Hjem
Utdanning

Studieplan for MASV-MAN Manusutvikling for seriar, master, 2 år, haust 2020

Namn på grad

Mastergrad i manusutvikling for seriar

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

Masterprogrammet i manusutvikling for seriar er ei spesialisert utdanning i manusskriving for serieformat, det vil seie forteljingar som er stykka opp i episodar, på høgste nivå. Det inkluderer fiksjonsseriar for tv (både drama og komedie), dokumentarseriar og webseriar. Studiet skal styrke studentane sine teoretiske, historiske og analytiske dugleikar om ulike serieformat samt gjere dei i stand til sjølvstendig å utvikle idear og manus for slike produksjonar.

Masterprogrammet i manusutviking for seriar byggjer på bachelorgraden i tv-produksjon. Studiet legg vekt på vekselverknadene mellom teoretisk og praktisk kunnskap. Den handverksmessige kompetansen er forankra i akademisk kunnskap om forteljingar, sjangrar, tekstanalyse, film- og tv-historie, kreativitetsstudiar og produksjonsstudiar.

Masterprosjektet går ut på å utvikle manus til ein dokumentarserie eller ein fiksjonsserie, med ein tilhøyrande produksjonsrapport som reflekterer over det praktiske arbeidet. Studiet er undervisingsintensivt, med tett oppfølging frå fagleg stab, praksislærarar og høgt kvalifiserte gjesteførelesarar. Det er eit heiltidsstudium, og det er ei føresetjing at studentane har høve til å ta aktivt del i undervisning/seminar/diskusjonar/tilbakemelding. Undervisninga er lokalisert i Media City Bergen.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert teoretisk, historisk og analytisk kunnskap om ulike typar serieformat.
  • har spesialisert kunnskap om koreleis ein finn og dyrkar fram idear og konsept for seriar
  • har spesialisert kunnskap om dramaturgiske konvensjonar og prinsipp
  • kan anvenda kunnskap på nye område innanfor manusutvikling
  • har spesialisert kunnskap om manusprosessar og arbeidsmetodar i serieutvikling
  • har yrkesrelevant kunnskap om korleis tv-industrien fungerer
  • har kunnskap om manusforfattarens rolle under innspelinga av ein serieproduksjon

Dugleikar

Kandidaten

  • kan skriva profesjonelt for serieproduksjonar
  • har spesialiserte dugleikar i å nytta dokumentariske seriar eller fiksjonsseriar til å formidla ein bodskap
  • kan aktivisera teoretiske og analytiske innsikter i eigen manusskriving
  • har avanserte ferdigheiter når det gjeld å presentera og selja inn seriekonsept for bransjen (pitching)
  • kan kritisk analysera og utnytta faglitteratur og andre informasjonskjelder anvende desse til å strukturera og formulera faglege resonnement om manusutvikling som handtverk
  • kan arbeida sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing knytt til manusutvikling
  • kan nytte relevante metodar for forsking og fagleg/kunstnarleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysera relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar knytt til manusutvikling
  • kan anvenda sine kunnskapar og ferdigheiter innan manusutvikling på nye tema og plattformer for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • har kompetanse til å hurtig setje seg inn i nye problemstillingar og ny fagkunnskap innanfor manusutvikling
  • kan formidla omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar fagområdets uttrykksformer
  • kan kommunisera om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor manusutvikling, både med spesialistar og til ålmenta
  • kan bidra til nytenking om manusutvikling

Opptakskrav

Du kan kvalifisere til opptak til masterprogram i manusutvikling for seriar anten med fagleg relevant utdanning eller på grunnlag av arbeidsprøve. Opptakskvota er 50/50. Søker du på begge kvotene, må du nemne dette i motivasjonsbrevet. Du vil då bli vurdert ut frå det opptaksgrunnlaget som er mest gunstig for deg.

Søkarar med fagrelevant bachelorgrad

Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:

  • Film- og TV-produksjon
  • TV-produksjon

Eksterne bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng innan film/TV, manus, forfattarstudium eller andre kreative skriveutdanningar.

Du må ha snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.

Søkarar utan fagrelevant bachelorgrad

Søkarar utan fagrelevant bachelorgrad kan bli vurderte på grunnlag av arbeidsprøve og motivasjonsbrev. Då treng du:

  • Bachelorgrad (treng ikkje vere fagrelevant)
  • Arbeidsprøve (maks femti A4-sider)
  • Motivasjonsbrev (maks to A4-sider)

Les meir om krav til arbeidsprøve og motivasjonsbrev.

Alle søkarar må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C (3,0) i den faglege fordjupinga i bachelorgraden.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

  • MAN301 Introduksjon til manusutvikling for seriar (30 sp)
  • MAN302 Fordjuping i manusutvikling for seriar (30 sp)
  • MAN350 Utplassering og masteroppgåve (30 sp)

Rekkefølgje for emne i studiet

  • 1.semester: MAN301 Introduksjon til manusutvikling for seriar (30 sp)
  • 2.semester: MAN302 Fordjuping i manusutvikling for seriar (30 sp)
  • 3. og 4. semester: MAN350 Utplassering og masteroppgåve (60 sp)

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av seminar, workshops, rettleiing og gruppearbeid i kombinasjon med tilbakemelding på skriftleg og praktisk arbeid.

Vurderingsformer

Det vert nytta deleksamenar dei to første semestera. Dei to siste semestra er sett av til masteroppgåve.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen blir gitte anten

  1. som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. som ein bokstav etter skalaen A, B, C, D, E, F, der F er stryk.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kvalifiserer til ph.d.-studium i medievitskap og beslekta fagfelt.

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i manusutvikling for seriar kvalifiserer studentane til manusarbeid på dokumentar- eller fiksjonsproduksjonar for TV, web eller film, både i store organisasjonar og som sjølvstendige entreprenørar. Ein mastergrad i manusutvikling for seriar kvalifiserer òg for forsking og undervising innan medievitskap og medieproduksjon.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no