Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-PROFL Fleirfasesystem, vår 2024

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i Energi- og prosessteknologi - fleirfasesystem. Studiet er toårig (120 sp).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Masterprogrammet i fleirfaseteknologi fokuserer på transportfenomen i fleirfasesystem, det vil seie strøyming og varme- og massetransport i dei. Målet er å gi deg innsikt i dei mikroprosessane som skjer i prosessapparatur som involverer fleire fasar, og at du skal kunne bruke denne innsikta i formulering av makromodellar. Kandidatar med ein mastergrad i Energi- og prosessteknologi, med spesialisering i fleirfasesystem, vil vere eigna til å analysere dei komplekse problema som dominerer prosessindustrien i dag. Ettersom avansert programvare overtek dei meir tradisjonelle og rutineprega prosessteknologiske oppgåvene, fokuserer den industrielle prosessteknologien i stigande grad på komplekse oppgåver som er retta mot system som inneheld meir enn ein fase, og som ofte krev innsikt i ulike disiplinar.

Studiet er fokusert på å byggje forståingsbaserte makromodellar for fleirfasesystem ved å undersøke delprosessar på mikronivå. Oppgåver har normalt ein sterk tverrfagleg karakter og blir utførte i samarbeid med matematikk, fysikk eller kjemi. Ofte er det eit samarbeid mellom teoretikarar på den eine sida og prosessindustrien på den andre. Eit breitt spekter av eksperimentelle, numeriske og teoretiske verktøy blir tekne i bruk.

Masterprogrammet i fleirfasesystem skal gje eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva blir målingar analysert og resultata vurdera i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i fleirfasesystem skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • forstå transportfenomena i fleirfasesystem med tanke på strøyming og varme- og massetransport
  • kjenne til dei mikroprosessane som skjer i prosessapparatur som involverer fleire fasar, og bruke dette til å formulera makromodellar
  • analysera komplekse problem som fins i prosessindustrien i dag
  • vise at ein har gode kunnskapar innan fleirfasesystem generelt, og avansert kunnskap i eit avgrensa området knytt til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i fleirfasesystem og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan fleirfasesystem
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan fleirfasesystem, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Masterprogrammet i separasjon byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innholdet i graden.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi
  • Bachelorgrad i kjemi, fysikk eller matematikk (emnet PTEK202 må være inkludert)
  • Bachelorgrad fra MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene trenger ikke være del av graden)

Beregning av karaktersnitt

Kun emner som inngår i spesialisering i bachelor i petroleum- og prosessteknologi blir brukt til beregning av karaktersnitt. Dersom du har ekstern bachelorgrad blir karaktersnitt beregnet frå relevante emner.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor et emne tilsvarende PTEK202 er inkludert.
  • Norske bachelorgrader i energi, fysikk, matematikk, undervannsteknologi, prosess eller maskin kor et emne tilsvarende PTEK202 er inkludert.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i prosessteknologi eller andre relevante fagfelt.

Du må også ha:

Obligatoriske emne

Masterprogrammet omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng sett saman slik:

Eit masterprogram med start om hausten kan sjå slik ut:

1. s Valemne Valemne Valemne

2. s Oppgåve Valemne ENERGI353

3. s Oppgåve Oppgåve Valemne

4. s Oppgåve Oppgåve Oppgåve

s= semester sp=studiepoeng

Omfang masteroppgåva

Oppgåvene innanfor fleirfasesystem er ein kombinasjon av eksperimentelt arbeid og teoretisk forsking. Masteroppgåva tar for seg praktiske problemstillingar, men samtidig blir det sikta mot fundamental forståing av dei underliggjande prosessane og teoretiske skildringar av desse, ofte i samarbeid med teoretikarar på den eine sida og prosessindustrien på den andre. Eit breitt spekter av eksperimentelle, numeriske og teoretiske verktøy blir tekne i bruk.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Arbeids- og undervisningsformer

Metodar inkluderer:

  • Bruk av diverse eksperimentelle fysiske og (elektro-) kjemiske metodar for karakterisering av fleirfasesystem, også på mikronivå
  • Dataanalyse, bruk av statistiske metodar
  • Numeriske simuleringar, CFD
  • Molekylær simulering, MD
  • Teoretisk modellformulering og løysing, bl.a. stokastiske prosessmodellar

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar som har spesialitet i fleirfaseteknologi, vil kunne få arbeid i prosessindustrien, spesielt i industri som blir dominert av fleirfasesystem, slik som utvinning, behandling og foredling av olje og naturgass, næringsmiddelindustri, farmasøytisk og metallurgisk industri. Du kan også få jobb i rågjevande ingeniørfirma.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie.ptek@uib.no

Tlf 55 58 28 64

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med studierettleiar:

studie.ptek@uib.no

telefon 55 58 28 64