Hjem

Politikk og forvaltning, master, 2 år

Politikk og forvaltning er studiet av politikk og demokrati, staten og forvaltninga sine rollar, og det organiserte samfunnslivet generelt.
  • Lengde2 År
  • Plassar26
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Vi legg særleg vekt på teoriar om organisasjonar og organiserte tiltak, og politiske institusjonar og demokrati. Vi ser på ulike grupper si makt over samfunnsstyringa, uregjerlege problem og samordning, forholdet mellom kunnskap og makt, reformer og omstilling, samfunnssikkerheit og beredskap.  

  • Korleis blir eit land styrt på best måte?   
  • Korleis fungerer eller fungerer ikkje NAV-reforma, politireforma eller andre reformer?  
  • Korleis handterer eit demokrati klimaproblem, fattigdom og flyktningkrise?  

Her lærer du om politikken og forvaltninga si rolle i å handtere slike utfordringar og problem.   

Meir informasjon under

Mastergrad i Politikk og forvaltning

Produsent:
UiB

Jobb

Etter avslutta studie har du ein grunnleggande forståing for samfunnet og politikken, og kva for konsekvensar politikken har for enkeltmenneske og for samfunnet. Dette er ein kunnskap som gjer deg attraktiv for mange ulike arbeidsgjevarar. Moglege arbeidsplassar er:

  • kommunen, fylket eller staten
  • norske og utanlandske organisasjonar (private og offentlege)
  • privat sektor
  • internasjonale selskap

Noko av det du kan bli, er prosjektkoordinator, rådgjevar på ulike nivå, konsulent eller seksjonssjef. 

Med ein mastergrad kan du søkje opptak til forskerutdanningen og ta en doktorgrad (ph.d.).

Kva jobbar tidlegare studentar frå studiet med? Les intervju.

Studiekvardag

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Alle emna er obligatoriske, med unntak av andre semester, der du har eitt valemne på 10 studiepoeng. 

Læringa skjer gjennom forelesningar, seminargrupper og sjølvstudium. Du bruker omtrent ti timer på undervisningsaktivitetar kvar veke.  

På dette studiet får du eit unikt innblikk i “forskarverkstaden” gjennom deltaking på forskargruppeseminar kvar veke. På seminara legg både studentar og dei tilsette fram og diskuterer det dei arbeider med, både artiklar og masteroppgåver. 

Som masterstudent får du eigen pult på lesesalen. Masterstudentane har eit godt sosialt miljø med eiga lunsjgruppe. Dei har òg eit Masterutval som står bak ulike arrangement gjennom semesteret, og er studentane sitt talerøyr opp mot instituttet. 

Tidligare masteroppgåver i administrasjon og organisasjonsvitskap

Oppbygging

Mastergradstudiet i politikk og forvaltning er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.   

1. semester

  • GOV320 Organisasjonsteori (10 sp)
  • GOV322 Offentleg politikk (10 sp)
  • GOV323 Kvalitativ metode og vitskapsteori (10 sp) 

2. semester

  • GOV321 Kvantitativ metode (10 sp)
  • GOV332 Forskingsdesign (10 sp)

Eitt av følgande emne: 

  • GOV326 Politisk organisering og flernivåstyring (10 sp)
  • GOV327 Kunnskap, politikk og styring (10 sp)
  • GOV328 Leadership in Organizational and Cultural Contexts (10 sp)

3. og 4. semester

  • GOV350 Masteroppgåve (60 sp)

I arbeidet med masteroppgåva er det mange spennande forskingsprosjekt å knytte seg til. Oppgåva er eit stykke sjølvstendig forsking, med regelmessig rettleiing.

Sjå oversikt over alle emne

Kva lærer du

Med ein mastergrad i politikk og forvaltning får du ei allsidig teoretisk og metodisk opplæring, og får gode analytiske evner. 

  • Du får god oversikt og avansert kunnskap om nyare teori og forsking om organisasjonar, offentleg forvaltning, offentleg politikk og styring. 
  • Du utviklar også evne til kritisk tenking, og kan gjennomføre analyse om offentleg politikk og styringsrelaterte utfordringar. 
  • Du kan på sjølvstendig grunnlag diskutere, analysere og utnytte fagleg innhald for å svare på relevante forskingsspørsmål og forskingsmål innanfor ulike politikkområde og på nye tema.

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan ta delar av utdanninga di i eit anna land, og vi har fleire utvekslingsavtalar. Vi tilrår at du drar ut i andre semester, og at du finn emne som svarar til dei to obligatoriske forskingsemna i graden. 

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser, og er mogleg å gjennomføre på masternivå. 

Slik reiser du på utveksling

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her