Hjem

Kjemi, master, 2 år

Kunnskap om kjemi og vitskap dannar grunnlaget for ei betre framtid og er avgjerande for å finne og optimalisere berekraftige energiløysingar.
  • Lengde2 år
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Kjemi er den sentrale, kreative vitskapen. Den kjemiske vitskapen er eit rammeverk for å forstå, utnytte og forme den materielle verda vår. Kjemi skjer overalt, og kunnskap om kjemi treng ein til: 

  • framgang innan moderne medisin 
  • takle globale og lokale miljøspørsmål 
  • utvikle nye, funksjonelle materiale og produkt 

I masterstudiet får du detaljert innsikt i kjemiske prinsipp, samband, materiale og prosessar. Du vil få avansert kunnskap og praktisk dugleik innan utvalde emne og eksperimentelle teknikkar. Du vil bli kvalifisert for arbeid i ei rekkje sektorar, inkludert helse, kvalitetskontroll-laboratorium, mat, måling, petroleum, prosess- og farmasøytisk industri, offentlege etatar, forsking og utdanning for å nemne nokre.  

Instituttet har dei mest avanserte verktøya som finst. Dette sikrar riktig verktøy for forskinga di og at du blir opplært i bruk av instrumentteknikkar. For framtidige arbeidsgivarar er dette også svært relevant. Du utfører eit masterprosjekt i ei av forskingsgruppene i avdelinga.

Meir informasjon under

Jobb

Kjemikarar kan arbeide innanfor eit breitt spekter av sektorar og er mindre avhengige av variasjonar i sysselsetjing enn mange andre yrke. 

Alumnane våre arbeider i: 

  • Helsesektoren 
  • Eit breitt spekter av næringar (petroleum, kjemikaliar, metall, akvakultur, mat) 
  • Offentlege tilsyn, til dømes i miljø- og matkontroll 
  • Kvalitetskontroll-laboratorium 
  • Utdanning og forsking 
  • Leiing og tilsyn 

Med ein mastergrad kan du også halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.), som gjer deg godt kvalifisert til både forsking og undervising. 

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Framtidens drivstoff utvikles av Kjemisk institutt

Produsent:
UiB/Nydal film

Oppbygging

Mastergradsprogrammet dekkjer to akademiske år (fire semester). Hovudopptaket er på hausten, med tilleggsopptak på våren.  

Programmet består av kurs på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.  

1. semester: 3 emner verdt 10 studiepoeng kvar 

2. semester: 2 emnerverdt 10 studiepoeng kvar, oppgåvearbeid 

3. semester: 1 emner verdt 10 studiepoeng, oppgåvearbeid 

4. semester: KJEM399 Masteroppgåve i kjemi  

Kursa er valde basert på temaet i masteroppgåva di. Det er mange kurs og kombinasjonar å velje frå, i samarbeid med rettleiaren din .  

Meir informasjon om emna til masteren i kjemi. 

Studiekvardag 

Institutt for kjemi er i Realfagbygget på sentrumscampusen til universitetet.  

Mastergradsprogrammet tilbyr ca. 18 timar med førelesingar, praktisk laboratorium og workshops kvar veke. I tillegg brukar du tida til å lese, skrive oppgåver/arbeidskrav og arbeide med masteroppgåva. 

Nokre emne er obligatoriske, medan andre kan veljast i samråd med rettleiaren din.  

Til masteroppgåva di kan du velje eit emne frå det breie feltet av kjemi og angripe emnet ditt ved hjelp av ei eksperimentell eller teoretisk tilnærming, eller ein kombinasjon av dei to. Du kan framstille nye materiale kunstig, materiale eller drivstoff, oppdage og karakterisere nye naturlege samband, utvikle nye instrumentelle protokollar eller nye algoritmar for utrekningsdesign av nye molekyl med ønskte eigenskapar, og mykje meir i moderne kjemi.  

Du vil bli invitert til å delta i ei relevant forskingsgruppe der du kan delta på arrangement, diskutere og lære meir om aktuelle forsking i det valde temaet ditt. 

Les meir om masterstudentane og prosjekta deira. 

Kva lærer eg

Med ein mastergrad i kjemi, vil du: 

  • kunne bruke moderne forskingsmetodikk 
  • kunne forklare den teoretiske bakgrunnen for val av metodar, og rettferdiggjere val av metodar brukt for å løyse kjemiske problem i temaet for masteroppgåva di 
  • kunne forklare og diskutere teori i utvalde emne innan kjemi 
  • få avansert kunnskap innan kjemi, særleg i temaet i masteroppgåva di  
  • kunne bruke kjemi for å analysere verkelege problem 

Fullstendig liste over læringsutbyte.

Utveksling

Du kan planleggje studieperiodar i utlandet i samråd med rettleiaren din. 

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her