Hjem

Utdanning

Studieretning

Akustikk

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Akustikk, lydlære, omfattar vibrasjonar og utbreiing av desse i form av bølgjer som forplantar seg i alle typar materialar (gassar, væsker og faste stoff), både ved høyrbare og ikkje-høyrbare frekvensar. Dette spenner frå nanofysikk til kosmisk fysikk. Akustikk handlar om å forstå dei fysiske prosessane som finn stad i vekselverknad mellom lydbølgjer og materie, og utnytte desse prosessane t.d. i måleinstrument og -metodar. Moderne akustikk er ein vitskap i rask utvikling og vekst, og med svært mange viktige samfunnsmessige og industrielle bruksområde, som eksempelvis innanfor petroleum, medisin, fiskeri, geovitskap, materialteknologi og elektronikk.

Masterprogrammet i akustikk gjev ei grundig innføring i læra om lyd, med spesiell vekt på ultralyd. I studiet vil studenten få opplæring i å gjennomføre ei sjølvstendig vitskapeleg oppgåve som er knytt til pågåande forskingsprosjekt i akustikkgruppa. Mastergradsoppgåva består av teoretisk og/eller eksperimentelt arbeid, ofte kombinert med numerisk modellering. Det blir gitt ei grundig opplæring i metodar brukt i grunnforsking og anvendelsar av ultralyd innan m.a. teknologi, medisin og havforsking. Det vert lagt stor vekt på bevisst vurdering av eigne og andre sine forskingsresultat, ved sida av skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Fagleg profil

I masterprogrammet kan du spesialisere deg innanfor emne motivert ut frå problemstillingar og forskningsbehov innan undervannsakustikk, petroleum, medisin, eller andre område. Studiet legg vekt på den gjensidige nytteeffekt i kombinasjonen av eksperimentelt arbeid, teoretisk/matematisk modellering, numerisk modellering/simulering, og dataanalyse. Avansert matematisk / numerisk modellering (eksempelvis bruk av endeleg-element-modellering) inngår i fleire av masteroppgåvene, kombinert med akustiske målemetodar og instrumentering. I mange tilfelle blir masteroppgåver gjennomført i samarbeid med eksterne forskningsinstitusjonar som Christian Michelsen Research (CMR), Havforskningsinstituttet, Nansensenteret og Helse Vest, eller andre UiB-institutt (Inst. for indremedisin). Eksperimentelt arbeid blir gjennomført i eigne forskningslaboratorium, eller eksternt / i felt i samarbeid med slike institusjonar.

Eit viktig karakteristikum ved faget er den relativt korte veg frå grunnforskning til anvendelse. Norge og Bergen har ein betydeleg del industri og forskningsinstitutt innanfor akustiske metodar og teknologi, som opererer internasjonalt i konkurranse med globale aktørar. Dette stiller krav til fagkompetanse. Kandidatar utdanna med mastergrad i fysikk, studieretning akustikk, har tradisjonelt vore etterspurt i industri, næringsliv, forskningsistitusjonar og forvaltning.

Graden

Dette mastergradsprogrammet fører fram til graden master i fysikk, studieretning akustikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i akustikk skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar innan akustikk
  • forklare grunnlaget for bruk av akustikk på utvalde område innen m.a. medisin, måleinstrumentering og havforsking
  • forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar innan akustikk
  • vise at ein har avanserte kunnskapar innan akustikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytt til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  •  utføre eit sjølvstendig og avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit, og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i akustikk, og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og innhente, analysere, og bruke, nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idear innan akustikk
  • analysere, tolke, og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, i lys av data og teoriar innan det aktuelle fagområdet

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt, og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan akustikk, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).

Opptakskrav

Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tekne opp dersom studenten sin fysikk- og matematikkbakgrunn blir vurdert som tilstrekkeleg for mastergradsprogrammet.

Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet, eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre.

Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter faglig bakgrunn og karakterane i opptaksgrunnlaget.

Mer informasjon