Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-PROKJ Kjemometri, haust 2022

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i Energi- og prosessteknologi - kjemometri. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Multivariate metodar for prosessutvikling og prosesstyring er på full fart inn i norsk og utanlandsk industri. On-line- og at-line-analysar av råvarer, mellomprodukt og kvalitet av sluttprodukt med kjemisk instrumentering inngår som eit viktig element i styringssystema i tillegg til "vanlege" prosessvariablar, som for eksempel trykk og temperatur. Minimering av utslepp og energiforbruk er også viktige område for prosesskjemometri. Målet for studiet er å gi deg spisskompetanse i multivariat dataanalyse og modellering saman med ein brei bakgrunn i meir klassiske prosessdisiplinar. Du skal etter fullført studium ha oppnådd operasjonell kompetanse i generell problemløysing innan prosessindustrien.

I masterprogrammet kan du spesialisere deg innan optimalisering av industrielle prosessar, bruk av analytisk instrumentering til prossesovervaking og -kontroll og bruk av eksperimentell design i prosessanlegg.

Masterprogrammet i kjemometri skal gje eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva blir målingar analysert og resultata vurdera i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur.

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i kjemometri skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • omforme og redusere store datamengder til tolkbar informasjon
  • bruke matematiske og statistiske metodar til fleirvariabel dataanalyse av måleresultat
  • gjere eksperimentell forsøksplanlegging med det mål å hente ut så mye informasjon og kunnskap som mogleg, på så få forsøk som mogleg
  • vise at ein har gode kunnskapar innan kjemometri generelt, og avansert kunnskap i eit avgrensa området knytt til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i kjemometri og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan kjemometri
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan kjemometri, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Masterprogrammet i kjemometri byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innholdet i graden. 

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer: 

  • Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi 
  • Bachelorgrad i kjemi, fysikk eller matematikk (emnene KJEM110, KJEM210 og PTEK202 må være inkludert) 
  • Bachelorgrad fra MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene trenger ikke være del av graden) 

Beregning av karaktersnitt  

Kun emner som inngår i spesialisering i bachelor i petroleum- og prosessteknologi blir brukt til beregning av karaktersnitt. Dersom du har ekstern bachelorgrad blir karaktersnitt beregnet frå relevante emner. 

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer: 

  • Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor eit emne tilsvarende PTEK202 er inkludert. 
  • Norske bachelorgrader i energi, fysikk, matematikk, undervannsteknologi, prosess, maskin eller sikkerheit/brannsikkerheit kor eit emne tilsvarende PTEK202 er inkludert. 
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i prosessteknologi eller andre relevante fagfelt.  

Du må også ha: 

Obligatoriske emne

Masterprogrammet i Energi- og prosessteknologi - kjemometri omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng sett saman slik:

Eit masterprogram med start om hausten kan sjå slik ut:

1. s PTEK226 Valemne Valemne

2. s Oppgåve Valemne Valemne

3. s Oppgåve Oppgåve Valemne

4. s Oppgåve Oppgåve Oppgåve

s= semester

Omfang masteroppgåva

Mastergradsoppgåva kan ha teoretisk eller praktisk karakter, men vil oftast vere ein kombinasjon. Oppgåva vil ofte bli gitt i samarbeid med norske industriverksemder. Typiske eksempel på oppgåver vil vere optimalisering av produktkvalitet eller energibruk, utvikling av nye metodar for kvalitetsmålingar basert på spektroskopi, multivariat statistisk prosesskontroll, miljøovervaking og dynamisk prosessmodellering.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Arbeids- og undervisningsformer

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Relevans for arbeidsliv

Kjemometri er svært tverrfaglig og kandidatane er etterspurte innan prosessindustri. Som døme kan nemnast: Olje/gass-, marin- og farmasøytisk industri

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie.ptek@uib.no

Tlf 55 58 28 64 

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med studierettleiar:

studie.ptek@uib.no

telefon 55 58 28 64