Hjem

Utdanning

Master

Geografi, master, 2 år

  • Lengde2 år
  • Studieplassar20
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Introduksjon

Masterprogrammet i geografi passar for deg som er oppteken av aktuelle problemstillingar rundt samfunn, miljø og natur. Du vil lære meir og fordjupe deg i aktuelle samfunnsutfordringar og få avansert kunnskap innanfor tema som:

  • Grøn omstilling og planlegging
  • Stads- og næringsutvikling
  • Klimaendringar og naturfare
  • Global utvikling, migrasjon, makt og rettferd
  • Forvaltning av naturressursar
  • Klima og energiomstilling
  • Landskapsendringar og miljø
  • Matsikkerheit i det globale sør

På Institutt for geografi ved UiB får du utvikla deg i et fagmiljø kor natur- og samfunnsgeografar er sterkt representert. Dette tilbyr et unikt tverrfaglig miljø. Som masterstudent får du tilgang til lesesalsplass på instituttet, kor du får nær kontakt med medstudentane og fagpersonane. Geografistudentane er kjent for eit godt og inkluderande studentmiljø.

Mål og innhald

Institutt for geografi tilbyr ein toåring mastergrad i geografi innanfor dei fire studieretningane:

  • Miljø- og landskapsgeografi
  • Naturgeografi
  • Utviklingsgeografi
  • Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging

Mastergraden er todelt og består av ein teoridel tilsvarande 60 studiepoeng og ei eiga praktisk/teoretisk masteroppgåve på 60 studiepoeng.

I løpet av det 2-årige studiet skal studentane utvikle kunnskap om sentrale tema, metodar, problemstillingar og forskingstradisjonar innan geografi. Studenten skal med rettleiing gjennomføra eit sjølvstendig praktisk/teoretisk forskingsprosjekt, normalt basert på feltarbeid, som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter og evner til å utforme, drøfte og analysere problemstillingar innan geografi.

Metode

Metodisk er faget vel så kvalitativt som kvantitativt, med ein sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudiar er derfor ein sentral og metodisk del av faget, både i undervisninga og i masteroppgåva. Masteroppgåva kan dessutan basere seg på spesielle geografiske metodar som kartografi, GIS (geografiske informasjonssystem) og fjernanalyse.

Masteroppgåve

Gjennom arbeidet med masteroppgåva vil du erfare korleis det er å jobbe sjølvstendig med eit stort prosjekt. Du får gå i dybda på eit tema som interesserer deg. Du får ein unik kompetanse på det temaet du jobbar med, i tillegg til praktiske og metodiske ferdigheiter som vil gjere deg godt rusta for arbeidslivet.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Geografar har ferdigheiter som trengs for å jobbe med komplekse samfunnsutfordringar på tvers av faglege skiljelinjer, kvalifikasjonar som blir verdsatt i arbeidslivet. Kombinasjonen av ein tverrfagleg bakgrunn med feltarbeid og arbeid i grupper i bachelorgraden og arbeidet med eit eige, stort prosjekt i mastergraden gjer geografar til allsidige og attraktive arbeidstakarar i mange sektorar.

Vidare studium

Studentar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innan geografisk forsking og spesialisert innsikt knytt til valt spesialisering innan studieretningane naturgeografi, miljø- og landskapsgeografi, utviklingsgeografi eller økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging
  • kan analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som brevariasjonar, flaum, skred, frostfenomen, tregrensefluktuasjonar, plantesuksesjon og klimaendringar (kandidatar i naturgeografi)
  • kan analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som natur- og kulturlandskap, endringsprosessar, biodiversitet, natur- og miljøforvaltning, økologi, vegetasjon og klima (kandidatar i miljø- og landskapsgeografi)
  • kan analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som utvikling og migrasjon, politisk økologi, miljødiskursar og institusjonar i utviklingsland (kandidatar i utviklingsgeografi)
  • kan analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som entreprenørskap, innovasjonar, føretaksstrategiar, næringsutvikling, energi- og miljømessig omstilling, arbeidsmarknad, velferdsspørsmål, stadutvikling, by- og regionalplanlegging (kandidatar i økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging)
  • kan analysere geografiske problemstillingar med utgangspunkt i ei faghistorisk og vitskapsteoretisk forståing, geografifaget sin eigenart og rolle i samfunnet.
  • kan nytte kunnskapen på nye område innanfor geografifaget

Ferdigheit

Kandidaten

  • kan bruke aktuelle teoriar, metodar og fortolkingar innan spesialiseringa i geografi og arbeide sjølvstendig og i team med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan etablere og vidareutvikle profesjonelle relasjonar med aktørar i samfunns- og næringsliv
  • kan velje og avgrense eit forskbart tema for ei masteroppgåve og utvikle ei problemstilling som kan gjennomførast innanfor den gitte tids- og ressursmessige ramme
  • Kan velje relevante metodar for innsamling av empiriske data, og gjere greie for metodeval epistemologisk
  • kan avgrense, planlegge og gjennomføre innsamling av empiriske data gjennom ulike former for feltarbeid
  • kan drøfte og analysere ulike informasjonskjelder kritisk, analysere og tolke empiriske primær- og sekundærdata og formulere geografisk faglege resonnement og analysar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan gjere systematiske søk i bibliotek, vitskaplege og andre databaser og kritisk tolke og vurdere data og litteratur
  • kan innhente og behandle data og gjere feltundersøkingar i samsvar med god metodisk og etisk praksis
  • kan presentere forskingsresultat som akademisk tekst, i offentlege medium og i munnleg form

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Studieretningar 

Masterprogrammet i geografi er organisert i fire studieretningar:

  • Naturgeografi
  • Miljø- og landskapsgeografi
  • Utviklingsgeografi
  • Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging

Studieløp

Første året er kursdel, der du tar emne på 60 studiepoeng. 2. året er oppgåvedelen, der du på bakgrunn av eit feltarbeid skriv masteroppgåva under veiledning.

1. semester

Felles:

  • GEO308 Vitskapsteori og forskingsdesign for geografi
  • GEO310 Skrivekurs og prosjektskildring

Teorikurs for din studieretning:

  • GEO313 Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar
  • GEO326 Geographical Perspectives on Food
  • GEO328 Planlegging og samfunn
  • GEO329 Miljøfag, naturforvaltning og arealplanlegging

2. semester

Teori- og metodekurs for din studieretning:

  • GEO306 Methods in Human Geography
  • GEO312 Særemne i naturgeografi
  • GEO316 Practical Skills in Remote Sensing and Spatial analysis
  • GEO324 Geographies of the Green Economy
  • GEO337 Critical Perspectives on Environment and Development
  • GEO341 Mastergradsfeltkurs i naturgeografi
  • UNIS (Svalbard)
  • Utveksling

3. og 4. semester

  • GEO350 Masteroppgåve i geografi
  • Innleveringsfrist 15. mai i 4. semester
Masterprogram i geografi (krav 120 SP)
Studieretninger (krav 60 SP)
Studieretning i miljø- og landskapsgeografi (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GEO308Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar101–41
GEO310Skrivekurs og prosjektskildring101–41
GEO306Metodar i samfunnsgeografi101–42
GEO316Practical Skills in Remote Sensing and Spatial analysis101–42
GEO337Kritiske perspektiv på miljø og utvikling101–42
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
GEO326Geographical Perspectives on Food101–41
GEO328Planlegging og samfunn101–41
GEO329Miljøfag, naturforvaltning og arealplanlegging101–41
Studieretning i naturgeografi (krav 60 SP)
2. semester kan studentane i tillegg velje eit emne på UNIS (søknadsfrist 15. oktober) eller GEOV
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GEO308Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar101–41
GEO310Skrivekurs og prosjektskildring101–41
GEO313Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar101–41
GEO312Særemne i naturgeografi101–42
GEO316Practical Skills in Remote Sensing and Spatial analysis101–42
GEO341Mastergradsfeltkurs i naturgeografi101–42
Studieretning i utviklingsgeografi (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GEO308Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar101–41
GEO310Skrivekurs og prosjektskildring101–41
GEO326Geographical Perspectives on Food101–41
GEO306Metodar i samfunnsgeografi101–42
GEO324Geographies of the Green Economy101–42
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
GEO316Practical Skills in Remote Sensing and Spatial analysis101–42
GEO337Kritiske perspektiv på miljø og utvikling101–42
Studieretning i økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GEO308Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar101–41
GEO310Skrivekurs og prosjektskildring101–41
GEO306Metodar i samfunnsgeografi101–42
GEO337Kritiske perspektiv på miljø og utvikling101–42
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
GEO326Geographical Perspectives on Food101–41
GEO328Planlegging og samfunn101–41
GEO316Practical Skills in Remote Sensing and Spatial analysis101–42
GEO324Geographies of the Green Economy101–42
Oppgåvedelen (krav 60 SP)
Oppgåvedelen består av feltarbeid og oppgåveskriving
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GEO350Masteroppgåve i geografi601–33
Rettleiingsavtale
Obligatorisk
Rettleiingsavtale for master i geografi skal inngåast innan 2. semester
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk
Prosjektbeskrivelse, master
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk
Fremdriftsrapport, master
Utveksling
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Permisjon
Søknad må sendast instituttet innan 1. sept / 1. feb
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Delstudium i utlandet

Det er i dag mange alternativ for dei studentane som ønskjer å ta ein del av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for geografi tilbyr studieopphald i desse landa og rår studentar som ynskjer delstudium i utlandet om å erstatta særemna med studium hos våre samarbeidspartnarar.

Anbefalte utvekslingsavtalar

Korleis søke

Opptakskrav

Programmet er ope for norske søkjarar og for sjølvfinansierte utanlandske søkjarar som kan norsk ("Bergenstest" 450 poeng, karakteren 2 frå vidaregåande skule eller bestått norskkurs trinn 3 ved Universitetet i Bergen.)

Opptaksgrunnlaget er bachelor- eller cand. mag.-grad i geografi (eller tilsvarande), og det vert stilt minstekrav til spesialiseringa (90 studiepoeng) tilpassa dei ulike studieretningane innanfor bachelorgraden (eller det alternative opptaksgrunnlaget).

Krav til spesialiseringa for opptak på dei ulike studieretningane på master (for søkjarar som har tatt utdanning ved UiB):

Bachelorprogram ved andre utdanningsinstitusjonar som kvalifiserer:

  • UiA: Samfunnsplanlegging og kommunikasjon (Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging)
  • NTNU: Geografi (alle retningar)
  • HVL: Geologi og geofare (Naturgeografi)
  • UiO: Geologi og geografi (Naturgeografi)
  • NMBU: International Environment and Development Studies (Utviklingsgeografi)
  • UiO: Samfunnsgeografi (Utviklingsgeografi, Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging)
  • Nord Universitet: Geografi (Utviklingsgeografi, Miljø- og lanskapsgeografi, Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging)

Andre aktuelle program blir vurdert etter søknad.

Søknadsprosedyre

Søknad om opptak til master i Søknadsweb. Søknadsfristen er 15. april. Sjå informasjon om opptaket og søknadsprosedyrar på Det samfunnsvitenskaplege fakultet sine nettsider.

basv-geog_002.jpg

illustrasjonsbilde
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon