Hjem

Energi- og prosessteknologi, master, 2 år

Prosessindustrien er ein viktig del av det grøne skiftet, og står ovanfor mange spannande utfordringar fram mot 2050. Med ein grad i energi- og prosessteknologi i lomma, blir du rusta til å løyse framtidas problemstillingar.
  • Lengde2 År
  • Plassar15
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Norsk prosessindustri har vorte utvikla over meir enn 100 år, og omfattar i dag eit breitt spekter av verksemder, frå industrilokomotiva Hydro, Yara, Elkem og Equinor til mindre hjørnestensbedrifter i heile landet. Prosessindustrien produserer materiale og produkt vi omgir oss med i kvardagen, frå husa vi bur i, kleda vi har på oss, maten vi et og transportmidla vi nyttar, til høgteknologiprodukt som PC, nettbrett og telefon.

Prosessindustrien er navet i det grøne skiftet. Sjølv om Noreg er globalt leiande når det gjeld bruk av fornybar energi, står industrien ovanfor store utfordringar i åra som kjem. Prosessindustrien representerer rundt 20% av dei samla klimagassutsleppa i Noreg, og konsumerer om lag ein tredel av den samla produksjonen av fornybar energi frå vasskraft, vind og sol. For å imøtekome krava om reduserte utslepp av klimagassar fram mot 2050 må den norske prosessindustrien redusera forbruket av fossile energikjelder, løysa utfordringane knytt til karbonfangst og lagring, og bidra til berekraftige løysingar for produksjon og omdanning av fornybar energi. Du kan les meir om norsk prosessindustri her.

Gjennom studiet opparbeider du deg solid kunnskap innanfor naturvitskaplege- og teknologiske fag. Avhengig av bakgrunn og tema for hovudoppgåva er det relevant å fordjupa seg i fagområde som fluiddynamikk, flerfasesystemer, termodynamiske separasjonsteknikker, numeriske metodar, forbrenningsfysikk, prosessikkerhet og risikoanalyse. Undervisninga er forskingsbasert, og studiet gir ein brei fagleg bakgrunn som gjer deg godt rusta til å løysa tverrfaglege problemstillingar i industrien.

Jobb

Det er tradisjonelt svært gode jobbmoglegheiter for kandidatar med kompetanse innan prosessteknologi. Tidlegare studentar arbeider i dag i energiselskap (inkludert olje og gass), konsulentselskap og ulike greiner av prosessindustrien. Arbeidsoppgåvene kan variera frå utvikling av avanserte produkt og materiale til konsulenttenester og leiing/drift av industrianlegg. Fleire arbeider òg med forsking og undervisning.

Dei tidlegare studentane våre jobbar blant annet som

  • Prosessingeniør
  • Prosjektleiere
  • Sikkerhetsingeniør
  • Inspeksjonsingeniør

Dersom du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søka om opptak i doktorgradsprogrammet

Meir informasjon under

Oppbygging

Programmet omfattar to studieår (fire semester) og startar vår og haust. Du kan velje å spesialisera deg innanfor separasjon, sikkerheitsteknologi og fleirfase. Du følger kurs på 60 studiepoeng, nokre obligatoriske og nokre som du vel sjølv. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel. Du vel emne i samarbeid med rettleiaren din. Du skriv masteroppgåva i prosessteknologi (PRO399), som utgjer 60 studiepoeng. Med utgangspunkt i interesseområda dine finn du og fagleg rettleiar eit passande team for masteroppgåva. 

Anbefalt for studieplan for spesialisering prosesstryggleik

Prosessindustrien spelar ei avgjerande rolle for det grøne skiftet og økonomien i Noreg. Samstundes utgjer utslepp av farlege stoff, brannar, og eksplosjonar ein fare i mange industrielle system. Forskingsaktivitetane relatert til prosesstryggleik ved forskargruppe Energi- og prosessteknologi (EPT) ved UiB fokuserer på gass- og støveksplosjonar, og forskinga skjer ofte i samarbeid med eksterne partnarar frå industri eller konsulentselskap.

  1. semester: ENERGI352 - PTEK350 - valfritt emne 
  2. semester: valfritt emne - valfritt emne - PRO399  
  3. semester: PTEK351 (starter høsten 2025) - PRO399 
  4. semester: PRO399

Tilrådde valemne: PTEK354ENERGI255KJEM210, ENERGI353, MAT160, ENERGI351, ENERGI360

Anbefalt for studieplan for spesialisering fleirfasesystemer

Flerfasesystem representerer ein vesentleg del av fluidmekanikk og omfattar den samtidige rørsle av fleire faser - som gass, væske og fast stoff - innanfor eit system eller ei kanal. Studiet av flerfasesystem utforskar korleis desse fasene samhandlar, blir distribuerte og oppfører seg under ulike tilhøve, inkludert variablar som trykk, fart og temperatur. Forståinga av flerfasesystem spelar ein avgjerande rolle i bransjar som energiteknologi, kjemisk prosessering og miljøteknikk, der transport av fleire faser er ein vanleg førekomst.

  1. semester: ENERGI257 - valfritt emne - valfritt emne 
  2. semester: ENERGI353 - valfritt emne - PRO399  
  3. semester: valfritt emne - PRO399  
  4. semester: PRO399 

Tilrådde valemne: KJEM214, ENERGI255, KJEM220, ENERGI352, PTEK350ENERGI351ENERGI360

Anbefalt for studieplan for spesialisering avansert termodynamikk for industrielle separasjonsprosessar

Avansert termodynamikk for industrielle separeringsprosessar fokuserer på termodynamisk stabilitet og fleirfaselikvekter i multikomponente blandingar. Dette legg grunnlaget for effektive separasjonsløysingar i mange industrielle område, mellom anna naturgassprosessering og transport. Fagområdet er viktig for å utvikle berekraftige prosessar som optimaliserer energiforbruk, reduserer avfall og betrar produktkvalitet.

  1. semester: ENERGI356 - valfritt emne - valfritt emne 
  2. semester: ENERGI255 - valfritt emne - PRO399 
  3. semester: valfritt emne - PRO399 
  4. semester: PRO399 

Tilrådde valemne: KJEM214, KJEM220, ENERGI366, ENERGI300, ENERGI364ENERGI351ENERGI360

Studiekvardag

Institutt for fysikk og teknologi har eit hyggeleg, internasjonalt miljø. Arbeidsmiljøet er uformelt, og mange forskjellige nasjonalitetar arbeider saman.

Undervisingformene er ei blanding av førelesingar, seminargrupper og laboratorieøvingar. I nokre fag, også ekskursjonar. Du kan også søke om å få plass ved ein lesesal på instituttet.

Som student blir du ein naturleg del av forskingsgruppa ved instituttet. Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di. I samråd med rettleiaren set du opp ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i prosjektet ditt.

Kva lærer du?

Med ein mastergrad i Energi- og prosessteknologi får du ulik kompetanse avhengig av spesialisering:

  • inngåande kunnskap i forskjellige fag innan energi- og prosessteknologi
  • kunnskap om grunnleggande fysikk, fluiddynamikk, termodynamikk og matematikk
  • kunnskap om ulike einingsoperasjonar med omsyn til energi- og straumdragsforhold
  • kunnskap om modellering og datasimulering av prosessar som skjer i apparatur og naturen

Utveksling

Du kan bruke eit semester som utvekslingsstudent ved eit av partneruniversiteta våre i utlandet, avhengig av studieretning. I sikkerheitsteknologi kan ein reise på utveksling i 2. semester for å ta emner eller i 3. semester som ein del av masteroppgåva.

Opptakskrav

Mastergradsstudiet i Energi- og prosessteknologi byggjer på ein relevant bachelorgrad i naturvitskap/realfag/ingeniørfag eller tilsvarande (for eksempel petroleumsteknologi, fysikk, matematikk, kjemi, prosess, maskin, energi, statistikk osv). For tidligare studentar med ein bachelor i petroleum- og prosessteknologi frå UiB og studentar som har ekstern bachelorgrad, blir 80 studiepoeng frå relevante emner brukt til beregning av karaktersnitt.

Korleis søke

Søknadsfristen er 15. april. Søk her

Meir informasjon om generelle opptakskrav og søknadsprosedyrar finn du i følgande lenker:

Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.