Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i informatikk

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i informatikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust og vår.

Mål og innhald

Ferdige kandidatar skal ha fått solide vitskapleg funderte kunnskapar og kompetanse i informatikk. Dei skal ha fått ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Du vil ha utvikla spisskompetanse innan eitt fagområde samt god oversikt over andre fagområde.

Kandidaten søkjer på ei av desse studieretningane innanfor masterprogrammet i informatikk:

  • Algoritmer
  • Bioinformatikk
  • Logikk
  • Maskinlæring
  • Optimering
  • Datasikkerhet, sikker og pålitelig kommunikasjon
  • Visualisering
  • Fagformidling

For informasjon om læringsutbytte og mål og innhald, sjå i lenka til studieretningane.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei kunnskap innan informatikk og har spesialisert innsikt innan tema for masteroppgåva si.
  • har grundig kjennskap til teori og metodikk som blir nytta innan informatikk.
  • kan anvende disse kunnskapane til å løyse problem i nye kontekstar.
  • kan analysere problemstillingar innan informatikk basert på kunnskap, teknologi og relevans i samfunnssamanheng.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan analysere og handsame ulike informasjonskjelder på ein kritisk måte og bruke dei til å strukturerer og formulere resonnement.
  • kan bruke relevante forskings- og arbeidsmetodar innan informatikk på ein sjølvstendig måte.
  • kan utføre forskings- eller utviklingsprosjekt i samsvar med normer for forskingsetikk.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere forskingsretta og profesjonsretta etiske problem innan informatikk.
  • kan anvende kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område innan informatikk for å gjennomføre avanserte oppgåver og prosjekt.
  • kan kommunisere akademiske problemstillingar, analyser og konklusjonar innan informatikk, både med spesialistar og ålmenta.
  • kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar.

Opptakskrav

Spesifikke opptakskrav for studieretningane

Masterprogrammet i informatikk har syv studieretningar med spesifikke opptakskrav. Sjå under studieretninga.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Sjå opptakskrav.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar; emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.

Emnedelen

Emnet INF234 Algoritmer er obligatorisk. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300- tals nivå, og vil avhenge av valgt studieretning/spesialiering, og tema for masteroppgåva.

Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gje eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet.

I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ei framdriftsplan med oversikt over emne og milepælar i arbeidet med oppgåva.

Hovudforma for masteroppgåva er lang oppgåve med ei arbeidsmengde tilsvarande 60 stp, men det finnes visse moglegheitar for å velje kort oppgåve på 30 stp. Den lange oppgåva må leverast innan utløpet av dei 2 åra masterstudiet varer. Kort oppgåve skal gjennomførast i siste semesteret og må leverast seinast 6 månader etter start.

Masteroppgåva: INF399 Masteroppgåve i informatikk er på 60 studiepoeng. Studenten kan i samrå med rettleiar velje å skrive ei oppgåva på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande. Masteroppgåva skal leverast innan ein fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

Avhenger av valt studieretning

Rekkefølgje for emne i studiet

Avhenger av valt studieretning

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Studiet avsluttast med ein presentasjon av masteroppgåva kombinert med ein munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gjev grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

IKT blir i stadig aukande grad ein basisteknologi i all næringsverksemd og forvalting, og våre kandidatar er svært etterspurde til å vedlikehalde og utvikle IT-system. Mange får seg også jobb innan IT-industrien eller innan forsking og høgare utdanning.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@ii.uib.no

Tlf 55 58 42 00