Studieretning
Arbeids- og organisasjonspsykologi
- Lengde4 Semester
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe og organisasjonsutvikling.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kunnskap:
Ved fullført emne skal kandidaten ha:
- Forskingsbasert kunnskap om sentrale teoriar og modellar for utvikling av leiarar, grupper og organisasjonar.
- Inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til utvikling av leiarar, grupper og organisasjonar, med spesiell vekt på konsulentrolla i høve til det.
- Inngåande kunnskap om dei sentrale brukte metodane for utforming, etablering, kartlegging og utvikling av leiarar, grupper, team og arbeidsmiljø.
- Kjennskap til viktige føringar i norske lovverk for organisasjonspsykologisk praksis.
Dugleik:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Reflektere over og drøfte sentrale teoriar og modellar for utvikling og kartlegging av leiarar, grupper og organisasjonar.
- Reflektere over og drøfte sentrale metodar for utvikling og kartlegging av leiarar, grupper og organisasjonar.
- Nytte sentrale metodar innan utvikling og kartlegging av leiarar, grupper og organisasjonar.
- Reflektere over og drøfte ulike etiske, faglege og praktiske aspekt ved rolla som konsulent og endringsagent.
- Planleggje og gjennomføre kartlegging med sikte på å designe og gjennomføre adekvate utviklingsprogram.
Generell kompetanse:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar knytt til utvikling av leiarar grupper og organisasjonar.
- Tileigne seg forskingsbasert kompetanse med omsyn til å kartleggje og utvikle leiarskap, leiarar, grupper og organisasjonar.
- Identifisere og reflektere over konsulenten si betyding, rolle og moglege konsekvensar for organisasjonen og organisasjonsmedlemmane.
- Tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse med tanke på å utvikle sine kunnskapar og evner som psykologivitar i dette fagfeltet.
- Identifisere og utvikle relevante organisasjonspsykologiske problemstillingar og forskingsprosjekt.
- Vurdere kvalitet og relevans av eksisterande organisasjonspsykologisk forsking.
Korleis søke
Opptakskrav
Opptakskrava til Master i psykologi, studieretning arbeids - og organisasjonspsykologi er:
- Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad).
- Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.
- C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
- Andre faglege krav
- Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
- I opptaksgrunnlaget tilsvarande 90 studiepoeng spesialiseringsemne krev studieretninga arbeids- og organisasjonspsykologi ei fordjuping på minst 20 studiepoeng i arbeids- og organisasjonspsykologi og 7,5 SP ledelsespsykologi. For søkjarar som har gjennomført ei bacheloroppgåve innan feltet arbeids- og organisasjonspsykologi er kravet 15 sp fordjuping innan arbeids- og organisasjonspsykologi og 7,5 SP i ledelsespsykologi i tillegg til bacheloroppgåva. - Minstekrav til norsk og engelsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.
Sjå dei spesielle opptakskrava for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.