Hjem
Utdanning
Studieretning

Romfysikk

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Romfysikk handlar om å forstå dei fysiske prosessane som finn stad i det nære verdsrommet mellom sola og jorda. Energi i form av elektromagnetisk stråling og ladde partiklar strøymer kontinuerleg ut frå sola. Denne energistraumen påverkar både miljø og teknologiske system på og rundt kloden vår. Nordlyset skuldast vekselverknaden mellom det jordmagnetiske feltet, atmosfæren og ladde partiklar frå sola. Lyn er eit anna døme på ladde partiklar som skaper energirike fenomen. I begge samanhengar nyttar ein målingar av fysiske parametre frå instrument på bakken, om bord på satellittar eller på rakettar.

Masterprogrammet i romfysikk skal gje eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva analyseres målingar og resultata vurderes i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i romfysikk skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar om fysiske prosessar på sola, i solvinden, i magnetosfæren og i ionosfæren
  • forklare korleis nordlys oppstår og korleis romver kan forstyrre teknologiske system
  • forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar i romfysikk
  • vise at ein har avanserte kunnskapar innan romfysikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i romfysikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan romfysikk
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan romfysikk, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Masterprogrammet i fysikk, retning romfysikk, byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Utrekning av karaktersnitt

For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i fysikk
  • Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra, differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen