Fysikk med matematikk
- Lengde5 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Studiepoeng300
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Lektorprogrammet utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i to universitetsfag med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.
Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
Studiet utdannar lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.
Studiet gjev ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på tilrettelegging for læring, analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i skriftleg og munnleg presentasjon. Vidare gjev studiet grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skulefaga og fremje ferdigheiter for praktisk yrkesutøving.
I studieretninga inngår fordjuping i fysikk (fag 1) og matematikk (fag 2). Utdanninga vert avslutta med ei masteroppgåve innan fysikk eller fysikk-/naturfagdidaktikk.. Dette gir studenten grunnlag for undervising i to fag i vidaregåande skule. Studentane veljar fag ved studiestart.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten har
- brede og solide grunnkunnskapar i fysikk og matematikk (fag 2)
- teoretisk og praktisk kunnskap på høgt nivå innanfor fysikk med fordjuping i et gitt felt
- grunnleggande kompetanse i programmering og erfaring med bruk av IKT i fysisk modellbygging og numeriske utrekningar
- kunnskap om korleis idear og metodar i fysikk og matematikk vert brukt i samspel i forsking og problemløysing
- inngåande kunnskap om vitskapelege problemstillingar, forskingsteoriar og -metodari realfaglege, pedagogiske og fagdidaktiske spørsmål
- kunnskap om utviklinga av skulen som organisasjon og brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
- kunnskap om fysikk og matematikk som skule- og forskingsfag, inkludert betydning for kultur og samfunnsutvikling
- inngåande kunnskap om relevant forskingslitteratur og gjeldande lov- og planverk
- kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster
- kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar og om deira rettigheiter i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og ha kjennskap til teikn på vald og seksuelle overgrep mot barn og unge og korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- planlegge og gjennomføre en variert og inspirerande undervisning i fysikk og i fysikkens praksisar og tenkemåtar
- orientere seg i faglitteratur, analysere og forhalde seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar innanfor fagområda
- anvende faglitteratur og andre relevante informasjon- skilder til å strukturere og formulere faglege resonnement på ulike områder
- bruke matematisk formalisme i arbeidet med fysikk
- anvende eksperimentelle metodar og teknikkar på varierte problemstillingar i fysikk
- anvende relevant forskingslitteratur på områder som er relevant for profesjonsutøvinga
- anvende forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter og planlegge og leie undervising på ulike læringsarenaer som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- på et sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar, relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
- nytte digitale verktøy i undervising, planlegging og kommunikasjon samt rettleie unge i deira digitale kvardag
- beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elever si læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over egen læring og egen fagleg utvikling
- identifisere særskilte behov hos barn og unge, og ha kjennskap til teikn på vald eller seksuelle overgrep, og kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnarar ved behov
- gjennomføre et sjølvstendig, avgrensa og profesjonsrelevant forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- bruke samfunnsaktuelle problemstillingar der naturfaglege argument inngår som læringsarena for utvikling av kompetanse i kritisk tenking og kunnskapsbasert deltaking
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan bidra til nytenking og gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid alene og i samarbeid med andre
- kan dele døme på innovasjonsprosessar og tilrettelegging for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
- kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøving på et fagleg avansert nivå
- kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskingsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle egen kompetanse og bidra til både kollegaers og skolens faglege og organisatoriske utvikling
- har innsikt i korleis bygge relasjonar til elever og føresette, og døme på korleis samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket
Utveksling
Delstudium i utlandet
Studentane blir oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal erfaring.
Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand og kan bli rettleidd og avtalt i samarbeid med studiekonsulent på programmet og dei fagleg ansvarlege institutta.
Kva semester som er best egna for utalandsopphald for å ta emne, avhenger av spesialisering og fag 2.
I 8. semester er det mogleg for ei gruppe av studentar å gjennomføre praksis på skule i Cape Town.
Korleis søke
Studiestart - semester
Haust
Denne studieplanen gjeld frå og med opptak til haust 2024. (Studenter tatt opp før 2024 kan finne sin studieplan i Mitt UiB)
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og LÆREAL:
Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:
- Matematikk R2 eller Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Det er òg eit krav om minimum gjennomsnittskarakter 3 i norsk og minimum 35 skulepoeng.
I tillegg: Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)