Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-LÆRE Lektor naturvitenskap og matematikk (realfag), master, 5 år, haust 2021

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk er ei femårig integrert lærarutdanning (300 studiepoeng). Utdanninga fører fram til graden master i <fag> med integrert praktisk-pedagogisk utdanning.(<fag> enten matematikk, fysikk, kjemi, biologi eller geovitenskap)

Lektorprogrammet utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i to universitetsfag med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.

Studiet utdannar lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet gjev ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på tilrettelegging for læring, analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i skriftleg og munnleg presentasjon. Vidare gjev studiet grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skulefaga og fremje ferdigheiter for praktisk yrkesutøving.

I lektorprogrammet vel studenten to fag; eit masterfag (fag 1) og eit sidefag (fag 2). Dette gir studenten grunnlag for undervisningskompetanse i to fag i vidaregåande skule. Utdanninga vert avslutta med ei masteroppgåve i matematikk, fysikk, kjemi, geovitskap eller biologi avhengig av val av masterfag. Masteroppgåva kan ha ein reint fagleg profil, ein reint fagdidaktisk profil eller ha element av begge typar. (I geofag kan ein berre velgje ei fagdidaktisk masteroppgåve.)

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap i dei valde faga og spesialisert innsikt i eit profesjonsrelevant fagområde
  • har grundig kunnskap om vitskaplege problemstillingar, forskingsteoriar og utforskande metodar i faglege, fagdidaktiske og pedagogiske spørsmål
  • har avansert kunnskap om relevant forskingslitteratur og gjeldande lov- og planverk, og kan bruke denne på nye område som er relevante for profesjonsutøvinga.
  • har kunnskap om utvikling av skulen som organisasjon og faga som skule-, kultur-, og forskingsfag og brei forståing for skulen sitt mandat, verdigrunnlaget i opplæringa og i opplæringsløpet
  • har kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
  • har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og om rettane deira i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har kunnskap om samiske tilhøve

Ferdigheitar

Kandidaten

  • kan orientere seg i faglitteratur, analysere og ha ei kritisk haldning til informasjonskjelder og eksisterande teoriar i fagområda
  • kan bruke faglitteratur og andre relevante informasjonskjelder til å strukturere og formulere faglege resonnement på ulike område
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa og profesjonsrelevant forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan nytte forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter og planlegge og leie undervisning på ulike læringsarenaer som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan på eit sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar og relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å differensiere
  • kan tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
  • kan ha ei kritisk tilnærming til digitale verktøy og nytte dei i undervisning, planleggjing og kommunikasjon og rettleie unge i den digitale kvardagen
  • kan vurdere og dokumentere elevar si læring og kompetanse, gje læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
  • kan arbeide sjølvstendig med relativt omfattande og krevjande faglege oppgåver.
  • kan demonstrere fenomen i naturen og praktisk bruk av matematikk, og leggje til rette for elevar si læring gjennom praktisk observasjon og eksperimentering.
  • kan fremje elevar sin kompetanse til å sjå korleis prinsipp og tenkjemåtar i faget kan nyttast i møte med fagrelaterte utfordringar i samfunnet og ved deltaking i demokratiske prosesser.
  • kan gjennomføre og leggje til rette for faglege dialogar med elevane, individuelt og i grupper, om observasjonar og fenomen i naturen og om fagets omgrep og teoriar gjennom bruk av konkretiseringar og ulike forenklingsnivå.
  • kan fremje miljømedvit, naturglede og respekt for naturens tålegrenser, og tanker om bærekraftig utvikling.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan delta aktivt i utvikling og gjennomføring av innovativt profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid og legge til rette for involvering av lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa
  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga på eit høgt fagleg nivå
  • kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskningsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
  • kan på sjølvstendig grunnlag vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg og organisatorisk utvikling i skulen og blant kollegaer
  • kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

I tillegg må du oppfylle krav om realfag (LÆREA2). Meir informasjon finn du her: https://www.uib.no/matnat/55436/realfagskrav-ved-mn-fakultetet#studieprogram-med-andre-opptakskrav

Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning, kapittel 6).

Tilrådde forkunnskapar

Studentar som vel kjemi som et av sine to fag bør tilsvarande ha Kjemi 2. Full fordjuping i kjemi er og ein fordel med tanke på å ta biologi eller geofag.

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk.

Studenten vel masterfag (fag 1) og sidefag (fag 2) allereie ved studiestart. Kva emne i fag og fagdidaktikk som er obligatoriske avhenger av desse vala.
Alle studentar må gjennomføre et obligatorisk HMS-kurs før første lange praksisperiode.

Det inngår 100 dagar praksisopplæring som fordelar seg omlag slik:

1. semester: 7 dagar

3. semester: 7 dagar

5. semester: 7 dagar

7. semester: 49 dagar

8. semester: 30 dagar

Alle deler av praksisopplæringa er knytt til emne i pedagogikk og fagdidaktikk som inngår i programmet. For nærare informasjon, sjå emneskildring for det einskilde emne.

Studiet avsluttast med ei 30 studiepoengs masteroppgåve. Dette kan vere ei oppgåve med skoleretta eller reint fagleg profil. Det kan også veljast ei fagdidaktisk oppgåve. I så tilfelle tilrådast det at studenten tar 10 studiepoeng emne/spesialpensum knytt til metodar eller forskingsfelt i fagdidaktikk.

 

Fellesemne:

 *gjelder kun studenter tatt opp H20 eller senere.

Masterfag:

Vel eit av faga.

Matematikk:

  • MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212, STAT101/110
  • MATDID210, MATDID220
  • Minimum 40 sp valt med tanke på masteroppgåva. Det er ikkje krav til at alle emna skal ha MAT-kode. Andre emne kan avtalast med rettleiar/institutt. (For studenter tatt opp før 2020 er kravet 50 sp)

Moglege sidefag: Fysikk, kjemi, biologi, naturfag

Fysikk:

Sidefag: Matematikk

Kjemi:

Moglege sidefag: Matematikk, biologi

Biologi:

  • BIO100, BIO101, BIO102, BIO103, BIO104, MOL100
  • BIODID220
  • Minimum 40 sp valt med tanke på master oppgåva. Det er ikkje krav til at alle emna skal ha BIO-kode. Andre emne kan avtalast med rettleiar/institutt.(For studenter tatt opp før 2020 er kravet 50 sp)

Moglege sidefag: Matematikk, kjemi

Geofag:

  • GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV111, GEOF100
  • GEOVDID220
  • Minimum 30 sp valt med tanke på masteroppgåva Det er ikkje krav til at alle emna skal ha GEOV-kode. Andre emne kan avtalast med rettleiar/institutt. (For studenter tatt opp før 2020 er kravet 40 sp)

Mogelege sidefag: Kjemi

Sidefag:

Matematikk:

Fysikk:

Kjemi:

Biologi:

Geofag:

Naturfag:

Til saman 70 studiepoeng i naturfag, der følgjande inngår:

samt NATDID220

Rekkefølgje for emne i studiet

Sjå tilrådde studieløp for dei ulike fagkombinasjonane

Krav til progresjon i studiet

Det stilles progresjonskrav i studiet. Sjå utfyllande reglar for studiet for nærmare informasjon.

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta. 

Undervisningsmetodar

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. I tillegg vil det i enkelte emnar inngå laboratoriearbeid, ekskursjonar og rapportskriving. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftlig og munnleg eksamen, mappevurdering, prosjekt og praksis.

For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna.

Relevans for arbeidsliv

Lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudiar

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Programansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Lærerutdanningsutvalget har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. Programstyret for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.