Hjem

Statistikk og data science, master, 2 år

Statistikk er et fagfelt innen matematikk som dreier seg om prinsippene og metodene for å samle inn og analysere kvantitativ informasjon. Til dette nyttes modeller og konsepter fra sannsynlighetsteori.
  • Lengde2 År
  • Plassar8
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Med metoder innen statistikk kan en utforske datasett for å finne mønstre og lage prognoser, og til å anslå usikkerheter. I nyere tid hvor ofte store mengder data er tilgjengelig, er flere av disse nært knyttet til metoder innen maskinlæring. I dagens samfunn hvor det lagres og genereres data hele tiden, er det et økende behov for statistikere.

Jobb

Det har hittil ikkje vore vanskar på arbeidsmarknaden for kandidatar med kompetanse i statistikk. Kandidatar har blant anna fått arbeid i oljeindustrien, forsikring, helsevesen, havforsking samt undervisning og forsking ved universitet og høgskolar. Det er eit udekt behov for lærarar med kompetanse i statistikk i den vidaregåande skolen.

Her kan du lese meir om kva du kan jobbe med.

Oppbygging

Masterprogrammet omfattar to studieår (fire semester), og startar haust eller vår.   

Det første året følger du emne på til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel. Det andre året skal du bruke til å arbeide med masteroppgåva, som utgjer 60 SP.  

Alternativt kan du velje å skrive ei masteroppgåve som utgjer 30 studiepoeng, og følge emne på til saman 90 studiepoeng. 

I masterprogrammet i statistikk og data science kan du velje mellom følgjande spesialiseringar:

Dataanalyse: spesialiseringa kan innebere at ein analyserer eit konkret datasett. Typisk nyttar ein numeriske teknikkar for å vurdere metodane som inngår i tolking av data. Det er ofte snakk om simulering gjennomført ved eigne program. Dessutan byggjer gjerne sjølve analysemetoden på tidkrevjande numeriske rutinar i tillegg til matematiske formuleringar. Studieretninga gir god bakgrunn for seinare arbeid med analyse av kompliserte datasett innanfor ulike praktiske fagfelt.  

Finansteori og forsikringsmatematikk: spesialiseringa er retta mot dei metodane som trengst ved praktisk arbeid innanfor forsikring og finans. Det inneheld både modellering som byggjer direkte på sannsynsrekning og metodar for analyse av aktuelle datasett. Mastergraden i statistikk med denne studieretninga gir aktuarkompetanse.  

Matematisk statistikk: spesialiseringa er retta mot å kunne forstå og videreutvikla essensielle metodar og teknikkar innan statistikk og sannsynlighetsteori. Det blir fokusert på utvikling av analytiske ferdigheitar og ein djupere forståing av stokastiske fenomen og statistisk metodikk. Spesialiseringa gir essensielle eigenskapar for å kunne møte fremtidens datadrevne utfordringar.  

Studiekvardag

Matematisk institutt finn du i Realfagbygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Miljøet er hyggeleg og uformelt, med studentar og tilsette frå heile verda.

Du får eigen, fast plass på lesesalen saman med dei andre masterstudentane.

Gjennom det toårige programmet følger du emne eller spesialemne og skriv ei masteroppgåve. Nokre av emna innanfor spesialiseringane er obligatoriske, andre emne vel du i samråd med din faglege rettleiar. 

Emna har vanlegvis førelesingar og grupper som basis, om lag 14 timar per veke. Du finn meir informasjon om emne, timeplanar og litteratur på spesialiseringssidene. 

Masteroppgåva di skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid der du brukar formålstenlege metodar og vitskaplege framgangsmåtar i forskingsprosessen. Med forskingsbasert litteratur som utgangspunkt får du oversikt over eit bestemt fagfelt, og finn nye synsvinklar og resultat innan det fagfeltet du har valt. 

Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di. I samråd med rettleiaren vel du eit masteroppgåvetema og set opp ein framdriftsplan som inneheld viktige milepælar i prosjektet ditt. 

Kva lærer du?

Studiet gjev god kjennskap til metodar og teknikkar innan statistikk og data science. Gjennom programmet blir kandidaten utdanna til profesjonell statistikar, som handlar om å trekke konklusjonar frå data og beskrive usikkerheit.

Analyse og tolking av store mengder data, og forståing av kva som ligg bak tala er sentralt på studiet. På grunn av at statistikken sine metodar er basert på matematikk, gjev studiet god kjennskap til matematiske metodar.  

Veljar du spesialiseringa Finansteori og forsikringsmatematikk får du aktuarkompetanse i tillegg til en mastergrad i statistikk. Aktuaren bereknar premiar og forsikringstekniske avsetjingar for livs- og skadeforsikringsselskap. Blant aktuaren sine arbeidsoppgåver kjem òg oppfølging av selskapet sine finansielle plasseringar og risikoberekningar.

Med ein mastergrad i statistikk og data science har du:

  • Inngåande kunnskap i matematikk og statistikk, og kan tilpasse allmenne prinsipp for konstruksjon av statistiske metodar på konkrete problemstillingar med estimering og testing av ukjente parametrar.
  • Erfaring i å presentere, munnleg og skriftleg, vitskaplege resultat basert på analyser, sett i samanheng med eksisterande forskingsresultat, også til ikkje-spesialister
  • Praktiske ferdigheiter i bruk av relevant programverktøy.

Utveksling

Du kan velje å ta første eller andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partneruniversiteta våre.

Opptakskrav

Masterprogrammet i Statistikk og data science bygger på en bachelorgrad med minst 60 studiepoeng faglig fordypning i ren matematikk og teoretisk statistikk. Forkunnskaper må minst dekke kalkulus, lineær algebra, statistikk, statistiske metoder og stokastiske prosesser/statistisk inferensteori tilsvarende emnene MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, STAT110 Grunnkurs i statistikk, STAT111 Statistiske metodar og et av STAT210 Statistisk inferensteori /STAT220 Stokastiske prosesser.

Bachelorgrad fra UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i Statistikk
  • Bachelorgrad i IMØ (dersom MAT111 og et av STAT210/STAT220 er bestått).
  • Andre bachelorgrader hvis emnene i opptakskravet er tatt.

Beregning av karaktersnitt

Kun emnene i opptakskravet regnes med i karaktersnittet: MAT111MAT112MAT121STAT110STAT111 + et av STAT210 eller STAT220 (det med best karakter hvis du har tatt begge emnene etter plusstegnet) .

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Normalt kreves en bachelorgrad i matematiske fag.
  • Andre bachelorgrader kan kvalifisere dersom du har minst 60 studiepoeng i matematikk og statistikk, normalt fra et Matematisk institutt. Det er viktig at den matematiske bakgrunnen inneholder kalkulus, lineær algebra, teoretisk statistikk, statistiske metoder og stokastiske prosesser/statistisk inferensteori.

Du må også ha:

Korleis søke

På opptakssidene finn du meir informasjon om korleis du går fram for å søke opptak til studiet.

Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren, dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søk her 

Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren.