Hjem

Medie- og interaksjonsdesign, master, 2 år

Medie- og interaksjonsdesign handlar om å designe og utvikle engasjerande løysingar for nye media.
  • Lengde2 År
  • Plassar12
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Du får ei bransjenær utdanning som gjer deg i stand til å konstruere prototypar på nye medium, og evaluere brukaropplevingane til både medieprodusentar og mediebrukarar.  

Sentrale problemstillingar i faget er: 

  • Kva er godt interaktivt medieinnhald? 
  • Korleis ser framtidas media ut? 
  • Korleis kan interaksjonsdesign og tekniske løysingar hjelpe medieprodusentar å skape betre medieinnhald? 

Gjennom media får borgarane informasjon som gjer det mogleg å delta i den offentlege debatten. Med digitale system ser vi ein økt førespurnad etter nye tekniske løysingar og nye format for publikumsdeltaking og brukargenerert innhald. 

Med denne utdanninga kan du identifisere og utvikle moglege løysingar på dei utfordringane media har når det gjeld betre og meir effektiv arbeidsflyt.

Undervisninga er i Media City Bergen, ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medie- og medieteknologiselskap som TV2, NRK, Vizrt, Bergens Tidende, Mediability og Vimond. Samstundes som undervisninga er teoretisk rotfesta i medievitskap, interaksjonsdesign og kommunikasjonsteori gir den også studentane ein unik nærleik til mediebransjen.

Meir informasjon under

Master's In Media And Interaction Design

Producer:
Infomedia UiB

Jobb

Dei fleste sektorar er i dag digitaliserte, og det er aukande merksemd rundt å gjere digitale løysingar meir brukarvenlege. Å være i stand til å forstå kva brukarar i ulike situasjonar treng, og å lage løysingar for dette er eigenskapar som blir stadig meir etterspurde. 

Nokre av jobbane du kan få med denne utdanninga: 

  • interaksjonsdesignar
  • UX-designar
  • front-end-utviklar
  • datajournalist
  • digital medieutviklar
  • medieentreprenør og gründer

Med ein mastergrad kan du óg søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Meir informasjon under

Studiekvardag

Heller enn forelesningar, skjer undervisninga gjennom seminargrupper, workshoppar, diskusjonsgrupper og feltkurs. Dette er eit fulltidsstudium, og du må rekne med å delta i 8 timar organisert undervisning kvar veke, i tillegg til sjølvstudium. Undervisninga og litteraturen er på engelsk. 

Det første året har du tilgang til delt lesesal, mens du på andre året kan søke om fast plass. Alle emna er obligatoriske, og det er obligatoriske arbeidskrav knytt til kvart emne. 

Sjå meir om studiekvardagen på studentane si eiga nettside Mixmaster

Oppbygging

Mastergradsstudiet i medie- og interaksjonsdesign er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.  

1. semester:

  • MIX301 Medieteknologi: teori og utvikling (15 sp)
  • INFO361 Forskingstema i menneske-maskin-interaksjon (HCI) (15 sp)

2. semester: 

  • MIX303 Forskingsdesign og feltstudiar (15 sp) og valemne frå masternivå INFO (15 sp)

3. og 4. semester: 

  • MIX350 Masteroppgåve (60 sp)

Du kan gjennomføre masterprosjektet i samarbeid med eit medie- eller medieteknologiselskap. Du kan kontakte selskap på eiga hand for å avtale samarbeid, men ulike selskap vil også kome til oss for å presentere idear til masterprosjekt

Det praktiske arbeidet med masterprosjektet kan vere ein prototype på ein praktisk applikasjon, men kan òg vere ei evaluering av eit interaktivt medium eller ein produksjonsstudie.

Sjå oversikt over alle emne

Kva lærer du

På dette studiet får du ein kompetanse som kombinerer teknisk utvikling med kritisk og kreativ tenking. Du får avansert kunnskap innan interaksjonsdesign, og spesialisert innsikt innan interaksjonsdesign for mediefeltet. 

Utdanninga gir ein unik moglegheit til å fordjupe deg i eit prosjekt som lar deg kombinere teknisk utviklingsarbeid og innhaldsproduksjon knytt til media. 

Full liste med læringsutbyte

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her