Hjem
Utdanning

Utdanning

Studieplan for MAMN-FYHYD Akustikk, haust 2019

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - akustikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).

Mål og innhald

Akustikk, lydlære, omfattar vibrasjonar og utbreiing av desse i form av bølgjer som forplantar seg i alle typar materialar (gassar, væsker og faste stoff), både ved høyrbare og ikkje-høyrbare frekvensar. Dette spenner frå nanofysikk til kosmisk fysikk. Akustikk handlar om å forstå dei fysiske prosessane som finn stad i vekselverknad mellom lydbølgjer og materie, og utnytte desse prosessane t.d. i måleinstrument og -metodar. Moderne akustikk er ein vitskap i rask utvikling og vekst, og med svært mange viktige samfunnsmessige og industrielle bruksområde, som eksempelvis innanfor petroleum, medisin, fiskeri, geovitskap, materialteknologi og elektronikk.

Masterprogrammet i akustikk gjev ei grundig innføring i læra om lyd, med spesiell vekt på ultralyd. I studiet vil studenten få opplæring i å gjennomføre ei sjølvstendig vitskapeleg oppgåve som er knytt til pågåande forskingsprosjekt i akustikkgruppa. Mastergradsoppgåva består av teoretisk og/eller eksperimentelt arbeid, ofte kombinert med numerisk modellering. Det blir gitt ei grundig opplæring i metodar brukt i grunnforsking og anvendelsar av ultralyd innan m.a. teknologi, medisin og havforsking. Det vert lagt stor vekt på bevisst vurdering av eigne og andre sine forskingsresultat, ved sida av skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i akustikk skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar innan akustikk
  • forklare grunnlaget for bruk av akustikk på utvalde område innen m.a. medisin, måleinstrumentering og havforsking
  • forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar innan akustikk
  • vise at ein har avanserte kunnskapar innan akustikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytt til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  •  utføre eit sjølvstendig og avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit, og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i akustikk, og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og innhente, analysere, og bruke, nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idear innan akustikk
  • analysere, tolke, og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, i lys av data og teoriar innan det aktuelle fagområdet

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt, og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan akustikk, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tekne opp dersom studenten sin fysikk- og matematikkbakgrunn blir vurdert som tilstrekkeleg for mastergradsprogrammet.

Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet, eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre.

Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter faglig bakgrunn og karakterane i opptaksgrunnlaget.

Obligatoriske emne

Masterprogrammet i akustikk omfattar:

- eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng.

- emne og eventuelt spesialpensum på til saman 60 studiepoeng, valt i samråd med rettleiaren.

PHYS271 og PHYS272 bør inngå i bachelor- eller mastergraden.

Tilrådd studieplan:

10. V Oppgåve - Oppgåve - Oppgåve

9. H Pensum - Oppgåve - Oppgåve

8. V Pensum - Pensum - Oppgåve

7. H PHYS272 - Pensum - Pensum

6. V PHYS271 - Val - Val

5. H PHYS117 - PHYS115/116 - Val

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve som svarer til 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepælar i arbeidet med oppgåva.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 20.november.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for PhD-studier innan fagområdet akustikk. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til PhD-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa under bachelorgraden, emna under mastergraden, samt masteroppgåva, være C eller betre. PhD-utdanning blir vanlegvis finansiert ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Relevans for arbeidsliv

Oversikt over ulike, moglege yrkesvegar:

Akustikk (herunder ultralyd) er eit område i sterk vekst, nasjonalt og internasjonalt. Akustiske metodar blir utvikla og tekne i bruk på stadig fleire område innan industri og samfunnsliv, mykje på grunn av sine attraktive eigenskapar.

Mastergradsstudiet i akustikk gir kompetanse for arbeid innan ei rekke ulike område. Dette inkluderer forsking og/eller undervisning (ved universitet, høgskular, eller forskningsinstitutt), ulike område innan industri/næringsliv, og offentlege institusjonar. Akustikarar er attraktive for private høgteknologi-bedrifter, innan ulike område som eksempelvis petroleum, medisin, marin/subsea, seismikk, miljø, måleteknikk, materialteknologi, informasjonsteknologi, støy- og bygningsakustikk, lyd/audio, "engineering"; eller innan det offentlege, som fysikk/teknologistillingar i sjukehussektoren eller forsvaret. Du vil kunne ta arbeid innan offentleg forvaltning, undervisning og administrasjon i skuleverket, og innan naturvitskapleg forsking. Mastergradsstudiet gjev godt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan akustikk eller nærliggande felt, som vil opne for arbeid som naturvitskapleg forskar. Bakgrunn som fysikar/akustikar kan gje arbeid i utlandet.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie.fysikk@uib.no eller tlf. 55 58 27 66