Reservoar og geoenergi, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar13
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Jorda vår står overfor potensielt katastrofale klimaendringar. Vi må redusere CO2-utslepp og samstundes finne løysingar på det aukande energibehovet i verda. Om vi skal nå desse måla, må vi utvikle meir effektive bruksmåtar for energikjeldene våre. Metodar som auka oljeutvinning (EOR) sikrar at vi får ut meir olje frå eksisterande installasjonar, samstundes som dei tener som lager for CO2. I masterprogrammet i reservoar og geoenergi studerer vi problemstillingar som:
- Kva er dei mest miljøvenlege metodane for auka oljeutvinning (EOR)?
- Korleis kan vi handtere olje- og gassreservane som er att meir effektivt?
- Korleis kan CO2 nyttast ved auka oljeutvinning og samstundes lagrast trygt i oljereservoar?
Kva kan du bli?
Våre kandidatar arbeider hovudsakleg som industriteknikarar.
Men kandidatane arbeider også i:
- Statlege stillingar (Oljedirektoratet)
- Utdanning
- Bygging/konstruksjon
Dersom du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak i doktorgradsprogrammet.
7 av 10 tidlegare studentar som gjekk ut frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet med mastergrad melder at dei har relevant jobb to år etter at dei tok avsluttande eksamen.
Meir informasjon under
Oppbygging
Programmet omfattar to studieår (fire semester) og startar om hausten.
1. året
Du følger kurs på 60 SP, nokre obligatoriske og nokre som du vel sjølv. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel.
2. året
Du skriv masteroppgåva, som òg utgjer 60 SP. Med utgangspunkt i interesseområda dine finn du og fagleg rettleiar eit passande team for masteroppgåva.
Studiekvardag
Som masterstudent skal du møte på 2–3 førelesingar per veke, i tillegg til:
- laboratorieøvingar
- seminargrupper
- ekskursjonar
- førelesingar
Vi forventar at du både arbeider sjølvstendig og kan samarbeide i gruppe.
Vi skaper eit miljø der studentane er ein naturleg del av forskingsgruppa, og arbeidsmiljøet er uformelt. Mange forskjellige nasjonalitetar arbeider saman. Vi har eit nært forhold til oljeindustrien, med regelmessige møte. I masteroppgåva kan du fokusere på eit emne som er relevant for industrien i dag og bruke industriutstyr og -laboratorium. Der er også møtepunkt mellom det akademiske miljøet på universitetet og oljeindustrien.
Vi forventar at du kan arbeide sjølvstendig og nytte formålstenlege metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar i forskinga på relevant materiale.
Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di. I samråd med rettleiaren vel du eit tema og set opp ein framdriftsplan som inneheld viktige milepælar i prosjektet ditt.
Kva lærer du?
Med ei mastergrad i reservoar og geoenergi får du
- inngåande kunnskap i forskjellige fag innan reservoar og geoenergi
- kunnskap om berekraftig olje- og gassutvinning
- kunnskap om CO2-handtering og -lagring
Sjå fullstendig liste over læringsutbyte under kvar spesialisering: Reservoarfysikk, Reservoargeologi, Reservoarmekanikk
Utveksling
Du kan ta andre semester som utvekslingsstudent på eit av partneruniversiteta våre i Australia.
Opptakskrav
Spesifikke opptakskrav for studieretningane
Mastergradsstudiet i reservoar og geoenergi har tre studieretningar med spesifikke opptakskrav. Les meir:
Korleis søke
Meir informasjon om generelle opptakskrav og søknadsprosedyrar finn du i følgande lenker:
- Vi kan ikkje ta imot søknader frå statsborgarar utanfrå EU/EØS/EFTA akkurat no.
- Statsborgarar innanfrå EU/EØS/EFTA (søknadsfrist 1. mars)
- Nordiske statsborgarar og søkjarar som bur i Noreg (søknadsfrist 20. april)
Du må også oppfylle dei spesifikke opptakskrava for studieprogrammet. Bachelorgraden må omfatte emne i matematikk, fysikk og kjemi og dessutan geologi og reservoarteknologi.
Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten. Våropptaket gjeld ikkje for søkjarar utanfrå EU/EØS/EFTA.