Hjem

Utdanning

Master

Psykologi, master, 2 år

  • Lengde4 Semester
  • Studieplassar40
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Ny student

Ny student

Velkommen til studiestart på masterprogrammet i psykologi, et studium som vert administrert av Det psykologiske fakultet.

Her finner du informasjon om studiestarten din.

Første oppmøte er mandag 13. august:

Måndag 13. august, kl. 10:15 skal du møte i Christies gate 12, «C12 - Bjørn Christiansens hus», på seminarrom 555, 5. etg, for orienteringsmøte.

Tysdag 14. august er det velkomstdag for nye studentar på masterprogrammet. Det vil kome meir informasjon om dette på Mitt UiB, men sett av dagen.

  • Gjer deg kjend med UiB, om blant anna bustad, lesesalar og studentbevis

Spørsmål?

Ta kontakt med oss i Infosenteret i Bjørn Christiansens hus, telefonnummer 55 58 27 10 og e-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Masterprogrammet i psykologi

Presentasjon

Introduksjon

Kva for innverknad har nervesystemet på kognisjon og åtferd? Kva skal til for å fungere som ein endringsagent i ein organisasjon? Kva for nytenking fins i psykologifaget i desse dagar?

Masterprogrammet i psykologi byggjer på forsking og ekspertise i basale og bruksretteta felt i psykologi til å utdanne studentar med høg kompetanse i psykologifaget.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i psykologi. Studiet har tre studieretningar; studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi, sosial og kognitiv psykologi og åtferd og nevrovitskap.

Mål og innhald

Studieprogrammet tillèt dei med bachelorgrad i psykologi å tileigne seg ekspertkunnskap og relevant dugleik innan eit av tre fagfelt innan psykologifaget, med studieretningar innan «arbeids- og organisasjonspsykologi», «sosial- og kognitiv psykologi», eller «åtferd- og nevrovitskap». Kandidatane sett seg inn i aktuelle faglege perspektiv i psykologisk forsking, lærer relevant vitskapsteori og forskingsmetode, og har fordjupingsemne om moderne forsking som er relevant for kvar av dei tre studieretningane. Mot slutten av studiet skriv kandidatane ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.

Studieprogrammet skal byggje på forsking og ekspertise i basale og bruksretta felt i psykologi, og dei ferdige kandidatane har høg kompetanse innan fagfeltet. Studiet kvalifiserer for ei rekkje typar arbeid der informasjonskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner. Studiet legg òg grunnlaget for vidare forsking, anten som ei akademisk karriere (ph.d.-studium), eller innan andre yrke der forsking inngår som ei av aktivitetane.

 

Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi:

Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling.

Studieretning sosial og kognitiv psykologi:

Studieretninga gjer deg ei grundig forståing av dei prosesser og mekanismar som formar vår åtferd, som enkeltindivid og i grupper. Slik kunnskap vil la oss handtera sentrale utfordringar i samfunnet, slik som spørsmål knytt til global og teknologisk utvikling, kulturmøter, integrering og konflikt, klimaendringar og berekraft, sikkerheit og beredskap. Nokre av dei tema som dekkast, er mangfald i samfunn og arbeidsliv, tryggleik og risikovurderingar i arbeid og fritid, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, HMS, feilhandlingar og pålitelegheit, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. Kandidatane skal ta aktivt del i eit eller fleire forskingsmiljø gjennom heile programmet, og det leggjest opp til masteroppgåve med egen datainnsamling. Det er mogleg med utveksling i tredje semester.Studiet gjer deg i stand til å forstå sosiale og kognitive fenomen, mekanismar og prosessa å kritisk vurdere og bidra til forsking, og å anvende kunnskap frå forsking i ulike samfunnsområder.

Studieretning Åtferd og nevrovitskap

Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi (med biologisk psykologi som ein føresetnad). Føremålet med programmet er å gi ei oversikt over samanhengen mellom hjernen til mennesket og åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert nevroradiologi.

Fagleg profil

Masterprogrammet i psykologi har revidert studieplanen for studentar som får opptak og startar hausten 2018. Meir informasjon finn du wlt;a href="http://www.uib.no/psyfa/104817/nytt-studiel%C3%B8p-nye-masterstudentar-i-psykologi-hausten-2018>her

Masterprogrammet i psykologi gjev ein kompetanse i psykologifaglege kjerneområde. Graden har tre studieretningar: Studieretning for arbeids- og organisasjonspsykologi, studieretning for sosial og kognitiv psykologi og studieretning for åtferd og nevrovitskap. Programmet er bygd opp i tett samarbeid med instituttas forskingsgrupper og har ei ikkje-klinisk vinkling

Studiestart - semester

Haust

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

  • ha avansert kunnskap innanfor ei av dei tre studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi, sosial og kognitiv psykologi eller åtferd og nevrovitenskap.
  • ha inngåande kunnskap om dei vitskaplege teoriane og metodane i psykologifaget.

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • nytte sine kunnskapar og evner på nye område for å gjennomføre avanserte prosjekt og oppgåveløysingar.
  • analysere faglege problemstillingar og forskingsspørsmål med basis i psykologifaget, i faghistoria, fagtradisjonane, eigenarten til faget og plassen det har i samfunnet.
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor psykologifaget, og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing.
  • bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte.
  • analysere og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere fagleg baserte resonnement.
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

  • analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan psykologifaget.
  • formidle frå eige sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformene i psykologifaget.
  • kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor psykologifaget, både med spesialistar og til allmenta.
  • bidra til fagleg nytenking og innovasjonsprosessar.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Ein kandidat som vel 30 sp. mastergradsoppgåve kan gjennomføre inntil 30 sp.

studiespesialisering i utlandet. Ein kandidat som vel 45 sp. mastergradsoppgåve kan gjennomføre

inntil 15 sp. valemne eller studiespesialisering i utlandet.

Anbefalte utvekslingsavtalar

Korleis søke

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til master i psykologi er:

  • Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad).
  • Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
  • Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
  • Minstekrav til norsk og engelsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.

Dei tre studieretningane har spesifikke opptakskrav: Sjå utfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon

Masterprogrammet i psykologi med tre studieretningar har fått revidert studieløp for studentar som får opptak og startar hausten 2018. Meir informasjon finn du 0lt;a href="http://www.uib.no/psyfa/104817/nytt-studiel%C3%B8p-nye-masterstudentar-i-psykologi-hausten-2018>her

Studiestart - semester

Haust

Oppbygging

Masterprogram i psykologi (krav 120 SP)
Studieretninger (krav 120 SP)
Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi (krav 120 SP)
Masterprogram i psykologi, fellesemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK301Perspektiv i psykologisk vitskap151
MAPSYK302Forskingsmetodar152
Arbeids- og organisasjonspsykologi - Fordjupningsemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK321Organisasjons- og leiarutvikling151
MAPSYK322Team- og arbeidsmiljøutvikling152
Masterprogram i psykologi - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Veiledningskontrakt
Valemne (krav 15 SP)
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK323Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma154
Masteroppgave 45 sp (krav 45 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK345Masteroppgåve i arbeids- og organisasjonspsykologi453–43
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
30 sp valemne
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Studieretning Åtferd og nevrovitskap (krav 120 SP)
Masterprogram i psykologi, fellesemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK301Perspektiv i psykologisk vitskap151
MAPSYK302Forskingsmetodar152
Behavioral Neuroscience - Fordjupningsemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK319ABehavioral Neuroscience 1: Biological Psychology152
MAPSYK319BKognitiv nevrovitskap151
Masterprogram i psykologi - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Veiledningskontrakt
Masteroppgave 60 sp (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK360Masteroppgåve i psykologi603–43
Studieretning sosial- og kognitiv psykologi (krav 120 SP)
Masterprogram i psykologi, fellesemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK301Perspektiv i psykologisk vitskap151
MAPSYK302Forskingsmetodar152
Sosial- og kognitiv psykologi - Fordjupningsemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK303Anvendt sosial og kognitiv psykologi: Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar og kulturelt mangfald i samf. og arb.151
MAPSYK304Forskingsperspektiv innanfor sosial- og kognitiv psykologi: Kultur, berekraft og turistopplevinga152
Masterprogram i psykologi - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Veiledningskontrakt
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
30 sp valemne
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Studieretning psyk. vitskap - fordjuping psykologisk vitskap (krav 120 SP)
Masterprogram i psykologi, fellesemne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK301Perspektiv i psykologisk vitskap151
MAPSYK302Forskingsmetodar152
Psykologisk vitenskap - Fordypningsemner (krav 30 SP)
Fire av emna blir tilbode
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAPSYK312Menneskelege faktorar i operative situasjonar7.51
MAPSYK313Psykologiske perspektiv på kulturelt mangfald i samfunns- og arbeidsliv7.51
MAPSYK316Turistopplevingas psykologi7.52
MAPSYK317Videregåande tema i kognitiv psykologi7.52
Masterprogram i psykologi - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Veiledningskontrakt
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
30 sp valemne
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Studieretningar