Hjem

Pedagogikk deltid (nettbasert), master, 4 år

Ønsker du deg høg kompetanse innan mellom anna kunnskapsutvikling og læringsprosessar? Går du masterstudiet i pedagogikk kan du fordjupe deg i ei sjølvvald problemstilling og drive eiga forsking på det området innan pedagogikk som du er mest interessert i. Ein master i pedagogikk er relevant for ei rekkje stillingar, som rådgjevar, prosjektleiar, konsulent eller lærar, i kommune, stat, frivillige organisasjonar eller bedrifter. Studiet er eit deltidsstudium og dermed fireårig (120 studiepoeng).
  • Lengde4 år
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (annankvart år (2020, 2022, 2024))
Poenggrense 2018 3,78

Ynskjer du deg høg kompetanse innan mellom anna kunnskapsutvikling og læringsprosessar? Går du masterstudiet i pedagogikk kan du fordjupa deg i ei sjølvvald problemstilling og drive eiga forsking på det området innan pedagogikk som du er mest interessert i. 

Pedagogikk og pedagogiske prosessar og teori blir stadig meir relevant i eit samfunn som krever en kontinuerlig utvikling og utdanning innen alle sektorer

Fagområdet er opptatt av samanhengen og spenninga mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogiske praksisar 

Drøfte sentrale pedagogiske tema som læring, kunnskap og utdanning i ulike kontekstar som for eksempel utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar.Kva er det viktigaste ein student på dette programmet kjem til å lære? (Læringsutbyte kjem som eit eige spørsmål)pedagogisk forskingsarbeid, samt å planlegge, vurdere, analysere og lede pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar.

Et særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er at fagleg profil og undervisning er prosessorientert. Sentrale tema i studiet er læring, kunnskap og utdanning.

Jobb

Med ein master i pedagogikk er du kvalifisert til ei rekkje stillingar i kommune, stat, frivillige organisasjonar eller bedrifter, til dømes:

•    Rådgjevar•    Prosjektleiar•    Konsulent

Meir informasjon under

Oppbygging

Emna i kursdelen leier fram til arbeidet med masteroppgåva. Du kan velje blant ulike emne ettersom kva som passar interessene dine og etter kva tema du vel for masteroppgåva. 

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Vi har eit godt fagmiljø og studiemiljø. Gjennom studiet lærer du pedagogisk forskingsarbeid, og korleis planlegge, vurdere, analysere og leie pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar. Eit særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er at fagleg profil og undervisning er prosessorientert.  Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformer og kombinerer oppgåveskriving, nettbaserte seminar og rettleiing med litteraturstudiar. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet. Praksis inngår ikkje i studiet. Du kan enten skrive masteroppgåve basert på ei problemstilling lagt fram av fagmiljøet ved det psykologiske fakultet, eller eit tema du vel sjølv. Du får tildelt ein rettleiar som vil hjelpe deg å finne riktig innretning på oppgåva, og hjelpe deg undervegs i skrivinga.

Utveksling

Du kan ikkje reise på utveksling i dette studiet

Korleis søke

Søknadsfristen er 15. april

Søk her