Hjem
Utdanning

Utdanning

Studieplan for PSYKSOKO Sosial- og kognitiv psykologi, vår 2020

Mål og innhald

Målet med studieretninga er å gje kandidatane ei grundig forståing av dei prosesser og mekanismar som formar vår åtferd, som enkeltindivid og i grupper. Slik kunnskap vil la oss handtera sentrale utfordringar i samfunnet, slik som spørsmål knytt til global og teknologisk utvikling, kulturmøter, integrering og konflikt, klimaendringar og berekraft, sikkerheit og beredskap. Nokre av dei tema som dekkast, er mangfald i samfunn og arbeidsliv, tryggleik og risikovurderingar i arbeid og fritid, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, HMS, feilhandlingar og pålitelegheit, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. Kandidatane skal ta aktivt del i eit eller fleire forskingsmiljø gjennom heile programmet, og det leggjest opp til masteroppgåve med egen datainnsamling.

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten har:

  • inngåande kunnskap om psykologifaget sine vitskaplege tema, teoriar, omgrep, metodar og funn innan psykologisk vitskap.
  • inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til psykologisk vitskap
  • kunnskap om korleis forsking innan psykologisk vitskap kan nyttast i arbeidsliv og samfunnsliv

Dugleik:

Kandidaten kan:

  • nytte sine kunnskapar og evner på nye område for å gjennomføre prosjekt og oppgåveløysingar innanfor fordjupingsområdet.
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing innanfor fordjupingsområdet.
  • nytte psykologisk vitskap til å identifisere utfordringar for enkeltpersonar,grupper, lag eller organisasjonar som skal løyse komplekse arbeidsoppgåver og bidra med vitskapelege metodar som kan løyse slike utfordringar.
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.

Generell kompetanse:

Kandidaten kan:

  • tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse for å utvikle eigne kunnskapar og evner i psykologi
  • identifisere og utvikle relevante psykologiske problemstillingar og forskingsprosjekt
  • vurdere kvalitet og relevans av eksisterande psykologisk forsking
  • reflektere over og drøfte etiske, faglege og praktiske aspekt i si framtidige yrkesrolle

Opptakskrav

Opptakskrava til Master i psykologi, studieretning sosial- og kognitiv psykologi

  • Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad).
  • Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
  • Andre faglige krav
    • Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
  • Minstekrav til norsk og engelsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg fremføringsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.

Sjå dei spesielle opptakskrava for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.

Relevans for arbeidsliv

Studiet gjev praktisk analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgåver, som mellom anna sjølvstendig planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd og informasjonsarbeid. Studiet kvalifiserer òg for ei rekkje typar arbeid der informasjonskompetanse, kritisk tenking, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner. Kandidatar kvalifiserer til å arbeide i både offentleg og privat sektor. Studiet er såleis relevant for arbeid i akademia, offentleg forvalting, helseføretak, skuleverk, så vel som i privat sektor. Kandidatane får særskilt kunnskap som er aktuell for å jobbe med spørsmål knytt til integrering og kulturmøter, turismeopplevinga, klimaendringar og berekraft, sikkerheit og beredskap.

Fullført grad kan gje undervisningskompetanse for vidaregåande skule viss han blir supplert med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). PPU ved UiB krev at kandidaten også har 60 sp. i eit anna fagområde enn psykologi, som til dømes samfunnsfag, språkfag, realfag m.m. Mastergraden kvalifiserer for stipendiatstilling ved universitet og høgskular, og å utføre anna psykologisk forsking, til dømes ved helseinstitusjonar og i næringslivet. På grunn av valfridom innan enkeltemne, i tema for masteroppgåva og i eventuelle valfrie kurs i utlandet, har den enkelte kandidat god anledning til å byggje ein fagleg profil på graden som passar til hans/hennar faglege interesser og framtidsplanar.