Hjem

Arbeids- og organisasjonspsykologi, master, 2 år

Kunnskap og kompetanse omkring leiarutvikling, teamutvikling, organisasjonsutvikling, arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering er etterspurt i arbeidslivet.
  • Lengde4 Semester
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Varsel om endringar: Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er nyoppretta og går første gong hausten 2021. Noko av informasjonen om studiet kan bli endra fram mot studiestart.

Master i arbeids- og organisasjonspsykologi gir deg forskingsbasert kunnskap om korleis vi kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidssamanheng.

I studiet fokuserer vi spesielt på rolla som konsulent, rådgjevar og endringsagent, og på kartleggings- og forbetringstiltak for leiar-, gruppe og organisasjonsutvikling.

Jobb

Med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi kan du arbeide innan personalutvikling, HR-arbeid, arbeidsmiljøutvikling, leiarutvikling og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Du vil typisk kunne arbeide i personal-/HR-avdelingar, innan bedriftshelsetenester, i konsulentselskap, offentleg forvalting og administrasjon, og innan forsking, utvikling og utdanning.

Studiet kvalifiserer deg for vidare forskarutdanning. Studiet gir praktisk analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgåver, som mellom anna sjølvstendig planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, rådgjevings-, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd samt informasjonsarbeid.

Oppbygging

Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi byrjar i august og er eit toårig studie på 120 studiepoeng. Første og andre semester vil du ta fire emne på 15 studiepoeng kvar. Desse går i bolkar – det vil sei at du tar eit emne om gangen første og siste del av kvart semester. Det første året vil du ta to fellesemne i lag med dei som går på master i psykologi.

Første år:

1. semester (haust):

  • MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap, 15 sp
  • MAPSYK321 Leiar-, team og organisasjonsutvikling, 15 sp

2. semester (vår):

  • MAPSYK322 Arbeidsmiljøarbeid og konflikthåndtering. 15 sp
  • MAPSYK302 Forskingsmetodar, 15 sp

Andre år:

3. og 4. semester (haust og vår):

  • Haust og vår MAPSYK345 Masteroppgåve, 45 studiepoeng

4. semester (vår)

  • Vår MAPSYK323 Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma, 15 sp

Du kan delta på feltarbeid i løpet av studietida i samband med masteroppgave og/eller det avsluttende emnet MAPSYK323 Studentfirma, kor du jobber som om du var konsulent, tar oppdrag for, og har kontakt med arbeidslivet.

Tredje og fjerde semester skal du skrive masteroppgåve som skal leverast innan midten av mars fjerde semester. Du vert oppmoda om å skrive masteroppgåva saman med ein medstudent.

Studiekvardagen

Masterstudiet er eit fulltidsstudie.

Undervisninga er variert og består av mellom anna

  • forelesingar
  • seminar
  • gruppearbeid
  • case-arbeid
  • diskusjon av forskingslitteratur
  • skriftleg og munnleg presentasjonar
  • praktisk prosjektarbeid i ein organisasjon (valfritt)

Mykje av studiet er prosess- og erfaringsbasert med gruppearbeid, praktisk trening og simuleringar og inneber stor grad av samarbeid og samspel med andre. 

Fagmiljøet i arbeids- og organisasjonspsykologi held til i Bjørn Christiansens hus, Christies gate 12, hovudbygget til Det psykologiske fakultetet. Det er og her du vil tilbringe mesteparten av tida di som masterstudent.

Alle studentorganisasjonane ved Det psykologiske fakultetet er samla under Psykologisk studentforening (PSF). Det er mange grupper og aktivitetar, og du vil finne ein organisasjon som passar for deg.

Vi har og er eit eige Fagutval for psykologi som skal være eit bindeledd mellom studentane og leiinga ved fakultetet.

Kva lærer du?

Du lærer å forstå, utvikle og betre arbeidstakarar, leiarar, grupper og organisasjonar i ein arbeidssamanheng, slik at ein skapar betre trivsel, effektivitet og produktivitet i arbeidet.

Utveksling

Du kan ta inntil 30 studiepoeng som studiespesialisering i utlandet i andre semester. Alternativt kan du også gjennomføre inntil 15 studiepoeng som valemne eller studiespesialisering i utlandet eller ved annan norsk institusjon i fjerde semester som erstatning for emnet MAPSYK323

Slik går du fram for å reise på utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Opptakskrav

Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping (spesialisering) innan denne delen av psykologifaget:

  • Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
  • 15 studiepoeng metode (kvalitativ og kvantitativ metode)
  • Ei fordjuping på minst 20 studiepoeng i arbeids- og organisasjonspsykologi og 7,5 SP leiingspsykologi.
  • For søkjarar som har gjennomført ei bacheloroppgåve innan feltet arbeids- og organisasjonspsykologi er krava 15 sp fordjuping innan arbeids- og organisasjonspsykologi og 7,5 SP i leiingspsykologi, i tillegg til bacheloroppgåv

Bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi ved UiB

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom ein har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande, herunder den nevnte fagleg fordjuping innan arbeids- og organisasjonspsykologi.

Ein må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet er dekka med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
  • Minstekrav til norsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav.

Korleis søke

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her