Teoretisk atom-, kjerne- og partikkelfysikk
- Lengde2 År
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Moderne teoretisk fysikk har som mål å forstå naturen på sitt største og minste skala. Dette masterprogrammet gjer ei brei introduksjon til grunnleggjande teoretisk fysikk og byggjer bru mellom det du har lært på bachelornivå og forskingsfronten. Som student vil du ha mogelegheita til å studere atomære system som vekselverker med ljus, fordjupe deg i den komplekse oppførselen til kvarkar og gluonar under ekstreme forhold i kjernefysiske kollisjoner eller undersøke strukturen til Standardmodellen for partikkelfysikk, både utenfor og innenfor modellen.
Emna i masterstudiet inkluderer avanserte metodar i kvantemekanikk og kvantefeltteori, samt generell relativitet. I tillegg vil du få erfaring med moderne numeriske metodar for å kunne løyse banebrytande problem. Som masterstudent vil du bli en del av eit levende forskingsmiljø som er engasjert i forskjellige internasjonale prosjekter.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har ei forståing for grunnleggjande lover og prinsipp i teoretisk fysikk, samt deira tolking
- har kjennskap til dei elementære byggjesteinane i naturen
- er kjent med både numeriske og analytiske metodar for å løyse relevante problem i feltet
- har inngåande innsikt i laser-materie vekselverknadar, kjerneprosessar under ekstreme vilkår, partikkelfysikk innanfor Standardmodellen og ideer om dens utvidingar med ukjende partiklar (omfanget avheng av spesialiseringen i masteroppgåva)
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- anvende fysiske prinsipp og lover samt matematiske metodar på problem i feltet
- analysere problemstillingar i atom-, kjerne- or partikkelfysikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og modellering
- utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
- orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
- analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idear
- analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kan delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
- modelera fysiske systemer ved hjelp av abstrakte storleikar
- gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
- kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan teoretisk fysikk, både med spesialistar og til allmennheita
- reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
- demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit
Utveksling
Delstudium i utlandet
Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».
Korleis søke
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)
Opptakskrav
Masterprogrammet i fysikk, retning teoretisk atom-, kjerne- og partikkelfysikk byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande. Det anbefales ikke å søke uten bestått eksamen i PHYS201 Kvantemekanikk eller KJEM221 Grunnleggjande kvantemekanikk eller tilsvarande kurs.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelor i matematikk, viss PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114 og PHYS118 er med i graden. Ett av emnene kan inngå i mastergraden.
- Bachelor i Klima, atmosfære- og havfysikk, viss PHYS112 OG PHYS118 eller PHYS119 er med i graden.
- Bachelor i nanofysikk, når emnene MAT112, PHYS114, MAT121 og MAT131 er valgt.
Utrekning av karaktersnitt
For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:
- INF100, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114.
For studenter tatt opp fra og med høsten 2019 vil PHYS109 bli inkludert - De to beste karakterene av emnene PHYS116, PHYS118 eller PHYS119
- De tre beste karakterene av MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra, differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program