Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-FYMIK Mikroelektronikk, vår 2022

Namn på grad

Masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - mikroelektronikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Mikroelektronikk er ein viktig føresetnad for teknologiutviklinga i samfunnet vårt der produkt som mobiltelefon, nettbrett og stadig kraftigare PC-ar er blitt ein del av dagleglivet. Fagfeltet er og av avgjerande verdi for forsking og utvikling innan eksperimentell fysikk og teknologi.

Masterprogrammet i mikroelektronikk fokuserer på design, simulering, layout, programmering, produksjon og testing av analoge og digitale, integrerte krinsar. Integrasjon med detektorar og sensorar er også eit sentralt felt.

Masterprogrammet i mikroelektronikk gjer eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur.

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i mikroelektronikk skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar innan analog og digital integrert kretsteknologi
  • forklare aktuelle eksperimentelle metodar og teknikkar innan mikroelektronikk
  • vise at ein har avanserte kunnskapar innan mikroelektronikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • nytte systematiske designmetodar og avanserte designverktøy for modellering, simulering, produksjon, testing og dokumentasjon av mikroelektronikk (emnet for oppgåva vil vere avgjerande for kva metodar som nyttast)
  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i mikroelektronikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan mikroelektronikk
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan mikroelektronikk, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Masterprogrammet i fysikk, retning mikroelektronikk byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i fysikk, samt elektrofaglig basis tilsvarende ELE141 og/eller ELE142 (HVL)
  • Bachelor i matematikk, viss PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114 og PHYS118 er med i graden. Ett av emnene kan inngå i mastergraden. Samt elektrofaglig basis tilsvarende ELE141 og/eller ELE142 (HVL)
  • Bachelor i Klima, atmosfære- og havfysikk, viss PHYS112 OG PHYS118 eller PHYS119 er med i graden. Samt elektrofaglig basis tilsvarende ELE141 og/eller ELE142
  • Bachelor i nanofysikk, når emnene MAT112, PHYS114, MAT121 og MAT131 er valgt. Samt elektrofaglig basis tilsvarende ELE141 og/eller ELE142 (HVL)

Utrekning av karaktersnitt

For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i fysikk
  • Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra,differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.
  • Bachelorgrad i elektronikkingeniør, inkludert fordypningsemne i fysikk/matematikk 3 (Videregående matematikk og fysikk for data og elektro)

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Emna ELE100 Elektrofag 1 og ELE101 Elektrofag 2 eller tilsvarende må inngå i bachelorgraden. Desse emna undervisast ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Bergen.

Generell kompetanse i fysikk og matematikk er naudsynt. Grunnleggande ferdigheter i programmering er også sterkt anbefalt.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Ein emnedel på 60 studiepoeng og mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng.

Emne: Følgjande emne er obligatoriske i mastergraden:

  • PHYS222 Analog integrert kretsteknologi
  • PHYS223 Digital integrert kretsteknologi
  • PHYS321 Datamaskinassistert konstruksjon og produksjon av elektronikk

I tillegg kjem 30 studiepoeng valfrie emne og eventuelt spesialpensum som vert valt i samråd med rettleiar.

Omfang masteroppgåva

Du skal i samråd med rettleiaren velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 20.november.

Undervisningsmetodar

Masterprogram i fysikk skal gi innsikt i diverse forskingsmetodar i fysikk.Emnet for oppgåva vil vere avgjerande for metodane du brukar.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Mastergrad i mikroelektronikk gjev mogelegheiter for forsknings- og utviklingsarbeid innan industri, næringsliv og forskningsinstitutt.

Det er også moglegheiter for arbeid innan offentleg forvaltning og i skuleverket (fast tilsetjing føreset pedagogisk basisutdanning).

Ein mastergrad i mikroelektronikk kvalifiserer til eit ph.d.-studium i mikroelektronikk eller nærliggjande fagfelt, som vil opne for undervisnings- og forskningsarbeid ved universitet, statlege høgskular og forskningsinstitutt.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt For Fysikk og Teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie.fysikk@uib.no

Tlf 55 58 27 66