Logopedi, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar22
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Kjære nye og tilbakevendende studenter!
Velkomen til studiestart på master i logopedi, eit studium ved Det psykologiske fakultet!
Fagleg orienteringsmøte:
- 1. semesterstudenter: mandag, 15.08.2022 kl. 10:15-12:00.
- 3. semesterstudenter: mandag, 22.08.2022 kl. 09:15-11:00.
Begge på Haukelandsområdet i Jonas Lies vei 91, Bygg for biologiske basalfag. Gr.rom 109, 9. etg.
https://www.uib.no/eia/78083/bb-bygget
Meir informasjon: Følg med på Mitt UiB.
Råd om førebuing til studiestart: uib.no/sjekkliste.
Timeplanar: Du skal finne lenker til alle timeplanane dine på heimesida til kvart av dei emna du skal ta første semester.
Krav til politiattest: Du må vise fram politiattest ved studiestart. Politiattesten søker du om på Studentweb frå 27. juli. Du får politiattesten innan to veker frå politiet fekk søknaden viss du har oppretta digital postkasse. Politiattesten lastar du opp i det digitale skjemaet vårt innan 1. september 2022.
Hva må studentene ta med første dagen? Ingenting spesielt.
Har du behov for tilrettelegging av dine studier? Dersom du har en funksjonsnedsettelse eller særskilte behov, ber vi om at du tar kontakt med infosenteret på ditt fakultet så snart som mulig. Vi ønsker å finne gode løsninger for deg.
Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret.
Poenggrenser | 2019 | 2020 | 2021 |
4,01 | 3,81 | 3,86 |
Om studiet
På masterstudiet i logopedi fordjupar du deg i vanskar med språk, tale, stemme og svelging.
Det er eit stadig aukande behov for logopedar i det spesialpedagogiske tilbodet til born og vaksne, og verdien av denne kompetansen i samfunnet er difor stor. Som logoped kan du få jobb anten i utdanningssektoren, helsesektoren eller i forsking og utvikling.
I dette masterstudiet blir du kvalifisert til å førebygge, kartlegge, diagnostisere, behandle og forske på kommunikasjonsvanskar som anten er utviklingsmessige eller som oppstår som følgje av sjukdom eller skade.
Jobb
Som logoped vil du vanlegvis finne jobb anten i utdanningssektoren, helsesektoren eller i forsking og utvikling. Aktuelle jobbar kan til dømes vere i:
- Barnehage
- Skule
- PPT
- Kommune
- Sjukehus
- Universitet og høgskule
Vanskar med kommunikasjon kan vere utviklingsmessige eller oppstå som følgje av sjukdom eller skade. Samstundes er kommunikasjon, både munnleg og skriftleg, essensielt for både sosial funksjon og for skule- og yrkeslivet. Behovet i begge desse gruppene er aukande. Det er derfor svært viktig for samfunnet at ein for framtida har nok logopedar tilgjengeleg for å kunne møte desse behova.
Med ein mastergrad i logopedi kan du søke opptak til forskarutdanning (ph.d.).
85 prosent av dei med utdanning frå Det psykologiske fakultet seier dei er i relevant jobb to år etter at dei avslutta studia.
Meir informasjon under
Oppbygging
1. semester (haust):
- LOGO318 Statistikkinnføring for logopeder (5 studiepoeng)
- LOGO319 Forskningsmetode og etikk – master i Logopedi (10 studiepoeng)
- LOGO310 Innføring i logopedi (15 studiepoeng)
2. semester (vår):
- LOGO320 Logopediske særemne (25 studiepoeng)
3. og 4. semester (haust og vår):
- LOGO324 Vitskapsteori og forskingsetikk for logopedar (15 studiepoeng)
- LOGO325 Fordjupingsemne (5 studiepoeng)
- LOGO335 Praksis i logopedi (15 studiepoeng)
- LOGO345 Masteroppgåve i logopedi (30 studiepoeng)
Studiekvardag
I Bergen har logopediprogrammet eit helsefagleg fokus, noko som gjer at du som student hos oss får meir kunnskap om hjernen si rolle i språkevna, samstundes som du blir kvalifisert til å jobbe både i utdannings- og helsesektoren.
Studiet har eit stort innslag av problembasert læring, som er ein metode der du jobbar i lag med medstudentar for å kome fram til svar på ulike problemstillingar som ofte er tett knytt opp mot det kliniske. Utdanninga er tufta på oppdatert kunnskap innan relevante, logopediske område, og gjer deg i stand til å løyse aktuelle problem, og til å finne fram til ny kunnskap.
Dette studiet har to praksisdelar: I tredje semester har du påhøyrspraksis i 120 timar fordelte utover heile semesteret. Her får du gjere deg kjend med logopediske arbeidsmetodar, og knyte band mellom teori og det kliniske arbeidet. Deretter får du sjølv utøve logopedisk arbeid under rettleiing i fjerde semester. Denne fordjupingspraksisen er på 240 timar, fordelte utover 10 veker.
Studiet er samansett av:
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Laboratorium og praktiske øvingar
- Masteroppgåve
- Praksis
- Sjølvstudium
All undervisninga det første året er teoretisk. Gruppearbeid og seminar er obligatoriske, mens forelesningane er valfrie å delta på. Det andre året dreier seg om praksis og skriving av masteroppgåva.
Kva lærer du
Som student ved masterprogrammet i logopedi vert du kvalifisert til å jobbe som logoped, og kan delta i kartlegging og behandling for menneske med ulike typar kommunikasjonsvanskar. Du blir rusta i problemfokusert, kritisk tenking og får kliniske ferdigheiter.
Du får avansert kunnskap innanfor logopediens vitskapelege teori- og metodegrunnlag, forståing for logopediens plass innanfor helsefaga og evne til å analysere faglege problemstillingar.
Etter fullført mastergrad kan du gjennomføre og formidle eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt, samt analysere og bruke forsking og informasjonskjelder på ein sjølvstendig måte.
Mastergrad i helsefag kvalifiserer for vidare studiar fram mot ph.d.-graden ved norske og utanlandske universitet.
Masteroppgåve
Du kan skrive masteroppgåve om tema som inngår i allereie pågåande prosjekt, eller du kan legge fram forslag til eit eige tema. Du får tilbod om 20 timar med rettleiing i arbeidet med oppgåva.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i opptil tre månader i samband med arbeidet med masteroppgåva di, til dømes til Tucson, Arizona i USA.
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.