Hjem

Felles masterprogram i programvareutvikling

Dette er eit masterprogram for deg som vil tileigne deg praktiske kunnskapar innan utvikling av programvare. Her lærer du å skape avansert datateknologi med moderne metodar. Masterprogrammet blir gjennomført i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL).
  • Lengde2 År
  • Plassar32
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

I løpet av studieprogrammet vil du lære om 

  • algoritmar og dynamisk programmering  
  • avansert software-arkitektur 
  • digital bildebehandling 
  • semantikk i moderne programmeringsspråk 

Du vil fullføre studiet med brei kompetanse innan moderne programvareutvikling og ekspertise om temaet du vel å skrive masteroppgåve om.  

Sjå fullstendig liste over læringsutbytte.  

Studiekvardag 

Institutt for informatikk har eit internasjonalt miljø som består av dyktige og aktive informatikkstudentar og anerkjente forskarar. Vi oppmodar masterstudentar til å vere med i ei av forskingsgruppene ved instituttet. Allereie i første semester vel du masteroppgåvetema og individuell rettleiar. 

I løpet av ei typisk veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargruppe. Noko av undervisninga vil bli gjennomført på HVL. Undervisninga og litteraturen er hovudsakleg på engelsk.  

Institutt for informatikk ved UiB held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.  

På UiB finn du mange ulike studentorganisasjonar. Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.     

Kva kan du jobbe som? 

Når du er ferdig med mastergraden, kan du for eksempel 

  • jobbe med utvikling og testing av store informasjonssystem 
  • bruke kunnskapen innan ulike område, som byggteknikk eller medisinsk bildebehandling 
  • drive med forsking eller innovasjon for å vidareutvikle feltet 

Du vil bli kvalifisert til å arbeide i både privat og offentleg sektor, som for eksempel: 

  • programvareutviklar 
  • software engineer 
  • software architect 
  • software designer 
  • test engineer 
  • forskar  
  • DevOps engineer 
  • IT-konsulent eller -rådgjevar 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april. Søk her . 

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINFBAMN-DSIKBAMN-DTEKBAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
  • Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne . INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Studiets oppbygging 

Programmet varer i to år (fire semester). Studiet startar vanlegvis på hausten, men det er også eit supplerande opptak med oppstart på våren. 

Graden består av 120 studiepoeng. Du skal velje ei masteroppgåve på enten 60 eller 30 studiepoeng.

Slik kan studieplanen sjå ut dersom du vel kort masteroppgåve (30 studiepoeng):   

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

  • Masteroppgåve (30 studiepoeng)

 

Slik kan studieplanen sjå ut dersom du vel lang masteroppgave (60 studiepoeng):   

1. semester

2. semester

3. og 4. semester

  • Masteroppgåve (60 studiepoeng) 

Valemne må veljast i samråd med rettleiaren din. Du kan for eksempel velje INF210, INF223, INF225, INF226, INF329 eller matematikkemne ved UiB. Du kan òg velje DAT355, DAT254, DAT259 eller andre emne ved HVL. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Utveksling 

Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det andre eller tredje semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter fullført mastergrad kan du søke på lønt stilling som doktorgradsstipendiat (PhD) innan informatikk.

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her