Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-MOL Molekylærbiologi, master, 2 år, vår 2020

Namn på grad

Master i molekylærbiologi

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Masterprogrammet i molekylærbiologi gir studenten avansert forskingsbasert kunnskap og innsikt innan fagområdet molekylærbiologi. Hos oss vert det forska på viktige biomolekyl som protein, lipid, fosfolipid, DNA, RNA og livsprosessane dei inngår i - inkludert sjukdom. Studenten vel eit forskingsprosjekt innanfor eit av områda det forskast på ved instituttet. Blant spanande forskingsprosjekt finn studenten problemstillingar innan proteinstruktur og funksjonsrelasjonar, signalering og regulering i biologiske system, og berekningsorientert biologi og bioinformatikk. Forskingsprosjektet vert gjennomført i samarbeid med ei av forskingsgruppene ved instituttet. Gjennom arbeidet med masteroppgåva lærer studenten å arbeide sjølvstendig i eit laboratorium. Studenten lærer å vurdere eigne resultat i lys av hypotesane som skal undersøkjast. Studenten lærer kunsten å presentere eigne forskingsresultat, både munnleg og skriftleg. Vidare lærer studenten å lese og kritisk vurdere relevant faglitteratur. I tillegg til det praktiske arbeidet inngår både obligatoriske og valfrie emne i studiet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

kandidaten

  • har avansert kunnskap innanfor molekylærbiologi generelt - inkludert proteinstruktur og funksjon - og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytt til mastergradsprosjektet
  • har avansert kunnskap om det teoretiske grunnlaget for grunnleggjande molekylærbiologiske metodar innan genteknologi og proteinreinsing
  • kan hente inn, analysere og nytte ny kunnskap innanfor molekylærbiologi

Ferdigheiter:

kandidaten

  • kan bruke grunnleggjande og nokon avanserte molekylærbiologiske metodar innan genteknologi, uttrykking, reinsing og analyse av protein, og celledyrking
  • kan planleggje og gjennomføre biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment og vurdere resultata i lys av hypotesane som blir testa
  • kan utføre eit sjølvstending, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ
  • kan handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke dei mest grunnleggjande statistiske prinsippa
  • kan analysere og halde seg kritisk til vitskapelege informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idear innan molekylærbiologi

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan analysere vitskapelege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar og løyse problem på
  • kan gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskapelege tema og forskingsresultat
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor biokjemi og molekylærbiologi, både med spesialistar og til ålmenta
  • kan reflektere over sentrale, etiske og vitskapelege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • kan demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon, pålitelegheit og betyding av å skilje mellom kunnskap og meiningar

Opptakskrav

Masterprogrammet i molekylærbiologi byggjer på ein bachelorgrad med 70 studiepoeng fagleg fordjuping i molekylærbiologiske og biokjemiske emne, 20 studiepoeng kjemi der 10 studiepoeng er organisk kjemi og 10 studiepoeng i matematikk eller statistikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i molekylærbiologi

Berekning av karaktersnitt

Karaktersnitt reknast frå snittet på følgande faglege fordjuping:

  • 20 studiepoeng kjemi, der 10 studiepoeng må være organisk kjemi
  • 10 studiepoeng matematikk utover et innføringsemne i matematikk eller statistikk
  • 40 studiepoeng i molekylærbiologiske og biokjemiske emne som gir ein grundig innføring i følgande tema: Innføring i molekylærbiologi, metabolisme, signalveier, og molekylærbiologisk laboratoriearbeid. Minst 10 studiepoeng må være praktisk molekylærbiologisk laboratoriearbeid.
  • Minimum 20 studiepoeng frå minst to av følgande tema: molekylær cellebiologi, bioinformatikk eller genstruktur og -funksjon.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • UIO Bachelor i biovitenskap
  • UiT Biomedisin
  • UiT-Bioteknologi bachelor
  • UIT- Bioingeniørfag - bachelor
  • HVL- Bioingeniør (studiested Bergen)
  • NTNU- Bachelor i Bioingeniørfag (studiested Ålesund)
  • NTNU- Bachelor i Bioingeniørfag (studiested Trondheim
  • HiØ- Bachelor i Bioingeniørfag (studiested Fredrikstad)
  • OsloMet - Bioingeniør bachelor

Andre bachelorgradar og ingeniørgradar kan kvalifisere dersom du har

  • minimum 20 studiepoeng kjemi, der 10 studiepoeng må være organisk kjemi
  • 10 studiepoeng matematikk utover et innføringsemne i matematikk, det kan gjerne være et statistikk-emne.
  • Minimum 40 studiepoeng i molekylærbiologiske- og biokjemiske-emne som gir en grundig innføring i følgande tema: Innføring i molekylærbiologi, metabolisme, signalveier, og molekylærbiologisk laboratoriearbeid. Minst 10 studiepoeng må være praktisk molekylærbiologisk laboratoriearbeid.
  • Minimum 20 studiepoeng som gir en grundig innføring i to av følgande tema: molekylær cellebiologi, bioinformatikk eller genstruktur og -funksjon.

Du må også ha:

Obligatoriske emne

Masterprogrammet er set saman av eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve MOL399) på 60 sp og emne på til saman 60 sp.

Emna MOL300 Praktisk molekylærbiologi 20 sp (haust) og MOL310 Strukturell molekylæbiologi 10 sp (vår) er obligatoriske i mastergraden. I tillegg kan du bli bedt om å ta enten MOL203 Genstruktur og funksjon eller MOL204 Anvendt bioinformatikk, avhengig av utdanningsbakgrunnen din. Minst eitt emne i bioinformatikk (MOL217), utviklingsgenetikk (MOL213), tumorbiologi (MOL215), lipidbiokjemi (MOL210) eller avanserte metoder i biokjemi (MOL320) er tilrådd blant dei valfrie emna. Andre emne i t.d. molekylærbiologi, kjemi eller biologi kan inngå som valemne, avhenging av din bakgrunn og i samråd med rettleiar. MOL301 Biomolekyl må inngå i det første semesteret for studentar i bioinformatikk som ikkje har fagleg bakgrunn i molekylærbiologi.

Masteroppgåva: MOL399 Masteroppgåve i molekylærbiologi er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Anbefalt studieplan med oppstart høst. Du tar 30 studiepoeng i semesteret

1. semester: MOL300 - eit valemne - eit valemne

2. semester: MOL310 - eit valemne - eit valemne

3. semester: MOL399 masteroppgåve i molekylærbiololgi

4. semester: MOL399 masteroppgåve i molekylærbiololgi

Tilrådde valemne

Du velger 30 studiepoeng i mastergraden i samråd med rettleiar.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og kollokvier.

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i form av lab-rapportar, deleksamen, semesteroppgåver, skriftleg- og munnleg eksamen.

Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

 Studiet avsluttas med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Karakterskala

Ved UiB er det to ulike typar karakterskalaer:

"bestått/ikkje bestått" og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F

Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Relevans for arbeidsliv

Med utdanning innan molekylærbiologi kan du arbeide innan forsking og undervising på universitet og statlege høgskular, universitetssjukehus og andre større sjukehus. Molekylærbiologar jobbar òg innan til dømes matforsking, petroleumindustri, marin forsking, rettsgenetikk. Miljøforsking, medisinsk, farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking er òg aktuelle arbeidsfelt.

Ein mastergrad i molekylærbiologi vil kunne kvalifisere deg til eit ph.d.-studium i molekylærbiologi, som vil opne for arbeid som naturvitskapleg forskar.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:

Studie@bio.uib.no

Tlf. 55 58 45 29