Hjem
Utdanning
Specialisation

Reservoarfysikk

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Studiet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi. Dette gir eit solid fagleg fundament for å arbeide med problem vi møter i samband med utvinning av olje og gass. Studiet er særleg retta mot reservoarbeskriving og modellering inklusiv studiar av fleirfasestrøyming i porøse medium. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er velegna for arbeid i oljeindustrien.

Fagleg profil

For å auke oljeutvinninga i åra framover er det viktig å forstå dei fysiske forholda i reservoarbergartane betre. På denne studieretninga kan du arbeide med reservoarbeskriving og studere fleirfasestraumar i porøse medium, både gjennom teoretiske og eksperimentelle studium. Metodar som blir brukte er kjerneanalyse og petrofysikk, inkludert traceravbildingsteknikkar og NMR-teknologi. Det blir også sett på korleis den auka bruken av sanntidsdata har gitt nye moglegheiter for å styre utvinninga av reservoaret, kalla sanntidsreservoarstyring. I tillegg er studie av naturgasshydrat eit tema.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i petroleumsteknologi, reservoarfysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med mastergrad i reservoarfysikk skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing av petroleumsteknologisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:

  • å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
  • å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
  • å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
  • vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
  • gjennomføre arbeidet
  • tolke resultata i høve til problemstillinga
  • presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling

Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Masterprogrammet i reservoarfysikk byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innholdet i graden.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi
  • Bachelorgrad i fysikk eller matematikk (emnene PTEK211, PTEK212 og GEOV260 må være inkludert)
  • Bachelorgrad fra MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene treng ikkje vere del av graden)

Beregning av karaktersnitt

Kun emner som inngår i spesialisering i bachelor i petroleum- og prosessteknologi blir brukt til beregning av karaktersnitt. Dersom du har ekstern bachelorgrad blir karaktersnitt beregnet frå relevante emner.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor emner tilsvarende PTEK211, PTEK212 og GEOV260 er inkludert.
  • Norske bachelorgrader i energi kor emner tilsvarende PTEK211, PTEK212 og GEOV260 er inkludert.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i petroleumsteknologi eller andre relevante fagfelt.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen