Hjem

Master i spesialpedagogikk

I eit samfunn som stadig er i utvikling er spesialpedagogisk kompetanse i aukande grad etterspurt. Ei mastergrad i spesialpedagogikk gir deg oppdatert kunnskap om individuelle, samfunnsmessige og politiske forhold som kan ha konsekvensar for barn og unge si utvikling, læring og deltaking.
  • Lengde2 år
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (Annankvart år: 2021, 2023, osv)

Hovedinnhold

Varsel om endringar: Masterprogrammet i spesialpedagogikk er nyoppretta og går første gong hausten 2021. Noko av informasjonen om studiet kan bli endra fram mot studiestart.

 

Spesialpedagogikk handlar om å fremme god læring-, utvikling- og livsvilkår for barn, unge og vaksne som av ulike grunnar møter eller er i risiko for å møte funksjonshemmande vanskar og barrierar i si utvikling, læring og livsutfalding. Spesialpedagogikken si primære rolle er difor å hjelpe praksisfeltet i korleis vi ved bruk av spesialpedagogisk kunnskap kan førebygge at vanskar og barrierar oppstår og får utvikle seg, men og for å avhjelpe og redusere vanskar og barrierar som allereie finst.

Spesialpedagogikk er en fagdisiplin retta mot å synleggjere, forstå og utfordre ekskluderings- og marginaliseringstendensar i barnehage, skule og samfunn, og kan sånn sett representere eit nødvendig korrektiv om politikk og praksis slår uheldig ut for enkeltpersonar eller sårbare grupper.

Karriere

Master i spesialpedagogikk gir deg moglegheit for jobb på område der kompetanse innan læring og utvikling er relevant, til dømes innanfor kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, arbeidsinkludering, kultursektoren eller velferdsforvaltninga (PP-tenesta). 

Master i spesialpedagogikk gir ikkje formell undervisningskompetanse i skuleverket, men kvalifiserer til ulike assistentstillingar i barnehage, skule, SFO og omsorgsbustader. Dette er aktuelt dersom du ikkje også har ei barnehagelærar eller lærarprofesjonsutdanning i fagkretsen din.

Med master i spesialpedagogikk er du mellom anna kvalifisert til å søke stillingar som:

  • Leiarstilling
  • Rådgivar i utdanningssektoren
  • Undervisning- og forskingsarbeid (inkl. Ph.d.) ved universitet og høgskule
  • Administrativt arbeid knytt til studieavdelingar ved universitet og høgskule (studiekonsulent, programkoordinator m.m.)
  • Arbeid med barn og unge med ulike læringsutfordringar i offentlege og private institusjonar

Oppbygging

Første år:

1. semester (haust):

  • SPED311 (15sp): Spesialpedagogisk grunnlagstenking
  • SPED313 (15sp): Systemarbeid og kartlegging

2. semester (vår):

  • SPED312 (15sp): Forskingsmetode
  • SPED314 (10sp): Spesialpedagogisk rettleiing i teori og praksis
  • SPED315 (5sp) : Education for gifted and talented children/Opplæring og undervisning for barn og elevar med ekstraordinært læringspotensial

Andre år:

3. og 4. semester (haust og vår):

  • SPED395: Masteroppgåve i spesialpedagogikk

I masteroppgåva skal du fordjupe deg i ein sjølvvalt tematikk med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet. Oppgåva skal gjennomførast som et sjølvstendig forskingsprosjekt, under rettleiing og i tråd med forskingsetiske retningslinjer.

Masterstudiet i spesialpedagogikk ved UiB er det einaste masterprogrammet i spesialpedagogikk i Noreg der du kan bruke eit heilt år (60 studiepoeng) på masterprosjektet ditt. Du kan anten skrive masteroppgåve i tilknyting til allereie pågåande forskingsprosjekt ved Institutt for pedagogikk, eller om eit tema du vel sjølv.

Vi har fokus på studentaktiv forsking og du vil difor uansett ha stor fridom til å utforme prosjektet som gjer at du kan gå grundig inni i tema og problemstillingar som du synes er interessante. Du får tildelt ein rettleiar som vil hjelpe deg å finne ei god innretning på oppgåva, og som rettleiar deg undervegs i forskingsprosessen.

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Fagmiljøet i spesialpedagogikk held til i Vektertorget, Christies gate 13 og Bjørn Christiansens hus, Christies gate 12 som er hovudbygget til Det psykologiske fakultetet. Det er og her du vil tilbringe mesteparten av tida di som masterstudent.

All undervisning i masterstudiet vil i utgangspunktet skje på campus. Samtidig vil vi lesgge opp til ein veksling mellom fysisk og digital undervisning undervegs. Dette for å førebu deg på sjølvstendig arbeid med masteroppgåva, men og for å gjere deg kjend med ulike arbeidsformer som du kan møte på i arbeidslivet.

Studiet er bygd opp av desse elementa:

  • Forelesingar
  • Seminar
  • Praksis i opplæring eller støttetenestene
  • Sjølvstudium 
  • Masteroppgåve

Alle studentorganisasjonane ved Det psykologiske fakultetet er samla under Psykologisk studentforening (PSF). Vi har eit eige Fagutval for pedagogikk og spesialpedagogikk som skal være eit bindeledd mellom studentane og leiinga ved fakultetet.

Kva lærer eg

Etter fullført mastergrad kan du:

  • Nytte spesialpedagogisk fagkunnskap på  område der spesialpedagogikk er relevant 
  • Formidle og analysere faglege problemstillingar både skriftleg og munnleg
  • Gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, og i tråd med gjeldande forskingsetiske retningslinjer 
  • Arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing

Les heile studieplanen

Utveksling

Vi anbefaler at du skriv delar av masteroppgåva under eit utanlandsopphald. Det forutset at følger følger avtaler UiB (ev. hovudrettleiar) har med utanlandske institusjonar.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Opptakskrav

Masterprogrammet i spesialpedagogikk byggjer på ein bachelorgrad med minimum 80 studiepoeng i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi eller tilsvarande.

Profesjonsutdanningar som til dømes barnehageutdanning eller lærarutdanning der 80 studiepoeng spesialisering ikkje er spesifisert vil også kvalifisere for opptak. Der mengd fordjuping/spesialisering i graden ikkje blir spesifisert, blir alle emna i bachelorgraden brukt i poengutrekninga.

For andre bachelorgrader er det eit krav om minimum 80 studiepoeng spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi. Dei 80 studiepoenga i spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi vil utgjere grunnlaget for poengutrekninga.

Du må også ha:

Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte. Minstekrav til norsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i spesialpedagogikk er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiserast at søkarane må ha god skriftleg og munnleg framføringsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.

Bachelorgrader som kvalifiserer:

Bachelorgrad i spesialpedagogikk

Bachelorgrad i pedagogikk

Bachelorgrad i generell psykologi

Profesjonsutdanningar som kvalifiserer:

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Lektorutdanning

Barnehagelærarutdanning

Førskulelærarutdanning

Allmennlærarutdanning

Ved oppstart må studentane leggje fram gyldig politiattest

 

Korleis søke

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her