Studieplan for MAPS-HEFR Helsefremmande arbeid og helsepsykologi, master, 2 år, haust 2024
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi har eit omfang på 120 studiepoeng, normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid.
Undervisningsspråk
Undervisinga vil i hovudsak vere på norsk. Enkelte forelesingar vil kunne ha engelsk som undervisingsspråk.
Valfrie og metodeemnar kan ha undervising på engelsk.
Studiestart - semester
Kvar haust
Mål og innhald
Mastergradstudiet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi har ein tverrfagleg og profesjonsovergripande profil med mål om å auke kunnskapen og forståinga mellom ulike tverrfaglege disipliner og sektorar i arbeidet med å fremje helse og velvære i befolkninga.
Programmet tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytt til folkehelse, med vekt på helsefremjande arbeid og helsepsykologi. I arbeidet blir det sett fokus både på individuelle, sosiale og strukturelle tilhøve som har relevans for utvikling av helse, helseåtferd og helseoppleving. Det blir lagt vekt på grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, kritiske analysar av teoriutviklinga på feltet og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak.
Det faglege innhald i masterprogrammet er i samsvar med tilrådingar for studieinnhald frå Folkehelseforeninga og Nasjonalt Nettverk for Helsefremming, utvikla i samarbeid med Helsedirektoratet.
Læringsutbyte
Kandidatar skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten
- har inngåande kunnskap om utviklingstrekka i befolkninga si helse og dei viktigaste helseproblema i befolkninga i dag
- har inngåande kjennskap til ulike forståingar av helseomgrepet ( holistiske og biomedisinske, patogene og salutogene)
- har inngåande kunnskap om globale, regionale og nasjonale politiske, økonomiske og juridiske føringar inkludert perspektiv frå WHO som for eksempel Ottawa-charteret
- har omfattande kunnskap om determinantar for folkehelse, inkludert faktorar som fremjar helse og førebyggjer sjukdom og skade. Det leggast vekt på individuelle, sosiale-, kulturelle-, samfunnsmessige-, sosioøkonomiske-, og miljømessige faktorar, og forståing av samanheng og samspel mellom desse.
- har omfattande innsikt i ulike teoriar og perspektiv for å forstå utvikling og konsekvensane av sosial ulikskap i helse og kan analysere konsekvensar av sosial ulikskap for helsa til individet og befolkninga
- har oversikt over utviklingstrekka i norsk offentleg helsepolitikk
- har innsikt i globale folkehelseutfordringar og føringar.
- har inngåande kunnskap om kommunen og lokalsamfunnet si rolle i det helsefremjande arbeidet
- har god kunnskap om meininga av og prinsipp for samarbeid på tvers av nivå, sektorar og profesjonar for å fremje folkehelse
- har detaljert kunnskap om ulike helsepsykologiske og økologiske teoriar og perspektiv for å forstå helseåtferd
- har omfattande innsikt i modellar som kan beskrive og forklare samanhengen mellom belastingar, ressursar og subjektiv helse og velvere, med vekt på ressurstilnærmingar, meistring og salutogenese
- har omfattande kunnskap om vitskapsteoretisk fastankring av fagfeltet
- har god kunnskap og medvit rundt sentrale etiske utfordringar og prinsipp i både forsking og praksisfelt
- har omfattande kunnskap om ulike informasjonskjelder som er relevante for fagområdet
Ferdigheiter:
Kandidaten
- Kandidaten kan anvende kunnskapen til å identifisere, vurdere relevansen av og argumentere for helsefremjande og førebyggjande intervensjonar, på alle nivå og for ulike befolkningsgrupper
- kan, ut frå teori, modellar og empiri, planleggje, gjennomføre og evaluere individ- og samfunnsretta tiltak for å fremje helseåtferd, helse og velvære, i samarbeid med aktuelle aktørar
- kan analysere verdien av tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid for helsefremjande arbeid samt ulike profesjonar og aktørar si rolle i det helsefremjande arbeidet
- kan analysere og argumentere for tiltak som kan fremje meistring og helse på ulike arenaer, inkludert i arbeidsliv og skole
- kan stimulere til nytenking og innovasjon
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere forskings- og utviklingsprosjekt i folkehelsearbeid i samhandling med relevante målgrupper og partar
- kan utforme og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan feltet helsefremjande arbeid og folkehelse
- kan identifisere og problematisere ulike etiske spørsmål i folkehelsearbeid
Generell kompetanse:
Kandidaten
- viser sjølvstende ved gjennomføring av praktisk og teoretisk problemløysing
- brukar sine fagkunnskapar og ferdigheiter på noverande og nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og sjølvstendige forskingsprosjekt
- kan kommunisere og argumentere omkring faglege problemstillingar med andre fag og sektorar samt med målgruppa
- kan vurdere, bruke og kommunisere informasjon på ein etisk måte
- kan finne og gjere seg nytte av relevant informasjon for presisering og vidareutvikling av faglege problemstillingar
- ser samanhengen mellom god kjeldebruk og fagleg kvalitet i eige og andre sitt arbeid
- har god evne til samarbeid for å løyse sentrale faglege problemstillingar
- er øva i kritisk refleksjon kring faglege spørsmål og kunnskapsproduksjon
Opptakskrav
Masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping i helsefremjande arbeid eller anna relevant helsefagleg eller samfunnsfagleg bachelorutdanning.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Pedagogikk
- Spesialpedagogikk
- Generell psykologi
- Arbeids- og organisasjonspsykologi
- Helsefremmende arbeid
- Global helse
- Human ernæring
- Tannpleie
- Medisin
- Samfunnsfag
- Sosiologi
- Sosialantropologi
- Kjønnsstudier
- Geografi
Andre bachelorgradar kan også kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i de faga nemnt over eller tilsvarande.
Eksterne bachelorgrader som også kvalifiserer:
- Sjukepleie
- Ergoterapi
- Fysioterapi
- Folkehelsearbeid
- Interkulturell forståing
- Utviklingsstudiar
- Barnevern
- Barnevernspedagog
- Sosialt arbeid
- Sosionom
- Vernepleie
- Førskule/barnehagelærar
- Grunnskolelærar
- HR og personalleiing
Idrett, kunst og musikkfag kan også i visse tilfelle kvalifisere til opptak.
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i de faga nemnt over eller tilsvarande
Du må også ha:
Snittkarakter på minimum C (3.0) i emna du får opptak på grunnlag av.
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
Masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi er eit norskspråkleg masterprogram og det presiserast at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.
Der spesialisering i graden ikkje er oppgitt blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga.
Obligatoriske emne
Studiet er sett saman av:
HEFR331: Helsefremjande og primærførebyggjande arbeid. Innføring i sentrale omgrep og tilnærmingar (20 studiepoeng)
HEFR342 (10 studiepoeng)
HEM303: Qualitative research methods eller HEM304: Quantitative Research Methods (15 studiepoeng)
HEFR343: Planlegging, implementering og evaluering (15 studiepoeng)
HEFR395: Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Omfang masteroppgåva
60 studiepoeng
Rekkefølgje for emne i studiet
Rekkefølgja vil normalt vere: HEFR331, HEFR342, HEM303 eller HEM304 og HEFR343 .
Emna skal vere gjennomførte og bestått før ein byrjar på HEFR395.
Delstudium i utlandet
Det er høve til å leggje delar av arbeidet med masteroppgåva til institusjonar i utlandet. Datainnsamling i utlandet kan òg vere aktuelt.
Arbeids- og undervisningsformer
I undervisninga blir det nytta ulike læringsformer: Førelesingar, problembasert læring, gruppearbeid, presentasjonar, forskingsseminar og sjølvstendige skriftlege arbeid. Spesifikke kurs som til dømes informasjonskompetanse, oppgåveseminar og innføring i databehandlingsprogram, vil også vere ein del av undervisningstilbodet.
Undervisningsmetodar
I undervisninga blir det nytta ulike læringsformer: Førelesingar, problembasert læring, gruppearbeid, presentasjonar, forskingsseminar og sjølvstendige skriftlege arbeid. Spesifikke kurs som til dømes informasjonskompetanse, oppgåveseminar og innføring i databehandlingsprogram, vil også vere ein del av undervisningstilbodet.
Vurderingsformer
Sjå kvart einskild emne for vurderingsform.
Karakterskala
A-F eller bestått/ikkje bestått.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrivne ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Mastergraden gjev formell kompetanse for vidare studium til Phd- graden.
Relevans for arbeidsliv
Masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi kvalifiserer mellom anna til tverrfagleg folkehelsearbeid innan kommune, fylke, stat eller privat sektor. Utdanninga kan nyttast i helsefagleg og sosialt arbeid, i pedagogisk arbeid, friviljuge organisasjonar, ny arbeids- og velferdsforvalting (NAV), og privat og offentleg planarbeid. I tillegg gjev studiet kompetanse innan skole og anna arbeidsliv der kunnskap om folkehelse og helsefremjande arbeid er etterspurd, samt undervisning, forsking og utviklingsarbeid på universitet og høgskolar.
Evaluering
Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. I tillegg evaluerer studentane dei einskilde emna i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet, Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)