsverksemder for å oppretta forsikringar med lavast mogleg premie.

Berre gode optimerarar kan optimera godt, og berre velutforma algoritmar kan gjera dei tunge utrekningane som utfordrande optimeringsprosessear krev. I masterprogrammet i optimering ved Institutt for informatikk får du læra å skriva og implementera slike algoritmar, og læra å setja dei i praktisk bruk, slik at du blir ein av ekspertane som gjennomfører viktige optimeringsoppgåver i den verkelege verda.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • Kan gjere bruk av teori og optimeringsmetodar for å modellere og løyse verkelege problem, f.eks. innan

    • forsyningskjeden, logistikk og transport,
    • matematisk finans, og
    • teknologi.
  • Demonstrere brei kunnskap om dei viktigaste konsepta innan optimering.
  • Kan greie ut om metodar og algoritmar innan optimering og korleis ein kan implementere desse.

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • Kan formulere praktiske problemstillingar frå industrien som optimeringsproblem.
  • Kan planleggje, utforme og utvikle eit sjølvstendig forskingsprosjekt i optimering.
  • Kan foreslå eller utvikle passande teknikkar for løysing av optimeringsproblem.
  • Kan analysere optimeringsproblem og algoritmar.
  • Kan utvikle og implementere passande teknikkar for løysingar på ei datamaskin.

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • Har solid teoretisk og teknisk grunnlag for vidare studiar innan teori, løysingsmetodar og programvare for optimering.
  • Meistrar å jobbe både sjølvstendig og i gruppe.
  • Har eit kritisk og analytisk syn både på eige og andre sitt arbeid.
  • Kan demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon, pålitelegheit og betydning av å skilje mellom kunnskap og meiningar.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
  • Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
  • Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100) . MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen