Lektor naturvitenskap og matematikk (realfag), master, 5 år
- Lengde5 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar40
- OpptakskravLÆREAL
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
Gjennom studiet vil du få solid kompetanse i dei to faga du ynskjer å undervise i. Du får også vitskapsbasert kunnskap om kva som gjev god læring og god undervisning, og erfaring med å undervise i praksis. Du får trening i å tenke kommunikasjon og formidling av fag. Kva kan eleven frå før, og kva treng eleven å lære? Du får kjennskap til verktøy og teknikkar som fremmer aktiv deltaking og læring.
Gjennom studiet får du undervisningskompetanse i to realfag. Du kan velje to av faga matematikk, fysikk, kjemi, biologi og naturfag.
Du fordjupar deg spesielt og skriv masteroppgåve i det eine faget.
Som lektor får du moglegheit til å bety noko for ungdom som er i ein spennande fase av livet. Du får jobbe med fag du er interessert i og formidla dei positive opplevingane og erfaringane du har med det. Å merke at elevane lærer på grunn av det du gjer, er tilfredsstillande.
Les meir om lektorrutdanning ved UiB
Meir informasjon under
Jobb
Studiet retter seg mot undervising som i ungdomsskolen eller vidaregåande skole. Ein del lektorar tar seg også jobb i anna offentleg eller privat verksemd, til dømes der kombinasjonen av formidlingskompetanse og fagleg kompetanse er attraktiv.
Lektorjobbar er sikre og familievenlege, med jobbmoglegheiter over heile landet. Arbeidet er variert og sjølvstendig, og ingen dagar er like.
Samfunnet treng realfagleg og teknologisk kompetanse. Som lærar gjer du ein svært viktig innsats ved å bidra til kunnskapsrike, kritisk tenkande kommande generasjonar.
Viss du bygger på med ein ph.d.-grad i fagdidaktikk, er du godt kvalifisert for å jobbe med lærarutdanning ved høgskolar og universitet.
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Studiekvardagen
Du vil frå starten av studiet høyre til eit kull, slik at du raskt vil bli kjend med dei andre studentane på programmet. Dette bidreg til eit godt og sosialt studiemiljø.
Lektorprogrammet er eit profesjonsstudium og sidan du tek fag parallelt med praksis, pedagogikk og fagdidaktikk (korleis vi underviser fag), er det fokus på læraryrket gjennom heile studiet. Det gir deg tid til å utvikle deg i lærarrolla, saman med studentar med same mål.
Samtidig vil du ta dei same emna (disiplinfaga) som studentar på andre realfaglege studieprogram. Du får dermed det same faglege nivået på utdanninga di, og du blir kjent med andre studentar.
Undervisningsformer
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Laboratorie- og praktiske øvingar – viss du vel fysikk, kjemi eller biologi
- Feltkurs – viss du vel biologi
- Praksis
- Sjølvstudium
Litteraturen og undervisninga er på norsk og engelsk.
Arbeidsmengde
Lektorprogrammet er eit krevjande heiltidsstudium. Mykje av arbeidet vil du, saman med medstudentar, ha ansvaret for sjølv. Mengda av forelesningar, kurs og kollokvier vil variere avhengig av fag og semester, men du kan vente å bruke 10-20 timar per veke på det. Totalt må du rekne med å bruke 40 timar i veka på studiet.
Praksis i skolen
Praksis er ein sentral del av lektorutdanninga. Til saman skal du ha 100 dagar praksis i løpet av fem år, inkludert forarbeid og etterarbeid. Praksis skal vere både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. I dei første åra vil det vere kortpraksisperiodar, mens det er langpraksisperiodar i det fjerde året. All praksis er obligatorisk.
Vi skaffar praksisplass, vanlegvis på ein av skolane som UiB har eit realfagssamarbeid med.
UiB har òg eit samarbeid med ein skole i Cape Town, Sør-Afrika, og tilbyr nokre studentar kvart år å ha ein av dei lange praksisperiodane der.
Kva er obligatorisk?
Du vel to fag: fag 1, som er masterfaget ditt, og fag 2. Dette blir undervisningsfaga dine når du er ferdig utdanna.
Du kan velge mellom desse fagkombinasjonane:
- matematikk og fysikk
- kjemi og matematikk
- biologi og matematikk
- biologi og kjemi
- matematikk med naturfag som fag 2
Når fag 1 og fag 2 er valde, er mykje av studiet lagt: Grunnutdanning i dei to faga, saman med pedagogikk, fagdidaktikk og praksis er obligatorisk.
Kva er valfritt?
Mot slutten av studiet skal du velje emne i masterfaget ditt som fordjuping med tanke på masteroppgåva. Ulike val kan munne ut i ulike typar masteroppgåver.
Døme: Med kjemi som masterfag, kan du velje å skrive ei reint kjemifagleg masteroppgåve med laboratorieforsøk som del av arbeidet, som til dømes syntese av potensielle legemiddel eller undersøking av miljøbelastningar.
Eller du kan skrive ei fagdidaktisk masteroppgåve der læring og undervising i kjemi er hovudfokus snarare enn å lære meir kjemi for eigen del. Til dømes kva rolle forsøksrapportar og prøver spelar i læringa av kjemi. Du vel problemstilling for oppgåva i samråd med rettleiar.
Lesesalar
Lektorstudentane har eit eige arbeids- og kaffirom, kalla «Lærerværelset». Her kan du ha kollokvier og lesesalsøkter i tillegg til å vere sosial. Du kan òg bruke lesesalane i Auditoriefløyen og på Realfagbygget. I det siste året på studiet får vanlegvis lektorstudentane lesesalsplass på instituttet der dei skal skrive masteroppgåve.
Les kva tidlegare studentar seier om studiet
Oppbygging
Lektorprogrammet er eit femårig fulltidsstudium som startar i august.
Du vel to fag som blir undervisningsfaga dine, fag 1 og fag 2. Du skriv masteroppgåve i fag 1.
Felles for alle på lektorprogrammet:
- Praktisk-pedagogikk, inkludert praksis i skolen, 70 studiepoeng
- Emne i fag 1, 110 studiepoeng
- Emne i fag 2, 60 studiepoeng
- Masteroppgåve, 30 studiepoeng Oppgåva kan ha ein skoleretta, fagdidaktisk eller reint fagleg profil. Etter søknad kan masteroppgåva utvidast til 60 studiepoeng
Dei obligatoriske fagemna gir eit godt grunnlag for undervising i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping for masteroppgåva. Den praktisk-pedagogiske delen går parallelt med fagstudia.
Sjå planen for din fagkombinasjon
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du?
Det viktigaste du lærer på lektorprogrammet:
- Du får ein solid og trygg fagleg kompetanse i to realfag i skolen
- Du får pedagogisk og fagdidaktisk bakgrunn for å legge til rette for god undervisning
- Du får erfaring med læring og undervisning gjennom ein omfattande praksis
Sjå full liste over læringsutbyte.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i 6. semester. UiB har avtalar med universitet i mange land og lektorstudenter reiser til dømes til Australia, Danmark, USA, Spania og Tyskland, men du kan òg reise til andre land. I tillegg kan du søke om å ta praksis i Cape Town i Sør-Afrika i 7. semester.
Korleis søke om å reise på utveksling?
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og LÆREAL:
Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:
- Matematikk R2 eller
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Det er òg eit krav om minimum gjennomsnittskarakter 3 i norsk og minimum 35 skulepoeng.
For å kunne gjennomføre studiet på 5 år, tilrår vi at du har R2 dersom du vil ha matematikk som eitt av dei to faga dine, og Kjemi 2 dersom du vil ha kjemi.
Søknadsfristen er 15. april.