Hjem

Fysikk, master, 2 år

To study physics is to understand the world around us and the structure of nature. The knowledge obtained as a physics student is very important to solve major challenges we have in society today, such as climate change and modern cancer treatment. A physicist is sought after both in the job market and in modern science.
  • Lengde2 År
  • Plassar26
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat)!

Oppstartsmøte: Studiestarten vår 2022 vert digital. Som ny masterstudent vert du kontakta i byrjinga av januar og får tilsendt ei lenke til det digitale oppstartsmøtet. Oppmøte på det digitale startmøte er obligatorisk.

På møtet vert det gjeve viktig informasjon mellom anna om undervisningsopptak/emnepåmelding som har frist den 12. januar. Dersom tvingande grunnar hindrar deltaking, send ein epost til studie.fysikk@uib.no

Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia. Du treng ikkje gjere alt før studiestarten.

Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging, tar du kontakt med oss allereie no. På den måten kan vi finne gode løysingar for deg, dersom du får tilbod om studieplass.

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 30 30 eller studie.matnat@uib.no  

Som masterstudent i fysikk har du fleire retningar og velje mellom. Nokon retningar er tett knytte mot grunnforsking og eit ønske om å forstå korleis alt i verda heng saman, medan andre er meir praktiske, der fysikken vert brukt til elektronikk, medisin, nanoteknologi og så vidare.

Du vil som masterstudent kome inn i eit svært aktivt og levande forskingsmiljø med stort internasjonalt nettverk. Eksempel på store forskingsspørsmål er:

  • Forstå vekselverknader mellom verdsrommet og jorda vår
  • Kva er mørk materie?
  • Korleis lage detektorar og måleutstyr som kan gi oss den informasjonen som er naudsynt for å utføre forskinga.

Studieretningar

Meir informasjon under

Fysikk på 1 minutt

Jobb

Som ferdig utdanna fysikar har du ekspertise innan fysikk og teknologi kombinert med brei kompetanse innan naturvitskap. Dette sikrar at du er godt utrusta til å gå inn i roller innan forsking, utdanning, næringsliv, administrasjon og samfunnsarbeid.

Med mastergrad i fysikk kan du ta mange forskjellige yrkesvegar, både i privat og offentleg sektor. Du kan jobbe både sentralt og regionalt, mellom anna i teknologibedrifter, på sjukehus, i konsulentfirma,  og i statlege departement og direktorat. Du kan også spesialisere deg innan forskjellige greiner i fysikken og få arbeid hos nasjonale og internasjonale forskingssenter som CERN og ESA.  

Kandidatane frå oss har mellom anna fått jobb som:

  • Medisinsk fysikar i Helse Vest
  • Senior Development Engineer i Data Respons
  • Fysikar i 3-PHASE Measurements
  • Applikasjonsutviklar i Apple i Silicon Valley

Om du i tillegg tek eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), er du kvalifisert til å undervise som lærar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Om du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak til eit ph.d.-program ved UiB eller ved eit anna universitet, nasjonalt eller internasjonalt.

Oppbygging

Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar normalt om hausten.   

Det første studieåret følger du normalt emne på til saman 50 til 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel.

Det andre året jobbar du hovudsakleg med masteroppgåva. Når eit heilt år er avsett til å arbeide med masteroppgåva, har du anledning til å gå i djupna i det sjølvstendige forskingsarbeidet ditt.

Du vel mastertema frå tilgjengelege masterprosjekt i fysikk, eller du kan finne fram til eit tema som passar deg i samråd med rettleiaren din.

Studiekvardag

Livet til ein masterstudent i fysikk er hektisk og givande. 

Arbeidsveka di er fylt opp av aktivitetar som:

  • Laboratoriearbeid
  • Feltarbeid, til dømes på CERN, Sognefjorden og Svalbard  
  • ...og sjølvsagt førelesingar og anna undervising.

Du får undervising av forskarar som er dei beste innan sine fagfelt. Vi er eit institutt som er ein viktig partnar i internasjonale forskingsmiljø, og har tett samarbeid med universitet og forskingsinstitusjonar i Noreg og i utlandet.  Dette gjer også at du kjem i kontakt med og får hjelp frå dei beste nasjonale og internasjonale forskarar i din kvardag som Masterstudent.

Vi skaper eit miljø der du som student er ein naturleg del av forskingsgruppa, og arbeidsmiljøet er inkluderande og uformelt.

Alt etter kva for forskingsgruppe du er knytt til i ditt masterarbeid, er det mogeleg med praktisk feltarbeid på flotte norske stadar som Marifjøra i Luster eller på Andøya Space. For andre retningar er det og stor sjanse for et opphald på til dømes Svalbard eller på CERN i Sveits. Uansett retning, vil du få brei erfaring i programmering og handsaming av store datamengder.

Hos oss set vi utdanningskvaliteten høgt. Vi har eit levande didaktikkmiljø som aktivt forskar på korleis læringa til studentane skal være så god som mogeleg. Vi har eit eige underviserforum, og eit tverrfagleg arbeidsgruppe som fokuserer på kvalitet i undervisninga. Som masterstudent kan du mellom anna få verdfull arbeidserfaring som studentassistent eller mentor for yngre studentar.

FFT, eller Fagutvalet for Fysikk og Teknologi og linjeforeininga Doppler er studentorganisasjonane for alle fysikkstudentane. Dei organiserer sosiale og faglege aktivitetar og er eit bindeledd mellom alle studentane hjå instituttet vårt. Du kan ta kontakt med FFT på Facebook-sida til FFT.

Når du byrjar å jobbe med masteroppgåva di, får eigen arbeids-/leseplass ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT), som du finn sentralt plassert på Nygårdshøyden sør, midt i Bergen sentrum.

Kva lærer du?

Studieprogrammet passar for deg som kan reflektere, og som har ei granskande og nysgjerrig tilnærming til verda rundt deg. Du får opplæring i å tenke kreativt og utanfor standard forklaringsmodellar og faggrenser. Du lærer også grunnleggande forskingsmetodar innan feltbasert, eksperimentell og teoriorientert forsking knytt til dei ulike retningane innan fysikken.

Med mastergrad i fysikk kan du:

  • bidra til kunnskap om tema innan fysikk og teknologi som er viktige for forskingsfeltet og samfunnet. 
  • hente fram, analysere og ta i bruk ny kunnskap. 
  • analysere, tolke og drøfte eigne data på ein akademisk og kritisk måte, i lys av informasjon og teoriar som finst i fagfeltet. 
  • arbeide i samsvar med vitskaplege prinsipp, vise og respektere openheit, vere påliteleg og nøyaktig, og skilje mellom kunnskap og meiningar.

Sjå fullstendig liste over obligatoriske læringsutbytte under kvar spesialisering.

Utveksling

Det finst fleire alternativ for studentar som vil reise på eit utvekslingsopphald i utlandet. Du kan utføre feltarbeid og ta emnar ved Universitetssenteret på Svalbard, søke om å vere sommarstudent eller teknisk student på CERN eller ta del i ein annan utvekslingsaktivitet.

Opptakskrav

Masterprogrammet i fysikk byggjer på ein bachelorgrad i fysikk eller fagområde i tilsvarande fagkrins. Dei forskjellige studieretningane har litt ulike krav til samansetning av emnar, så opptakskrava er gjeven under kva spesialisering.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

For spesialisering i Mikroelektronikk må ein i tillegg ha elektrofaglege basisemne tilsvarande ELE141 og/eller ELE142 (HVL).

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.

For to spesialiseringar er i tillegg søkjarar med følgande bakgrunn kvalifisert:

  • Mikroelektronikk: Bachelorgrad i elektronikkingeniør, inkludert fordjupingsemne i fysikk/matematikk 3 (Vidaregåande matematikk og fysikk for data og elektro)
  • Måleteknologi og nanofysikk: Ingeniørutdanningar i elektronikk /automasjon/datateknikk, inkludert fordjupingsemne i fysikk/matematikk 3 (Videregående matematikk og fysikk for data og elektro)

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av, ekskludert 10 studiepoeng i matematikk.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
  • Språkkrav for tospråklege program.

OBS! Ta kontakt med studieseksjonen på studie.fysikk@uib.no dersom du har spørsmål knytt til opptaket.

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her 

Hovudopptak er på hausten og suppleringsopptak på våren, dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.

Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren.