Sosialantropologi, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar18
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Det som skil sosialantropologi frå andre samfunnsvitskapar er at du kjem tett på menneske. Forskingsmetoden består først og fremst av deltakande observasjon på feltarbeid, som inneber å leve saman med folk i lang tid. Slik finn ein ut korleis verda blir forstått og kva som gir meining.
På masterstudiet i sosialantropologi kan du forske på det som interesserer deg aller mest, kor som helst i verda. Du får forme ditt eige, unike forskingsprosjekt frå skissestadiet til utføring av feltarbeid og analyse i etterkant.
Meir informasjon under

Jobb
Mange sosialantropologar jobbar som kulturomsettarar, til dømes innanfor flyktning- og innvandringsfeltet, innanfor rusomsorg og barnevern, i både offentleg og privat sektor. Andre jobbar i næringslivet eller i internasjonale organisasjonar som Røde Kors eller FN.
Nokon får jobb på grunn av den generelle kompetansen og den kvalitative metoden ein tileignar seg i faget, medan andre først og fremst blir anerkjent for sine kunnskapar om ein spesifikk region, eit språk eller eit særskild tema.
Straumen av menneske, ting og informasjon på tvers av landegrenser har aldri vore større, og den sosiale og økonomiske ulikskapen mellom folk aukar. Antropologisk kunnskap blir difor berre meir og meir etterspurt i samfunnet.
Med ein mastergrad kan du søkje opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.). Dette kan gi deg ei framtid som samfunnsforskar og/eller undervisar i akademia.
Les kor studentane våre fekk jobb etter studiet
Meir informasjon under
Studiekvardag
Du kjem tett på forskinga og blir inkludert i dei daglege aktivitetane ved instituttet. Undervisinga er i hovudsak på norsk, medan litteraturen er på norsk og engelsk. Det første semesteret bruker du om lag ti timar på undervising i veka, mellom anna på forelesingar og seminargrupper. Resten av studieløpet er satt av til di eiga forsking, i form av feltarbeid og skriving av masteroppgåva.
Som masterstudent i sosialantropologi ved UiB får du:
- tildelt fagleg rettleiar heilt i starten av studiet
- tre heile semester til di eige forsking
- tilgang til eigen lesesalsplass på instituttet
- bli med i ein forskargruppe eller forskingsprosjekt dersom andre ved instituttet forskar på liknande tematikk eller same region
Feltarbeid
Feltarbeid er ein obligatorisk del av studiet. Arbeidet varar i fire til seks månader, og skjer i andre semester. Du kan gjere feltarbeid i heile verda, eller i Noreg, og det finst ulike stipend og legat til finansiering av dette. Gjennom feltarbeidet lærer du både kulturell kunnskap og metodiske ferdigheiter som er nyttige erfaringar når du skal ut i jobb.
Masteroppgåve
Du vel sjølv tema for masterprosjektet like ved starten av studiet, og får hjelp av emneansvarlege til å konkretisere temaet. Ut frå val av tema får du tildelt rettleiar, og saman vidareutviklar de prosjektet det første semesteret.
Møt masterstudentane på sosialantropologi
Oppbygging
Masterstudiet i sosialantropologi er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.
1. semester:
- SANT300 Antropologisk kunnskapsproduksjon og etnografisk praksis (10 sp)
- SANT302 Individuell prosjektutvikling (10 sp)
- Eit valfritt emne i aktuelle forskningstema ved instituttet.
Hausten 2023 kan du velje mellom desse emna:
- SANT310-1 Current Anthropological Research: The Anthropology of Displacement
- SANT310-2 Current Anthropological Research: Sensory Worlds Across Times and Cultures
- SANT310-3 Current Anthropological Research: New Technologies and the Future of the Human
2. semester:
- SANT320 Praktisk metodekurs: Antropologisk feltarbeid (30 sp)
3. og 4. semester:
- SANT350 Masteroppgåve (60 sp)
Kva lærer du
Sosialantropologi gir deg verktøy for å forstå den komplekse samtida vår. Du får konkret, forskingsbasert kunnskap om menneske, kultur og samfunn verda over.
Deltakande observasjon over lang tid gir ein type kompetanse som ingen andre utdanningar kan vise til. Feltarbeidet gjer deg til ekspert på å utforske nye felt, analysere funn og sette spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar.
Noko av det aller viktigaste du lærer, er å:
- fortolke, forstå og formidle ulike perspektiv på verda, og stille nye spørsmål i lys av ny kunnskap
- planlegge og gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg undersøking, som feltarbeid i komplekse sosiale situasjonar
- arbeide sjølvstendig, strukturert og gjennomføre prosjektbasert arbeid
- løyse ulike problemstillingar og formidle kunnskap på tvers av kulturar og bakgrunnar
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.