Hjem
Utdanning

Studieplan for MAPS-BARN Barnevern, master, 2 år, haust 2020

Namn på grad

Master i barnevern

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i barnevern har eit omfang på 120 studiepoeng, normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisinga vil i hovudsak vere på norsk. Enkelte forelesingar vil kunne ha engelsk som undervisingsspråk.

Valfrie emner kan ha all undervising på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Masterprogram i barnevern skal bidra til å sikre samfunnet sitt behov for eit kunnskapsbasert barnevern gjennom å utdanne kandidatar som kan tileigne seg, vurdere, integrere og bruke forskingsbasert kunnskap, samt kunne nærme seg praksisfeltet på ein fagleg, analytisk og reflektert måte. Studiet dannar også eit rekrutteringsgrunnlag for framtidige Phd-kandidatar.

Læringsutbyte

Kandidatar skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • har god kunnskap om utsette barn og familiar sine livsvilkår og velferd
  • har utdjupande kunnskap om teori og forsking knytt til omsorgsutøving og barn si utvikling
  • har inngåande kunnskap om verdiar, modellar og ulike metodar for undersøkings- og avgjerdsarbeid i barnevernet
  • har utdjupande kunnskap om risiko, beskyttande faktorar og resiliens
  • har god kunnskap om forsking knytt til evaluering og implementering av tiltak i barnevernet
  • har utdjupande kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar og etiske retningslinjer for innhenting av data og presentasjon av forskingsresultat
  • har god kunnskap om faktorar som hemmar og fremjar tverrfagleg samarbeid mellom ulike tenester for utsette barn
  • har inngåande kunnskap om sentrale menneskerettskonvensjonar og Barnekonvensjonen spesielt, samt kva desse har å seie for barn i barnevernet og barnevernet sitt arbeid

 

 

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan kritisk reflektere over, og analysere mandatet til barnevernet, og kva rolle og funksjon det har i samfunnet
  • kan analysere barn og familiar sine risikofaktorar og ressursar i eit sosialøkologisk perspektiv
  • har god informasjonskompetanse, under dette kunne søkje, vurdere, kritisk reflektere over og bruke vitskapleg litteratur og forsking av relevans for barnevernet
  • kan analysere, kritisk reflektere over og bruke kunnskapsbaserte modellar og metodar for samtalar med barn og unge i barnevernet
  • kan forstå og kritisk reflektere over sentrale teoriar og omgrep innanfor evaluerings- og implementeringsforsking, og kunne analysere barnevernet sitt tiltaksarbeid i lys av dette
  • har utdjupande kunnskap om kvalitativ eller kvantitativ metode, kan analysere data og rapportere funn innanfor metoden som er vald som fordjuping
  • kan gjere eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan forstå og reflektere over barn, barndom og foreldreskap i ulike samfunn og kontekstar, samt kunne bruke denne kunnskapen i ein barnevernfagleg samanheng
  • har evne til å kunne diskutere komplekse etiske utfordringar knytt til eiga profesjonsutøving
  • har inngåande kunnskap om og kan kritisk reflektere over forskingsmetodar, forskingsdesign, kunnskapsproduksjon, forskingsetikk, rapportering og vitskapleg framstilling

Opptakskrav

Masterprogrammet i barnevern byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping barnevern, sosialt arbeid/sosionom, vernepleie, psykologi, pedagogikk, helsefag eller samfunnsvitskap eller tilsvarande fag.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Pedagogikk og spesialpedagogikk
  • Generell psykologi
  • Arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Helsefremmende arbeid
  • Samanliknande politikk
  • Samfunnsøkonomi
  • Sosialantropologi
  • Sosiologi
  • Geografi
  • Medisin
  • Juss/rettsvitenskap

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 90 studiepoeng i de faga nemnt overfor.

Eksterne bachelorgrader som også kvalifiserer:

  • Barnevern/Barnevernspedagog
  • sosialt arbeid/sosionom
  • Vernepleie
  • Sjukepleie
  • Fysioterapi
  • Folkehelse
  • Ergoterapi
  • Førskule/barnehagelærer og grunnskolelærer
  • Interkulturell forståing
  • Utviklingsstudiar
  • Kriminologi

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom man har minst 90 studiepoeng i de faga nemnt så langt.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
    Master i barnevern er eit norskspråkleg masterprogram med krav til norskkunnskapar. Søkjarane må derfor ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter og dei må kunne delta aktivt i undervisning og gruppearbeid.

Søkjarar blir rangert i to kvoter:
Kvote 1:
Søkjarar med bachelorgrad i barnevern, sosialt arbeid/sosionom eller vernepleie blir rangert på bakgrunn av karakterar og eventuelle tilleggspoeng. Søkjarar som ikkje når opp i konkurransen i kvote 1, konkurrerer vidare i kvote 2.
Kvote 2: Andre søkjarar blir rangert på bakgrunn av karakterar og eventuelle tilleggspoeng.

Det gis tilleggspoeng for:
Relevante tilleggsutdanning
(same som faggrunnlaget) som ble tatt før eller etter bachelorgraden. Eksempelvis fordjuping eller mastergrad. Dersom bachelorgraden er større enn 180 stp og alle poeng tilhøyrar same grad, gis det ingen tilleggspoeng
Relevant arbeidserfaring. Søkerne får opptil 3 poeng, for opptil 3 års relevant praksis (0,5 poeng for kvar 6 måneder i 50 % stilling eller mer). Arbeidserfaringa må dokumenterast.

Obligatoriske emne

MABARN314 Omsorgsutøving, barn si utvikling og avgjerder i barnevernet (10 stp.)

MABARN315 Barnet som aktør (10stp)

GLODE302 Introduksjon til metodologi (10 stp)

MABARN312 Tiltak i barnevernet, implementering og evaluering (10stp)

GLODE303 Qualitative Methods and Research Planning (10 stp) eller GLODE304 Quantitative Methods and Research Planning (10 stp)

Valfritt emne: MABARN316 eller HEFR342 (10stp)

MABARN351 Masteroppgåve (60stp)

Tilrådde valemne

MABARN316: Childhood and parenting in diverse contexts (10 stp.).

HEFR342: Resource approaches to health and well-being (10 stp.).

Kandidaten skal velje eitt av desse emna.

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkefølgja vil normalt vere: MABARN314, MABARN315, GLODE302, valfritt emne, MABARN312 og GLODE303 eller GLODE304. Emna skal vere gjennomførte og bestått før ein byrjar på MABARN351.

Undervisningsmetodar

Undervisninga er i utgangspunktet samlingsbasert, med førelesningar og seminar. I tillegg vert det krev stor grad av eigenaktivitet mellom samlingane. Det er venta at studentane set seg inn i relevant litteratur. Det blir lagt vekt på studentaktive læringsformer. Arbeid med skriftlege oppgåver inngår som ei viktig læringsform. Det blir også brukt IKT-baserte verktøy.

Vurderingsformer

Det er eit mål at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer, t.d. heimeeksamen, mappevurdering, emneoppgåver, framlegg/presentasjonar, evt. munnleg prøve og skriftleg skuleeksamen.

For alle skriftlege innleveringar og eksamenar brukar ein tekstgjenkjenningsverktøy. Reglane i Universitetslova gjeld ved mistanke om fusk.

Karakterskala

Den internasjonale karakterskalaen, A (glimrande) - F (ikkje bestått).

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrivne ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført mastergrad gjev høve til å søkje opptak på PhD-program.

Relevans for arbeidsliv

Studiet er særleg relevant for stillingar med ansvar knytt til utøving, organisering, utvikling, evaluering og kvalitetssikring av oppgåvene til barnevernet, samt leiarstillingar på ulike nivå i kommunalt, statleg og privat barnevern. Studiet kvalifiserer også for faglege og administrative stillingar i tilliggjande fagfelt, der kompetanse om og tiltak for utsette barn og familiar står sentralt.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert av ekstern programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. I tillegg skal studentane evaluere dei einskilde emna i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet, HEMIL-senteret.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Det psykologiske fakultet.

Informasjonssenteret: studierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf. 55 58 27 10