Hjem

Odontologi (tannlege), master, 5 år

Tannlegestudiet er ei blanding av teori og praksis. Som tannlege hjelper du pasientane dine med å behalde friske tenner heile livet. Du får eit fleksibelt yrke der du jobbar tett på alle slags menneske i alle aldrar.
  • Lengde5 år
  • Ordinær65,4
  • Primær57,5
  • Plassar48
  • OpptakskravMEROD
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Integrert masterutdanning i odontologi kvalifiserer deg for tannlegeyrket. Som tannlege skal du kunne forebygge og behandle sjukdommar i tenner og munnhole. Utdanninga fører fram til autorisasjon som gir deg rett til å praktisere i Norge og innan EU-området.  

Det er relativt vanlig med sjukdom i tenner og munnhole. Tannlegar med godkjent utdanning er viktige for å sette rett diagnose og gå i gang med nødvendig behandling. 

Meir informasjon under

Odontologi

Producer:
Martin Nyhammer
  

På odontologistudiet diskuterer vi spørsmål som: 

  • Korleis kan ein førebygge sjukdom og skade på tenner og i munnhole?
  • Korleis kan ein behandle sjukdommar i munnen?
  • Korleis kan ein best reparere ei skada tann?
  • Korleis påverkar sjukdommar i munnen sjukdommar andre stader i kroppen?

Som tannlegestudent lærer du mykje av det same som medisinstudentane innan kjemi, biokjemi, anatomi (med fokus på hovud og hals) og fysiologi. Du lærer å ta og tolke røntgenbilete, som er viktig for å oppdage sjukdom. Når sjukdom er påvist skal du kunne utføre tannbehandling: Alt frå fyllingsterapi til krone- og brubehandling og fjerning av tenner. Alt på ein smertefri måte for pasienten.  

Som tannlege vil du møte alle typar menneske. På studiet fokuserer vi på å opptre på ein profesjonell måte som vekker tillit i omgang med pasienten.     

Studiet passer for deg som

  • liker både teori og praksis 
  • liker å ha ein full timeplan, og få tett oppfølging frå flinke lærarar 
  • er innstilt på mykje obligatorisk undervising, og at studiet har ein fast plan 
  • har evne til å vise empati og sette seg inn i andre sine utfordringar 

Jobb

I tillegg til mastergrad får du autorisasjon som tannlege frå Helsedirektoratet. Autorisasjonen er eit bevis på at du har ei offentleg godkjent tannlegeutdanning, noko som gjer det lett å få jobb.  

Du kan jobbe i den offentlege tannhelsetenesta eller i privat tannlegepraksis. Nokre tannlegar driv med undervisning, administrasjon eller forsking. Du kan òg drive privat tannlegepraksis.  

Arbeidsmarknaden for tannlegar er god. Du får eit yrke som er rikt på utfordringar, og du spelar ei viktig rolle i samfunnet. 

Etter mastergraden kan du gå vidare med ph.d.-studium og ta ein doktorgrad. Dette kvalifiserer til stilling i universitetssystemet eller på regionale kompetansesenter. 

Etter å ha arbeidd som tannlege i minimum to år kan du søke opptak til spesial- eller spesialistutdanning innanfor sju spesialfelt i tannlegefaget.

Meir informasjon under

Oppbygging 

Integrert masterstudium i odontologi er eit femårig fulltidsstudium som startar i august kvart år.  

Slik er studiet lagt opp: 

1. studieår: Det første året er delvis felles for studentar på odontologi- og medisinstudiet. Det inneheld tema som kjemi og biokjemi, ulikskap i helse, akuttmedisin, medisinsk statistikk og etikk. Du lærer òg om anatomi og biologi i tenner og munn (oral biologi ), og blir kjent med dei kliniske fagområda i odontologi og den odontologiske universitetsklinikken. Ex.phil. høyrer også med til første studieår. 

2. studieår: Dette året har du undervisning i anatomi, fysiologi, oral biologi, generell patologi og immunologi. Du lærer også om odontologiske biomateriale (materiale som blir brukte i munnhola) og har undervisning på ferdigheitssenteret som førebuing til pasientbehandling. 

3. studieår: På tredje studieår vil du vera mykje på odontologisk ferdighetssenter og øve på teknikkar og ferdigheiter du må meistre som tannlege. Du går i gang med behandling av eigne pasientar, og det blir fokusert på kliniske rutinar, hygiene, pasientkommunikasjon, undersøkingar, førebygging, planlegging av behandling, lokal anestesi og journalforskrifter. Du held også fram med teoretisk undervisning i dei ulike odontologiske fagområda.

4.-5. studieår: Det meste av tida i dei to siste studieåra går med til pasientbehandling parallelt med teoretisk undervisning i ulike kliniske fag. I løpet av det fjerde og femte studieåret skal du også skrive ei prosjektoppgåve om eit tema du vel sjølv, og får fordjupe deg  i eit tema du er spesielt interessert i. I femte studieår har du tre veker praksisstudium ved ein klinikk i den offentlege tannhelsetenesta.  UiB skaffar praksisplassar over heile landet.  

Du finn detaljert timeplan og litteraturliste på kvart emne i emneoversikta. 

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen 

På odontologistudiet får du

  • strukturert undervisningsopplegg i eitt av dei mest moderne odontologibygga i Europa 
  • tidleg praksis og møte med pasientar 
  • godt studentmiljø 
  • forskingsbasert kunnskap og avanserte tekniske ferdigheiter 

Studiekvardagen er lagt opp med eit relativt tett program allereie frå første studieår. I starten er det mest teori, men etter kvart vil det bli meir klinisk undervisning. Først trener du på modellar og deretter får du behandle pasientar under rettleiing.  

Det er om lag 30 timar undervising i veka og størstedelen er obligatorisk. Du får ein timeplan som er ganske full, og du må vere førebudd på å vere til stades på studiet frå klokka 8 til 16 dei fleste dagane i veka i tillegg må du lese på eiga hand. Studiet er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre og det er viktig at du kan det som er forventa, sidan du behandlar pasientar under studiet. Difor har studiet eit fast løp, og alle emne er obligatoriske. 

Vi tilbyr forskarlinje for deg som kan tenke deg å forske parallelt med studiane. Studiet blir då forlenga med eitt år. Forskarlinja kan du bygge vidare til ein ph.d.-grad seinare. 

UiB har eit flott og moderne odontologibygg frå 2012 på Campus Årstad (Alrek Helseklynge). I dei tre siste studieåra skjer all undervisninga her. I odontologibygget er det ferdigheitssenter, pasientklinikkar, ulike typar undervisningsrom, lesesal og kantine. I dei to første studieåra er ein del av undervisninga på campus Haukeland, på Bygg for Biologiske basalfag mellom anna. Her er det undervisningsrom, medisinsk ferdigheitssenter, lesesal og bibliotek. På Armauer Hansens hus er det også lesesalar og grupperom. 

Kva lærer du? 

Ein student med mastergrad i odontologi

  • har brei kunnskap om førebygging og behandling av sjukdom i munnhola
  • skal kunne utføre både førebyggande og aktiv behandling av alle former for sjukdom i munnhola, inkludert infeksjonar i tenner og tannkjøt   
  • kan kommunisere godt med pasientar og pårørande 
  • Kan vise vidare til spesialistbehandling der det er behov for det

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i niande semester. På odontologistudiet har vi utvekslingsavtalar med universitet i Sverige, Danmark, Frankrike, USA, Storbritannia og Nord-Irland

Slik søker du om å reise på utveksling

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MEROD: 

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2)
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1 og 2

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her