Hjem

Administrasjon og organisasjonsvitskap, master, 2 år

Administrasjon og organisasjonsvitskap er studiet av politikk og demokrati, staten og forvaltninga sine rollar, og det organiserte samfunnslivet generelt.
  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk
  • Studieplassar26

Vi legg særleg vekt på teoriar om organisasjonar og organiserte tiltak, og politiske institusjonar og demokrati. Vi ser på ulike grupper si makt over samfunnsstyringa, uregjerlege problem og samordning, forholdet mellom kunnskap og makt, reformer og omstilling, samfunnssikkerheit og beredskap.  

  • Korleis blir eit land styrt på best måte?   
  • Korleis fungerer eller fungerer ikkje NAV-reforma, politireforma eller andre reformer?  
  • Korleis handterer eit demokrati klimaproblem, fattigdom og flyktningkrise?  

Her lærer du om politikken og forvaltninga si rolle i å handtere slike utfordringar og problem.   

Meir informasjon under

Administrasjon og organisasjonsvitenskap

Produsent:
UiB

Jobb

Etter avslutta studie har du ein grunnleggande forståing for samfunnet og politikken, og kva for konsekvensar politikken har for enkeltmenneske og for samfunnet. Dette er ein kunnskap som gjer deg attraktiv for mange ulike arbeidsgjevarar. Moglege arbeidsplassar er:

  • kommunen, fylket eller staten
  • norske og utanlandske organisasjonar (private og offentlege)
  • privat sektor
  • internasjonale selskap

Noko av det du kan bli, er prosjektkoordinator, rådgjevar på ulike nivå, konsulent eller seksjonssjef. 

Med ein mastergrad kan du søkje opptak til forskerutdanningen og ta en doktorgrad (ph.d.).

Kva jobbar tidlegare studentar frå studiet med? Les intervju.

Studiekvardag

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Alle emna er obligatoriske, med unntak av andre semester, der du har eitt valemne på 10 studiepoeng. 

Læringa skjer gjennom forelesningar, seminargrupper og sjølvstudium. Du bruker omtrent ti timer på undervisningsaktivitetar kvar veke.  

På dette studiet får du eit unikt innblikk i “forskarverkstaden” gjennom deltaking på forskargruppeseminar kvar veke. På seminara legg både studentar og dei tilsette fram og diskuterer det dei arbeider med, både artiklar og masteroppgåver. 

Som masterstudent får du eigen pult på lesesalen. Masterstudentane har eit godt sosialt miljø med eiga lunsjgruppe. Dei har òg eit Masterutval som står bak ulike arrangement gjennom semesteret, og er studentane sitt talerøyr opp mot instituttet. 

Oppbygging

Mastergradstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.   

1. semester

  • AORG320A Organisasjonsteori (10 sp)
  • AORG322A Offentleg politikk (10 sp)
  • AORG323A Kvalitativ metode og vitskapsteori (10 sp) 

2. semester

Eitt av følgande emne: 

  • AORG325 Skjønn og paternalisme (10 sp)
  • AORG326 Politisk organisering og flernivåstyring (10 sp)
  • AORG327 Kunnskap, politikk og styring (10 sp)
  • AORG328 Leadership in Organizational and Cultural Contexts (10 sp)

3. og 4. semester

I arbeidet med masteroppgåva er det mange spennande forskingsprosjekt å knytte seg til. Oppgåva er eit stykke sjølvstendig forsking, med regelmessig rettleiing.

Se oversikt over alle kurs

Kva lærer du

Med ein mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap får du ei allsidig teoretisk og metodisk opplæring, og får gode analytiske evner. 

  • Du får god oversikt og avansert kunnskap om nyare teori og forsking om organisasjonar, offentleg forvaltning, offentleg politikk og styring. 
  • Du utviklar også evne til kritisk tenking, og kan gjennomføre analyse om offentleg politikk og styringsrelaterte utfordringar. 
  • Du kan på sjølvstendig grunnlag diskutere, analysere og utnytte fagleg innhald for å svare på relevante forskingsspørsmål og forskingsmål innanfor ulike politikkområde og på nye tema.

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan ta delar av utdanninga di i eit anna land, og vi har fleire utvekslingsavtalar. Vi tilrår at du drar ut i andre semester, og at du finn emne som svarar til dei to obligatoriske forskingsemna i graden. 

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser, og er mogleg å gjennomføre på masternivå. 

Slik reiser du på utveksling

Praktisk informasjon

Grad:
Master i administrasjon og organisasjonsvitskap
Studiepoeng:
120
Studiestart:
Haust

Les heile studieplanen

Opptakskrav

For opptak til mastergraden i administrasjon og organisasjonsvitskap må du ha ein bachelorgrad eller tilsvarande grad med minst 90 studiepoeng spesialisering i administrasjon og organisasjonsvitskap/statsvitskap.

Bachelorgrad i administrasjon og organisasjonsvitskap frå UiB gir fagleg grunnlag for opptak til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Om du har ein bachelorgrad i samanliknande politikk frå UiB eller statsvitskap frå eit anna Universitet i Noreg, er du fagleg kvalifisert til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Graden må innehalde samfunnsvitskapelig metode.

Det er karaktersnittet i spesialiseringa i administrasjon og organisasjonsvitskap/statsvitskap som dannar opptaksgrunnlag til masterprogrammet, og søkjar må ha minimum C i snitt for å bli vurdert for opptak.

Korleis søke

Søknad om opptak til master i Søknadsweb. Søknadsfristen er 15. april. Sjå informasjon om opptaket og søknadsprosedyrar på Det samfunnsvitenskaplege fakultet sine nettsider.

 

Meir informasjon

Telefon 
55 58 24 87