Hjem
Utdanning
Studieretning

Medisinsk fysikk og teknologi

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Dei siste tiåra har det vore ein formidabel utvikling i teknologien som nyttast i medisinsk diagnostikk og teknologi. Denne utviklinga har direkte konsekvensar for oppfølginga av pasientar, og behovet for tverrfagleg kompetanse i klinikk og forsking har auka betydeleg.

Mastergradsstudiet har som mål å gje studenten ein grundig innføring i dei fysiske prinsippa som dannar grunnlaget for moderne medisinsk diagnostikk og avansert terapi. Masteroppgåva består av eit teoretisk eller eksperimentelt arbeid og er ofte kombinert med modellering. Tema for oppgåvene ligg typisk innanfor moderne diagnostikk (MRI, PET, UL, CT) eller terapi (strålebehandling av kreft) og kan være retta mot til dømes utvikling av ny instrumentering, simulering av fysiske prosessar, etablere og optimalisere nye biletopptak, modellering og analyse av ulike pasient-/fantomdata, og tungrekneprosjekt (high performance computing).

I studiet vil studenten få opplæring i å gjennomføre ein sjølvstendig vitskapelig oppgåve som er knytt til pågåande forskingsprosjekt. Det gis ei grundig opplæring i metodar som nyttas i grunnforsking og som også kan nyttast innan anna forsking og teknologi. Det vert lagt stor vekt på bevisst vurdering av egne og andre sine forskingsresultat samt den skriftlege og munnlege framstillinga av egne resultat og anna fagstoff.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i medisinsk fysikk skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar innan medisinsk fysikk
  • forklare grunnlaget for moderne medisinsk diagnostikk og avansert stråleterapi
  • forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar i medisinsk fysikk
  • vise at ein har avanserte kunnskapar innan medisinsk fysikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i medisinsk fysikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idear innan medisinsk fysikk
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan medisinsk fysikk, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår

Opptakskrav

Bachelorgrad i fysikk eller tilsvarande utdanning.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen