Hjem
Utdanning

Studieplan for MASV-SØK Samfunnsøkonomi, master, 2 år, haust 2022

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i samfunnsøkonomi.

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i samfunnsøkonomi har et omfang på 120 studiepoeng, normert til 2 år.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Masterprogrammet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi gjennom ulike spesialiseringsemne og vert avslutta med ei masteroppgåve. Studiet gir ei solid teoretisk forankring og gjennom oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og skriftlege arbeid, vert analytiske og metodiske evner, samt fagleg sjølvstende styrka. Studiet gir inngåande kunnskap om empiriske metodar og analyse med fokus på moderne forskingsdesign og behandling av komplekse økonomiske data på mikro- og makronivå.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande kjennskap til struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi
  • har inngåande kjennskap til nyare økonomisk teori og empiriske studiar om verknader av økonomisk politikk
  • kan teori om konsumentar og produsentar, om tilpassing i arbeidsmarknaden, og om sparing og langsiktig konsumplanlegging
  • kan kriteria for ein god bruk av ressursane i samfunnet og teori om marknadslikevekt
  • kan teori om marknadsimperfeksjonar
  • kan analysere verknader av ulike konkurranseformer i ein marknad
  • kan teorigrunnlaget for empirisk analyse
  • kan modellere komplekse empiriske problemstillingar ved bruk av økonometrisk metode
  • kjenner dei makroøkonomiske styringsverkemidla
  • har omfattande kunnskap innanfor sjølvvalde spesialfelt
  • kan analysere faglige problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, eigenart

Ferdigheiter

Kandidaten

  • er godt kjend med relevant faglitteratur
  • kan knyte saman teori og empiri
  • kan bruke avanserte matematiske og statistiske metodar for å analysere samfunnsøkonomiske problemstillingar
  • har grunnlag for kritisk haldning til faget, og kan gjennom rettleiing og diskusjon oppdatere kunnskap
  • kan bruke økonomiske modellar til å forstå sosiale fenomen
  • kan bruke økonomiske resonnement til å diskutere og analysere økonomisk politikk
  • kan bruke økonomiske teori og empirisk metode til å analysere verknader av økonomisk politikk
  • kan gjennomføre avanserte empiriske analyser på komplekse datasett
  • kan bidra til utforming av verkemiddel i den økonomiske politikken
  • kan kritisk vurdere det økonomiske innhaldet i økonomisk politikk
  • kan anvende kunnskap på nye områder innanfor fagområdet
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan drøfte og ta stilling til relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan arbeide sjølvstendig og organisere og planlegge eige arbeid innanfor gitte fristar
  • har evne til klar og ryddig skriftleg og munnleg framstilling, og høg grad av logisk og matematisk presisjon
  • kan delta i faglege diskusjonar og bidra til nytenking i økonomiske analyser

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med spesialisering (80-90 studiepoeng) i samfunnsøkonomi.

Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:

  • samfunnsøkonomi
  • politisk økonomi
  • informatikk, matematikk og økonomi (må inkludere ECON230, ECON290 og to valfrie ECON-emne)

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • samfunnsøkonomi frå UiO, NTNU, UiT

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i samfunnsøkonomi, med minimum 15 studiepoeng i mikroøkonomi, 15 studiepoeng i makroøkonomi og 15 studiepoeng i metode.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i spesialiseringa i samfunnsøkonomi.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Omfang masteroppgåva

ECON391 Masteroppgåva er normert til 30 studiepoeng, og typisk omfang av oppgåva er 40-60 sider.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid under rettleiing. Studentane får rettleiing i samband med utforming av prosjektskissa, samt under arbeidet med oppgåva. Studentane inngår ein rettleiingskontrakt med instituttet. Målsetjinga er å gi studentane evne til å gjennomføre ein sjølvstendig analyse av ei økonomisk problemstilling. Oppgåva skal også fremje skriftlege framstillingsevner. Studentane vel sjølv tema, og rettleiaren vil ofte delta i konkretisering av problemstillinga. Masteroppgåver kan vere teoretiske eller innehalde ein empirisk analyse. Empiriske oppgåver omfattar ofte dataanalyse med eigna verktøy.

Rekkefølgje for emne i studiet

Masterprogrammet i samfunnsøkonomi er lagt opp slik:

Kursa ECON310 Mikroøkonomisk analyse, ECON330 Makroøkonomisk analyse, ECON340 Økonometri I og ECON380 Forberedelsesemne for masteroppgåva er obligatoriske.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Masterprogrammet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av mastergraden. Det vert tilrådd å reise på utveksling i 2.semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt vere førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar i all hovudsak avsluttande, skriftleg skuleeksamen. Fleire av valemna nyttar heimeeksamen eller mappevurdering som vurderingsform.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

 

Relevans for arbeidsliv

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Nokon arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å gå inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Vidare har samfunnsøkonomar òg vist seg å vere attraktive i jobbar innan internasjonale organisasjonar - det vere seg utviklingshjelp eller i utanrikstenesta. Innan privat næringsliv arbeider samfunnsøkonomar i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Tlf.: 55 58 92 00