Sosial- og kognitiv psykologi
- Lengde2 År
- PlassarDet er måltal om 18 studentar på denne studieretninga.
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Studieretninga gjer kandidatane ei grundig forståing av dei prosesser og mekanismar som formar vår åtferd, som enkeltindivid og i grupper. Kandidatane får ekspertkunnskap frå psykologisk vitskap basert på bruksretta forsking. Slik kunnskap vil la oss handtera sentrale utfordringar i samfunnet knytt til kulturmøter, konflikt, klimaendringar, berekraft, sikkerheit og beredskap. På studieretninga vert det undervist og forska på tema som integrering og mangfald i samfunn og arbeidsliv, tryggleik og risikovurderingar i arbeid og fritid, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, HMS, feilhandlingar og pålitelegheit, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. I alle fire semestra deltekt studentane aktivt i forsking, og det leggjast opp til å gjennomføre ei masteroppgåve med egen datainnsamling.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
Kandidaten har:
- inngåande kunnskap om psykologifaget sine vitskaplege tema, teoriar, omgrep, metodar og funn innan psykologisk vitskap
- inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til psykologisk vitskap
- kunnskap om korleis forsking innan psykologisk vitskap kan nyttast i arbeidsliv og samfunnsliv
Dugleik:
Kandidaten kan:
- nytte sine kunnskapar og evner på nye område for å gjennomføre prosjekt og oppgåveløysingar innanfor fordjupingsområdet
- analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing innanfor fordjupingsområdet
- nytte psykologisk vitskap til å identifisere utfordringar for enkeltpersonar, grupper, lag eller organisasjonar som skal løyse komplekse arbeidsoppgåver og bidra med vitskapelege metodar som kan løyse slike utfordringar
- gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar
Generell kompetanse:
Kandidaten kan:
- tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse for å utvikle eigne kunnskapar og evner i psykologi
- identifisere og utvikle relevante psykologiske problemstillingar og forskingsprosjekt
- vurdere kvalitet og relevans av eksisterande psykologisk forsking
- reflektere over og drøfte etiske, faglege og praktiske aspekt i si framtidige yrkesrolle
Korleis søke
Opptakskrav
Opptakskrava til Master i psykologi, studieretning sosial- og kognitiv psykologi
- Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad)
- Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande
- C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
Andre faglige krav
- Bacheloroppgåve på minst 10 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande fag
- Det presiseras at me forventar at søkarane har god evne skriftleg og munnleg fremføring og er innstilt på å delta aktivt i undervisning og gruppearbeid
Sjå dei spesielle opptakskrava for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.