Hjem
Utdanning

Namn på grad

Masterprogram i global utvikling: teori og praksis

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet går over to år (120 studiepoeng)

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Målet med dette masterprogrammet er å utdanne kompetente fagfolk innan global utvikling, teori og praksis, med spesialisering i anten helsefremmande arbeid eller kjønn innan global utvikling. Dei overordna måla for begge spesialiseringane er å gi studentane ei grundig innføring i:

Global utvikling gjennom kritisk evaluering av relevante teoriar, integrering av menneskerettar og sosial rettferd, vurdering av global styring og bistandspolitikk, og vurdering av verknaden gjeldande samfunnsmessige utfordringar har på berekraftig utvikling.

Utviklingspraksis, mellom anna kritisk vurdering av prosjektsyklus, innføring og evaluering, samt koordineringssystem på dei same nivåa som lokale organisasjonar og lokalsamfunn, kommunar og statar, nasjonale og internasjonale samarbeidsprosjekt.

Det dreiar seg om berekraftig levekårsutvikling, inkludert kultur, internasjonalt samarbeid og fysisk miljø.

Spesialisering i helsefremmande arbeid

Målet med denne spesialiseringa er å gi studenten kompetanse innan teori og praksis knytt til helsefremmande arbeid i ein global utviklingskontekst. Den generelle tilnærminga til alle aspekta ved denne spesialiseringa er eit ressursbasert perspektiv. Spesialiseringa inkluderer modulen innføring i helsefremmande arbeid på 15 SP knytt til global utvikling, og ein praksisperiode på 30 SP (eller Erasmus-utveksling eller emne ved andre institutt/fakultet) pluss ei masteroppgåve på 30 SP om eit emne innan helsefremmande arbeid.

Spesialisering i kjønn innan global utvikling

Målet med denne spesialiseringa er å gi studentane kompetanse innan kjønnsanalyse og feministisk analyse, og setje dei i stand til å ha eit kritisk og reflekterande perspektiv på kjønn i lys av global utvikling. Her set ein fokus på kjønnsmaktrelasjonar og sårbarheiter, og prosessar for myndiggjering og sosial endring. Spesialiseringa inkluderer modulen kjønnsanalyse innan global utvikling ¿ kjerneperspektiv og problem på 15 SP, og ein praksisperiode på 30 SP (eller Erasmus-utveksling eller emne ved andre institutt/fakultet) pluss ei masteroppgåve på 30 SP om eit emne innan kjønn og global utvikling.

I begge spesialiseringane kan studentane velje mellom kvalitative eller kvantitative forskingsmetodar, avhengig av emnet i masteroppgåva. Ver merksam på at det nokre år kanskje ikkje er mogleg å velje kvantitative metodar. Forskingsetikk er ein integrert del av læringa.

Læringsutbyte

Kandidaten skal etter å ha fullført programmet ha følgjande læringsutbytte, definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studentane har:

  • inngåande forståing av kompleksiteten i globale utviklingsspørsmål knytt til historiske og aktuelle prosessar, som genererer globale og lokale ulikskapar.
  • eit kritisk oversyn over relevant teori knytt til utviklingsspørsmål over tid, og frå ulike perspektiv.
  • ei kritisk forståing av ulike tilnærmingar og praksisar innan utvikling.
  • brei kunnskap om lokal, nasjonal og global styring av utvikling

Ferdigheiter

Studentane:

  • kan kritisk vurdere og anvende relevante teoriar i ein bestemt utviklingskontekst.
  • kan analysere sosiale endringsprosessar i eit globalt eller lokalt perspektiv.
  • har evne til å utføre bestillingsverk på lokalt eller nasjonalt nivå.
  • har evne til å arbeide eller forske i ein organisasjon eller institusjon, på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå.

Generell kompetanse

Studentane har evne til å:

  • samarbeide på tvers av fagområde for å løyse samansette utviklingsspørsmål og -oppgåver.
  • utforme og analysere data og samstundes skrive eit sjølvstendig forskingsprosjekt på ein etisk forsvarleg måte.
  • kommunisere gjennom skriftleg arbeid, munnlege presentasjonar og ved å gi og motta konstruktive tilbakemeldingar

Opptakskrav

Potensielle studentar for masterprogrammet i global utviklingsteori og -praksis må ha oppnådd ein lågare grad eller bachelorgrad med minst 3 års studiar ved en anerkjend institusjon i anten samfunns- eller helsefag, eller ha en tilsvarande pedagogisk bakgrunn. Søkjarane må dokumentere spesialkompetanse som svarar til eitt og eit halvt års studium (90 SP) på eit område eller innanfor ei spesialisering som er relevant for programmet.

Søkjarane blir rangerte etter faglege resultat, basert på karakterane frå bachelorgraden. Karakterkravet er C (3.0)

Bachelorgradar frå UiB som oppfyller krava:

  • Pedagogikk
  • Generell psykologi
  • Helsefremjande arbeid og helsepsykologi
  • Global helse
  • Sosiologi
  • Sosialantropologi
  • Kjønnsstudium
  • Humangeografi
  • Europastudium
  • Statsvitskap/Sammenliknende politikk
  • Historie
  • Sosialøkonomi
  • Arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Administrasjon og organisasjonsvitskap

Eksterne bachelorgradar som òg kan oppfyller krava:

  • Utviklingsstudiar
  • Utviklingsøkonomi
  • Sosialfag
  • Internasjonal helse
  • Geografi og ressursforvaltning
  • Miljøstudiar
  • Globale studiar
  • Landbruksfag
  • Samfunnsrettet human ernæring

Andre bachelorgradar med minst 90 studiepoeng innanfor område som helsefremjande arbeid, kjønnsstudiar, samfunnsfag eller miljøstudiar kan òg vurderast for opptak.

Språkkrav:

Engelsktalande som ikkje har engelsk som morsmål, må dokumentere dei engelskspråklege ferdigheitene sine i samsvar med universitetet sine retningslinjer.

Søknadsprosedyrar:

Søkjarar utanfor EU/EEA.
Søkjarar frå EU/EEA/Sveits
Søknadsprosedyre for nordiske statsborgarar og søkjarar som bur i Noreg

Obligatoriske emne

  • GLODE300 Critical Perspectives on Global Development (15 stp)
  • GLODE311 Development practice (15 stp)
  • HEM303 Kvalitative metodar og forskingsplanlegging (15 stp) or HEM304 Kvantitative metodar, forskingsplanlegging og anvendt statistisk analyse (15 stp)
  • GLODE310 Internship eller utveksling via ERASMUS+ programmet eller emnar ved andre institutta
  • GLODE330 masteroppgåve (30 stp)

Spesialisering

Helsefremmande arbeid:
Spesialiseringa inkluderer emnet innføring i helsefremmande arbeid på 15 SP knytt til global utvikling (GLODE 309), og ein praksisperiode på 30 SP (eller Erasmus-utveksling eller emne ved andre institutt/fakultet) pluss ei masteroppgåve på 30 SP om eit emne innan helsefremmande arbeid.

ELLER

Kjønn innan global utvikling:
Spesialiseringa inkluderer modulen teoretiske perspektiv og kjønnsanalyse innan global utvikling ¿ kjerneperspektiv på 15 SP (GLODE 308), og ein praksisperiode på 30 SP (eller Erasmus-utveksling eller emne ved andre institutt/fakultet) pluss ei masteroppgåve på 30 SP om eit emne innan kjønn og global utvikling.

Tilrådde valemne

Ingen

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester:

GLODE300 Critical Perspectives on Global Development (15 stp)

GLODE309 Foundations of Health Promotion related to Development (15 stp) eller GLODE308 Gender Analysis in Global Development - Core Perspectives and Issues (15 stp)

2. semester:

HEM303 Kvalitative metodar og forskingsplanlegging (15 stp) eller HEM304 Kvantitative metodar, forskingsplanlegging og anvendt statistisk analyse (15 stp)

GLODE311 Utviklingspraksis (15 stp)

3. semester:

GLODE310 Praksis (30 stp), eller Erasmus utveksling eller andre relevante kurs ved UIB.

4. semester:

GLODE330 Masteroppgåve (30 SP)

Delstudium i utlandet

Med dette programmet kan du gjennomføre ei Erasmus-utveksling i løpet av tredje semester. Du kan òg reise som ein del av feltarbeidet for masteroppgåva, eller knytt til ei organisert praktikantstilling.

Arbeids- og undervisningsformer

Programmet kombinerer ulike former for undervising og undervisingsverktøy, som førelesingar, seminar, workshops og andre studentaktive metodar. Digitale undervisingsformer kan òg brukast. Det blir lagt vekt på å utvikle studentane si eiga evne til å tenkje kritisk kring sitt eige arbeid og andre sitt arbeid, og utvikle ferdigheiter innan akademisk skriving og presentasjon.

Undervisningsmetodar

Programmet kombinerer ulike former for undervisning og undervisningsverktøy, mellom anna førelesingar, seminar, workshops og andre studentaktive metodar. Vi nyttar òg digitale undervisningsmetodar. Vi legg vekt på å utvikle evna studentane har til å lese sitt eige og andre sitt arbeid med ei kritisk tilnærming, og på å utvikle dei akademiske skriveferdigheitene deira.

Vurderingsformer

Studentane blir vurderte på ulike måtar, til dømes gjennom merknader, semesteroppgåver, refleksjonsoppgåver, munnlege presentasjonar, heimeeksamen og masteroppgåve.

Karakterskala

To karakterskalaer blir nytta:

1) A-F

2) Bestått / ikkje bestått

Sjå emnebeskrivingane for dei ulike emna.

Grunnlag for vidare studium

Ein mastergrad i global utviklingsteori og -praksis kan kvalifisere studenten til vidare studiar på ph.d.-nivå.

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i global utviklingsteori og -praksis gir kandidaten brei kompetanse innanfor utviklingsfeltet, og kvalifiserer for arbeid innanfor mange ulike lokale, regionale, nasjonale og internasjonale bistandsorganisasjonar (FN, nasjonale utviklingsorgan og frivillige organisasjonar), i tillegg til ulike delar av nasjonal og lokal offentleg forvalting.
Alle studentar som fullfører programmet på ein tilfredsstillande måte er kvalifiserte for stillingar i det offentlege og i privat næringsliv, som krev kompetanse på begynnarnivå innanfor planlegging, implementering og evaluering, og er knytt til studenten si spesialisering i anten helsefremjande arbeid eller kjønn og utvikling.
Kandidatar frå studiet har vist gode ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid og veit korleis dei skal byggje opp, delta i og administrere team med medlemmar med ulik fagleg bakgrunn, og frå organisasjonar i lokalsamfunnet.
Nyutdanna vil òg vere kvalifiserte til å jobbe som forskingsassistentar både i industrien og i offentleg sektor. Studentar med svært gode prestasjonar på studiet kan vere kvalifiserte for vidare akademisk arbeid, inkludert doktorgradsstudiar.

Evaluering

Kurset skal evaluerast i samsvar med rutinane for deltakande evaluering ved det psykologiske fakultetet og kvalitetssikringssystemet ved universitetet i Bergen

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet, Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet