Hjem

Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år

Ønsker du eit sivilingeniørstudium med sterkt innslag av økonomi? Då er det integrerte masterprogrammet i informasjonsteknologi og økonomi, ITØK, midt i blinken for deg.
  • Lengde5 År
  • Ordinær58,7
  • Primær54,5
  • Plassar25
  • OpptakskravSIVING
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Det blir ITØK webmøte onsdag 24. november kl 15

Alle interesserte er velkommen. Zoom lenke her

Studiet gir deg brei kompetanse innan informasjonsteknologi og økonomi. Du kan spesialisere deg innan ei rekke område, som kunstig intelligens, maskinlæring, fintech, bedriftsøkonomi, web science og datatryggleik. Som ein del av studiet vil du få praksis gjennom utplassering i næringslivet.

Studiet gir deg unik kompetanse for å analysere komplekse problemstillingar i skjæringsfeltet mellom teknologi og økonomi. 

Les spørsmål og svar fra nettmøter om studieprogrammet

Meir informasjon under

Sivilingeniør i informasjonsteknologi og økonomi

Producer:
Kindea Labs

Jobb

Studiet gir deg eit verktøy som gjer deg svært attraktiv i arbeidsmarknaden. Med sivilingeniørstudiet i ITØK er du aktuell for jobb innan:

  • Finans og bank
  • Høgteknologibedrifter
  • IT og telekommunikasjon
  • Konsulentbransjen
  • Gründerverksemd
  • Offentleg forvaltning og forsking
  • Store industriselskap

Les analyse av lønsvilkår for samfunnsøkonomar

Meir informasjon under

Oppbygging

ITØK-studiet er på 300 studiepoeng fordelt over fem år, og startar i august.

Seks emne i studieplanen er valfrie (eitt år tilsaman). Undervisinga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Masteroppgåva er på 30 studiepoeng, altså eit halvt år. Det er mulighet til å avtale masterprosjekt i samarbeid med næringslivet eller offentleg forvaltning.

Slik er studiet bygd opp:

1.semester 

  • ITØK101 Mikroøkonomi (10 studiepoeng)
  • INFO132 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
  • MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)

2.semester 

  • ITØK102 Makroøkonomi (10 studiepoeng)
  • INFO135 Vidarekommande programmering (10 studiepoeng)
  • MNF130 Diskrete strukturar (10 studiepoeng)

3.semester 

  • INFO180 Metodar i kunstig intelligens (10 studiepoeng)/ INF161 Innføring i data science (10 studiepoeng)
  • ECON210 Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
  • STAT110 Grunnkurs i statistikk(10 studiepoeng)

4.semester

  • ITØK281 Utplassering i informasjonsteknologi og økonomi (10 studiepoeng)
  • INFO284 Machine learning (10 studiepoeng)
  • ECON263 Bedriftsøkonomi for samfunnsøkonomar (10 studiepoeng)

5.semester 

  • ITØK204 Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)
  • INF140 Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
  • INF170 Modellering og optimering  (10 studiepoeng)

6.semester 

  • ITØK170 Energi- og miljøfysikk (10 studiepoeng)
  • ITØK264 Financial technology (10 studiepoeng)
  •  Examen philosophicum (10 studiepoeng)

7.semester

  • ECON340 Økonometri I (10 studiepoeng)
  • ECON310 Mikroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
  • Valemne INFO /INF på masternivå 

8.semester

  • ITØK381 Ekspertar i team (10 studiepoeng)
  • ITØK320 Supply Chain Analytics (10 studiepoeng)/ECON364 Corporate Finance (10 studiepoeng)/ECON360 Strategisk bedriftsadferd og markedsmakt (10 studiepoeng)
  • Valemne INFO /INF på masternivå 

9.semester 

  • Valemne ECON på masternivå (eventuelt NHH)
  • Valemne ECON på masternivå (eventuelt NHH)
  • Valemne ECON  /INFO /INF på masternivå (eventuelt NHH)

  10.semester

  • ITØK391 Masteroppgave (30 studiepoeng)

(Valgemner på NHH må være på masternivå)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Du blir del av ein relativt liten klasse med høgt kvalifiserte studentar. Små klasser gjer det lettare å halde kontakten og følge kvarandre opp gjennom studiet. Oppfølginga frå fagleg stab er tett, blant anna gjennom skreddarsydde kurs og individuell rådgiving og rettleiing. Du er i nær kontakt med arbeidslivet, med praksisemne alt i fjerde semester. 

I løpet av ei typisk veke vil du ha forelesingar, seminar, praktiske øvingar, tid på lesesalen, gruppearbeid, samt andre studentaktivitetar. I tillegg kjem praksis i periodar. Studiet er eit fulltidsstudium og lar seg ikkje kombinere med fulltidsjobbing utanom.

UiB er ein leiar i innovasjon og har landets nest største miljø for femårige sivilingeniørutdanningar.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

ITØK-studiet gir 

  • Brei kjennskap til tema som big data, maskinlæring, fintech og kunstig intelligens.
  • Solid kunnskap i økonomisk teori.
  • Svært gode ferdigheter i dataanalyse. 
  • Mulighet til å jobbe både sjølvstendig og i grupper med avanserte problemstillingar innan økonomi og IKT.

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Universitetet i Bergen har mange spennande utvekslingsavtalar i blant anna USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal og Spania.  

Sjå alle UiB sine avtalar

Korleis søke

Det integrerte masterprogrammet i informasjonsvitenskap og økonomi har spesielle opptakskrav. Du må dokumentere Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1, eller tilsvarende.

Du dekker kravet, selv om du ikke har generell studiekompetanse, hvis du har

  • bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 eller
  • bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
  • bestått 2-årig teknisk fagskole (rammeplan fra 1998/99 eller tidligere ordninger)

Du finner mer informasjon om disse alternative veiene inn på ingeniørutdanningene her: https://www.samordnaopptak.no/info/opptak/opptak-uhg/andre-veier-til-opptak/ingeniorutdanning/

Det er også mulig å dekke kravet om matte og fysikk med høyere utdanning. Ta kontakt med opptak ved UiB (opptak@uib.no) for en vurdering av om utdanningen din dekker opptakskravene.

Søknadsfristen er 15. april.  

Søk her   (søk på Informasjonsteknologi og økonomi eller 184803)