Hjem

Utdanning

Studieretning

Visualisering

  • Lengde2 år
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Mål:

Masterstudentar i informatikk med studieretning visualisering har etter fullført studie monalege kunnskapar og ekspertise innan visualisering, datagrafikk og interaktive metodar, så vel som ekspertise innan relatert programmering.

Visualisering er eit interdisiplinært fagområde som gjev studentane overblikk over spesialiserte områder som medisin, biologi og geovitskap. Gjennom masterstudiet får studentane ein grundig introduksjon til vitskaplege arbeidsprinsipp, som til dømes å gjere greie for nyaste forsking i faget og å kunne presentere sitt eige arbeid.

Innhald:

Visualisering er eit fagområde med framveksande relevans i datavitskap med mange bruksområder. Avansert datagrafikk blir brukt til å formidle innsikt frå store og komplekse datasett. Data kan vere ulike målingar, til dømes frå medisinske 3D skannarar eller seismikk/sonar, datasimuleringar (t.d. væskedynamikk) eller frå kompleks modellering, som modellering av dynamiske system ved bruk av differensiallikningar.

Visualisering tar for seg interaktiv utgreiing og analyse av data og presentasjon av resultatet. Meiningsfulle dømer på visualisering er volumgjengjeving av medisinske 3D-bilete, visualisering av luftstraumen rundt bilar og fly (aerodynamikk), og visualisering av store hierarkiske datastrukturar som t.d. filsystemet på ei datamaskin.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Kan gjere greie for grunnleggjande prinsipp innan datagrafikk og visualisering.
  • Kan anvende ulike tilnærmingar til visuell analyse og/eller vitskapleg visualisering av praktiske problem.
  • Kan beskrive passelege visualiseringsløysingar for ulike scenario.
  • Kan finne og bruke relatert vitskapleg arbeid ved løysing av praktiske problem.
  • Kan gjere greie for prinsipp innan programmering, som inkluderar GPU programmering.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan utforme løysingar for grunnleggjande informatikkproblem innan grafikk og visualisering.
  • Kan demonstrere problemløysing i samsvar med vitskaplege arbeidsprinsipp.
  • Kan arbeide med ulike typar data.
  • Kan utvikle program for informatikk og data-analyse.
  • Kan kommunisere effektivt.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan klassifisere visualiserings- og datagrafiske teknikkar
  • Kan argumentere for ei bestemt løysing
  • Kan kommunisere ei bestemt løysing
  • Kan organisere og strukturere ei bestemt problemløysingstilnærming i eit gruppemiljø.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Anten bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og minst 60 studiepoeng informatikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100.

Eit statistikkemne kan inngå som eit av to matematikkemne. MNF130 tel ikkje som matematikkemne.

Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget (60 studiepoeng informatikk og 20 studiepoeng matematikk). Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, sidan matematikk ikkje er obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene.

Søk på studiet her: soknadsweb.uib.no

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen