Hjem
Utdanning

Studieplan for MAPS-PSYK Masterprogram i psykologi, haust 2021

Namn på grad

Master i psykologi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i psykologi er eit 2-årig studieprogram (120 studiepoeng).

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men enkelte forelesningar og rettleiing kan vere på engelsk. Anbefalt litteratur er i hovudsak på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet byggjer på bachelorgrad i psykologi og gir deg ekspertkunnskap og relevant dugleik i fagfeltet psykologi, og ei vald spesialisering innan «sosial- og kognitiv psykologi» eller «åtferd- og nevrovitskap». Som kandidat på programmet sett du deg inn i aktuelle faglege perspektiv og utfordringar i psykologisk forsking, går grundigare inn i vitskapsteori og forskingsmetode, og har fordjupingsemne om moderne forsking som er relevant for kvar av dei to studieretningane. På det siste året av studiet skriv du ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.

Studieretning sosial- og kognitiv psykologi:

Studieretninga gjer deg ei grundig kompetanse innan dei prosesser og mekanismar som formar åtferda til enkeltindivid og i grupper. Du får ekspertkunnskap om menneskeleg oppleving og  tankeprosessar, samhandling og interaksjon, påverknad frå grupper og kultur. Du får innsikt i korleis slik kunnskap kan nyttast til å handsame sentrale utfordringar i dagens samfunn. Nokre av dei tema som dekkast er mangfald i samfunn og arbeidsliv, integrering og konflikt, tryggleik, risikovurderingar, HMS og beredskap i arbeid og fritid, feilhandlingar og pålitelegheit, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. Du vil ta aktivt del i eit eller fleire forskingsmiljø gjennom heile programmet, og det vert lagt opp til masteroppgåve med egen datainnsamling. Det er mogleg med utveksling i tredje semester. Studiet gjer deg i stand til å forstå sosiale og kognitive fenomen, mekanismar og prosessar å kritisk vurdere og bidra til forsking, og å anvende kunnskap frå forsking i ulike samfunnsområder.

Studieretning åtferd og nevrovitskap:

Studieretninga handlar om samanhengen mellom hjerne, åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert nevroradiologi. Nokre av dei tema som dekkast, er nevrobiologiske og teoretiske tilnærmingar til emosjonar, kognisjon og psykopatologi, forskingsmetodar og etiske spørsmål innan psykofysiologi og nevrovitskap for forsking med menneskjer og dyr. Studiet gjer deg i stand til å analysere åtferd og kognitive og emosjonelle prosesser ut frå nevrovitskapens synspunkt, forstå og nytte forskingsmetodar innan kognitiv nevrovitskap, og det å kritisk vurdere forsking.

Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi: (opptak siste gong 2020 høst)
Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling. 

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

  • ha inngåande kunnskap om vitskapleg tema, teori og perspektiv i psykologifaget
  • ha inngåande kunnskap om metodane i psykologifaget
  • ha inngåande kunnskap om sentrale tema, teori, metode og arbeidsfelt relevant for ei av studieretningane «sosial- og kognitiv psykologi» eller «åtferd og nevrovitskap».

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • utføre arbeidsoppgåver som krev å sette seg inn i komplekse saksfelt og løyse oppgåver knytt til menneskelege fenomen og samhandling
  • bruke sin kunnskap og evner for å gjennomføre og lede omfattande prosjekt
  • kritisk vurdere påstandar og forsking knytt til psykologiske fenomen, mekanismar og prosessar
  • analysere faglege problemstillingar og forskingsspørsmål med grunnlag i psykologifaget, fagtradisjonane, faget sin eigenart og plass i samfunnet
  • arbeide sjølvstendig med teoretisk, analytisk og praktisk problemløysing, med grunnlag i eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor psykologifaget
  • kritisk analysere ulike informasjonskjelder og nytte desse til å resonnere fagleg
  • gjennomføre eit sjølvstendig, forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan psykologifaget
  • kunne anvende kvalitative og kvantitative tilnærmingar til forsking
  • handsame store digitale datasett
  • formidle skriftleg og munnleg om komplekse faglege tema
  • kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor psykologifaget, både med spesialistar og til allmenta
  • bidra til fagleg nytenking og innovasjonsprosessar innan fagfeltet.

Opptakskrav

Opptak til masterprogrammet i psykologi krevjar ein fullført bachelorgrad:

  • Du må ha tatt minst 90 studiepoeng som er innan psykologi eller eit tilsvarande fagfelt, eller som høyrer til fagfeltet for den studieretninga du søker på. Du kan søkje opptak basert på poeng som er tatt som del av ulike grader eller frå ulike studiestader.
  • Du må ha snittkarakter på minst C på dei studiepoenga du har som grunnlag for opptak (90 studiepoeng)
  • Du må ha skreve ei bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande fagfelt. Oppgåva skal ha eit omfang på minst 10 studiepoeng
  • Du må ha tatt 15 studiepoeng med forskingsmetode (som dekker både kvalitativ og kvantitativ metode)
  • Om du har tatt emne med namn som ikkje er tydeleg knytt til psykologi, så kan du legge ved eit notat til opptaket som skildrar korleis du meiner emna er relevante/tilsvarande (inkludert tittel på bacheloroppgåve).

For studieretninga «åtferd og nevrovitskap» gjeld i tillegg følgande krav til opptak:

  • 5 studiepoeng i biologisk psykologi med C-krav. For søkjarar frå UiB er biologisk psykologi (5 studiepoeng) ein del av PSYK114 eller PSYK101.

Bachelorgrader frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelor i generell psykologi
  • Bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

Bachelor i psykologi frå:

  • Universitetet i Oslo
  • Universitetet i Tromsø
  • NTNU
  • Høgkolen i Innlandet
  • Bjørknes Høyskole
  • Ansgar Teologiske Høgskole 
  • OsloMet.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande. Der fordjuping/spesialisering i graden ikkje er spesifisert, blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga. Om du har ein bachelorgrad med eit namn som ikkje er tydeleg knytt til psykologi, så kan du legge ved eit notat til opptaket som skildrar korleis du meiner det er relevant (inkludert tittel på bacheloroppgåve).

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte. Minstekrav til norsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Ingen

Obligatoriske emne

Begge fellesemna og dei spesifikke emna for kvar studieretning er obligatoriske

Spesialisering

Du velgjer studieretning "sosial og kognitiv psykologi" eller "åtferd og nevrovitskap" ved opptak. Sjå desse skildra over.

Tilrådde valemne

Ingen

Rekkefølgje for emne i studiet

Første år:

1. semester (haust):

2. semester (vår):

Andre år: Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 30 og 60 poengs masteroppgåve.

3. semester (haust)

  • Sosial- og kognitiv psykologi: Utveksling/valemne eller første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: Første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp 

4. semester (vår)

  • Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK330 Masteroppgåve, 30 sp, eller andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
  • Åtferd og nevrovitskap: Andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp 

Delstudium i utlandet

Det er mogeleg og fagleg anbefalt å reise på utveksling for å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Studenter på studieretninga «sosial- og kognitiv psykologi» kan velgje å skrive ei 30 sp masteroppgave, og ta 30 valfrie studiepoeng på utveksling. Om du velgjer å skrive ei 60 studiepoengs masteroppgåve kan du velgje å skrive deler av oppgåva mens du er på utveksling i ditt 3. semester, dette gjeld begge studieretningar

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur, lab-arbeid, skriftleg og munnleg presentasjon, prosjektarbeid, bedriftsbesøk og samarbeid med næringsliv, og offentlige og private institusjonar.

Vurderingsformer

Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er nærare omtalt i

emneskildringane. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen og heimeeksamen.

Karakterskala

Karakterskalaen for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad).

Relevans for arbeidsliv

Studieprogrammet er basert på forsking og ekspertise om psykologiske prinsipp og korleis desse nytast i ulike deler av samfunnet. Som ferdig kandidat har du høg og oppdatert kompetanse innan fagfeltet og vil være godt skikka til å virke innan arbeidsfeltet som fagperson i psykologi. Studiet kvalifiserer deg for ei rekkje typar arbeid som etterspør fagkunnskap, informasjonskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag. Du vil også ha eit grunnlag for vidare forsking, anten som ei akademisk karriere (ph.d.-studium), eller å gjere forsking som del av andre aktivitetar i eit anna yrke.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringa for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ikkje relevant.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultet

Informasjonssenteret ved det psykologiske fakultet