Hjem
Utdanning

Namn på grad

Masterprogrammet fører fram til graden master i administrasjons- og organisasjonsvitskap.

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng fordelt på fire semester (2 år).

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

Masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap tar sikte på utvikle evna til sjølvstendig analyse av organisasjonar og politikk. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. Masterstudiet gir studentane øving i vitskapleg arbeid og framstilling. Studiet tar sikte på å gi ei allsidig teoretisk og metodisk opplæring, og styrkje studentane sine analytiske evner. Skriftlege arbeid og aktiv deltaking i forskingsgrupper skal fremje eigeninnsats og evna til sjølvstendig arbeid. Masterstudiet skal gi grunnlag for vidare forskings- og utgreiingsarbeid, og for å kunne gi råd om organisasjonsspørsmål.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande oversikt og avansert kunnskap om nyare teori og forsking om organisasjonar, offentleg forvaltning, offentleg politikk og styring
  • kan gje eit systematisk oversyn over nyare organisasjonsteori og institusjonell teori, og har avansert kunnskap om korleis offentlig politikk og styring analyserast ut frå slike teoriar og forskjellige teoretiske perspektiv
  • kan gjera greie for den historiske utviklinga av fagfeltet, og bruke kunnskapen til å analysere relevante faglege problemstillingar, samt anvende kunnskap med utgangspunkt i fagområdet si historie og eigenart på fleire og nye områder for offentleg politikk og styring
  • drøfte grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget, og gjere greie for dei viktigaste kvalitative og kvantitative metodane innanfor statsvitskap/offentleg administrasjon
  • forklare relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar, logikken i eksperimentelle metodar og ulike statistiske metodar
  • forstå og drøfte kritisk metodar i andre forskingsbidrag

Ferdighet

Studenten

  • har utviklet evne til kritisk tenking og kan gjennomføre uavhengig avansert analyse som vurderer, diagnostiserer og omhandlar offentlig politikk og styringsrelaterte utfordringar
  • kan på en sjølvstendig måte analysere og anvende eksisterande teoriar, fortolkingar og empiriske arbeider innanfor forskingsområdet i eiget forskingsarbeid
  • kan utvikle og presentere kritiske vurderingar av fagleg litteratur, drøfta og vurdera relevansen av ulike faglege bidrag i møte med ulike samfunnsproblem, samt bruka organisasjonsteori og institusjonell teori i eit sjølvstendig forskingsarbeid
  • argumentere for val av både kvalitative og kvantitative metodiske tilnærmingar med utgangspunkt i ei problemstilling, og anvende ulike metodar i empiriske analysar
  • integrere ulike metodar i, og konstruere velgrunna design for eitt forskingsopplegg

Generell kompetanse

Studenten

  • kan på sjølvstendig grunnlag diskutere, analysere og utnytte faglig innhald for å svare på relevante forskingsspørsmål og forskingsmål innanfor ulike politikkområder og på nye tema
  • kan bidra til teoretisk nytenking og utvikling av fagområdet samt anvende ulike forskingsmetodar
  • kan formidle og diskutere avanserte faglege resonnement til andre, og bidra til praktisk anvending av relevant faglig innsikt i skriftleg og munnleg drøfting med relevante aktørar i offentleg politikk og forvaltning
  • anvende ulike vitskapsteoretiske perspektiv for å grunngje eigne metodeval, og utvikle eigne forskingsopplegg
  • gjere grunngjevne val av metodisk tilnærming, argumentere for sterke og svake sider ved ulike val, og vurdere kritisk rekkevidda til forskingsresultat

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-90 studiepoeng spesialisering i administrasjon og organisasjonsvitskap/statsvitskap.

Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:

  • Administrasjon og organisasjonsvitskap
  • Samanliknande politikk
  • Politisk økonomi
  • Europastudium med spesialisering innan statsvitskap

Eksterne bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Statsvitskap frå UiO, NTNU, UiA, UiS, UiT, UiN, USN
  • Internasjonale studiar, UiO
  • Utviklingsstudiar, UiO
  • Europastudiar, UiO
  • Planlegging og administrasjon, HiVolda
  • Juss og administrasjon, HiMolde
  • Samfunn, språk og kultur (med spesialisering i statsvitskap 90 stp), HiOF
  • Internasjonale studiar med historie, INN
  • Politisk økonomi, NTNU
  • Europastudiar med framandspråk, NTNU

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-90 studiepoeng i administrasjon og organisasjonsvitskap/statsvitskap eller tilsvarande, inkludert minimum 10 studiepoeng i samfunnsvitskapleg metode.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C (3,0) i spesialiseringa i administrasjon og organisasjonsvitskap/statsvitskap.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva vil normalt vere om lag 100 sider lang og er normert til 60 studiepoeng. Arbeidet med masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. I samband med skrivinga av masteroppgåva har studenten rett på regelmessig rettleiing frå ein rettleiar frå den vitskaplege staben ved instituttet. Forholdet mellom student og rettleiar blir regulert i ein rettleiingskontrakt. Studenten vel oppgåvetema i samråd med rettleiaren.

Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar for vår- og haustsemesteret: 1. juni og 1. desember. Innlevering av masteroppgåva på anna tidspunkt må skje etter individuell søknad.

Rekkefølgje for emne i studiet

1.semester

2. semester

3. og 4. semester

I tilknyting til arbeidet med AORG332 Forskingsdesign inngår studenten kontrakt med rettleiar. I 3. og 4. semester skriv studenten AORG350 Masteroppgåve. Dette arbeidet skal ha tilknyting til ein av instituttet sine forskingsgrupper. Deltaking på forskingsseminar og jamn kontakt med rettleiar er ein sentral del av ei vellykka gjennomføring av masteroppgåva. Rettleiingskontrakten er gjensidig forpliktande og gir studenten rettar vidare i prosessen fram mot mastergraden.

Delstudium i utlandet

Du kan reise på utveksling som en del av mastergraden din i administrasjon og organisasjonsvitskap. Det finst fleire alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiBs mange bilaterale avtalar.

Det vert anbefalt at utanlandsstudiet leggjas til 2. semester. Studentar på utveksling må ta emne til erstatning for to obligatoriske forskingsemne i graden. Eit godt tilrettelagd alternativ for dette er å ta semesteret ved Universität Potsdam, men andre alternativ er også mogleg. Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og er mogleg å gjennomføre på masternivå. Sjå instituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet bruker i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og munnleg eksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Relevans for arbeidsliv

Faget representerer eit kunnskapsfundament som blir brukt på fleire område. Mange med eksamen frå administrasjon og organisasjonsvitskap arbeider innan offentleg verksemd som departement, direktorat og i store nasjonale og internasjonale organisasjonar. Mange kandidatar finn også vegen til massemedia, forsking, utreiing og undervisning. Det er ein aukande tendens til at kandidatar med eksamen frå faget går inn i jobbar i privat sektor, særleg i store, internasjonalt retta selskap.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Christiesgt. 17

5007 Bergen

Administrativt ansvarleg

studieveileder@aorg.uib.no

55 58 21 54