Hjem
Utdanning

Studieplan for MASV-SANT Sosialantropologi, master, 2 år, haust 2022

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i sosialantropologi.

Omfang og studiepoeng

Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Mål og innhald

Masterprogrammet har som mål å utdanne profesjonelle sosialantropologar som kan ta på seg oppgåver i samfunnet der det er behov for sosialantropologisk ekspertise. I løpet av studiet skal studenten setje seg inn i litteratur der faget sine holistiske og komparative ambisjonar og generelle metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar vert drøfta. Det sentrale arbeidet i studiet er masteroppgåva, basert på eit sjølvstendig planlagt og gjennomført feltarbeid som tek eit semester, over eit emne etter eige val. Masterstudiet i sosialantropologi tek sikte på å kvalifisere studenten til å gjennomføre et sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei masteroppgåve.

Så fort det er praktisk mogleg får studenten tildelt ein fast rettleiar. I fyrste semester blir det halde eit obligatorisk kurs (SANT301) som kastar lys over ulike sider ved forskingsprosessen, så vel metodiske som kunnskapsteoretiske. Emnet avsluttast med ein skriftleg skuleeksamen (20 studiepoeng).

I dette semesteret følgjer studenten like eins prosjektutviklingsseminar (SANT302) som skal avsluttast med ei godkjent prosjektskildring (10 studiepoeng). Her skal studenten gjere greie for relevant antropologisk forsking på eit vald tema og på grunnlag av dette formulere nokre fruktbare forskingsspørsmål. Prosjektskildringa utarbeidast i samarbeid med rettleiar.

Feltarbeid (SANT320) er eit praktisk metodekurs som varer i eitt semester der studenten gjennomfører sjølvstendig antropologisk feltarbeid etter dei tematiske og regionale føringane som er definert i prosjektskissa. Studenten har plikt til å skrive minst ein fagleg feltrapport som rettleiar skal kommentere og godkjenne skriftleg. Feltrapporten skal leverast midtvegs i feltarbeidsperioden. Snarleg etter heimkomst frå feltarbeidet deltek studenten i eit obligatorisk skriveseminar som er ein integrert del av SANT350. Seminaret vert arrangert av instittutet berre i haustsemesteret. På bakgrunn av det empiriske materiale som er samla inn under feltarbeid(et) skriv studenten ei masteroppgåve (SANT350).

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan analysere og presentere kunnskap om eit sjølvvald tema i lys av antropologisk teori
  • har kunnskap om og kan nytte aktuelle teoriar, metodar og tolkingsmåtar innan antropologisk forsking
  • kan utføre ein etnografisk forankra analyse av sosiale og kulturelle forhold
  • kan fortolke, forstå og formidle ulike perspektiv på verda
  • kan reflektere over metodiske og etiske sider ved eige forskingsarbeid
  • har tileigna seg perspektiv og omgrep som er nyttige i forståinga av kulturelt mangfald

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg undersøking, inkludert feltarbeid, innanfor ei gjeven tids- og ressursmessig ramme
  • kan formidle innsikter om den regionen og tematikken som masteroppgåva handlar om
  • kan nytte ulike teoretiske perspektiv i analyse av empirisk materiale
  • kan bruke deltakande observasjon, intervjumetodar, bibliotek- og nettressursar til å samle og analysere forskingsmateriale og presentere resultat
  • kan formidle faglege problemstillingar og analysar, både til spesialistar og allmenta

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan arbeide sjølvstendig med prosjektutvikling
  • kan utføre datainnsamling i nye miljø og handtere komplekse sosiale situasjonar
  • kan handtere uventa situasjonar og dilemma under forskingsprosessen
  • kan veksle perspektiv og stille nye spørsmål i lys av ny kunnskap
  • kan utfordre vedtekne sanningar om kulturelle og naturgjevne skilnader og likskapar
  • kan sjølvstendig gjere greie for og vurdere etiske og metodiske sider ved forskingsprosessen
  • har evne til sjølvstendig kritisk tenking og bruk av analytiske omgrep og perspektiv

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-90 studiepoeng spesialisering i sosialantropologi.

Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:

  • Sosialantropologi
  • Utviklingsstudiar med spesialisering i sosialantropologi
  • Kjønnsstudium med spesialisering i sosialantropologi

Eksterne bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Sosialantropologi frå UiO, NTNU, UiT
  • Sosialantropologi eller tilsvarande frå utlandet

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i spesialiseringa i sosialantropologi.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og blir skriven i løpet av dei to siste semestra av programmet. I oppgåva skal du gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene som arbeidet byggjer på. Det empiriske materialet som blir analysert, skal framstillast på ein oversiktleg måte, og i vurderinga av avhandlinga blir det lagt vekt på kunnskapar i komparativ etnografi og relevant teori. Arbeidet blir utført under rettleiing. Studenten har rett på i alt 15 rettleiingstimar under studieløpet. Dersom studenten går ut over den normerte studietida mister ho rett til rettleiing etter 5. semester.

Rekkefølgje for emne i studiet

Masterstudiet startar med eitt semesters intensivt kurs i antropologisk teori og metode (SANT301, 20 studiepoeng). Samstundes skal studentane utarbeide ein prosjektskildring der det gjerast greie for kor og på kva måte materialet til avhandlinga skal bringes til veie. Prosjektskildringa (SANT302, 10 studiepoeng) må godkjennast før studenten kan begynne på feltarbeidet.

Alle emna er obligatoriske i programmet:

1. semester

  • SANT301 Antropologisk kunnskapsproduksjon og etnografisk praksis
  • SANT302 Individuell prosjektutvikling

2. semester

  • SANT320 Praktisk metodekurs: Antropologisk feltarbeid

3. og 4. semester

Delstudium i utlandet

Dei fleste studentane velgjer å gjennomføre feltarbeidet utanfor Noreg sine grenser, ofte utanfor Europa. For mange studentar representerer feltarbeidet intense og gjevande møter med menneske viss sosiale og kulturelle føresetnader og materielle vilkår er svært annleis enn eins eigne. Difor bør den enkelte så tidleg som mogleg setje seg inn i kva for nokre utfordringar ein kan stå overfor - ikkje minst språkleg, og korleis ein best førebur seg på desse. Men uansett kor feltarbeidet vert gjennomført føresetjast det monaleg tilpassingsdyktigheit.

Det er det vedvarande nærværet i andre menneske sitt liv, og den deltakinga i andre sin praksis slik nærvær inneberer, som er typisk for antropologar sin arbeidsmåte og kunnskapstileigning. På denne måten inneberer det antropologiske feltarbeid ikkje berre ein fagleg fordjuping, men også ei tileigning hos studenten av stor bredde i forståinga av samfunnsmessige og kulturelle problemstillingar.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftleg arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet bruker i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: essay/rapport, skriftleg og munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Grunnlag for vidare studium

Med mastergrad i sosialantropologi kan ein søkje seg vidare på ph.d.-studier (forskarutdanning), både innan sosialantropologi og i enkelte tverrfaglege studium. Dersom ein har to undervisningsemne i graden sin kan ein med påfølgjande eittårig praktisk-pedagogisk utdanning også bli lektor.

Relevans for arbeidsliv

Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrke, ofte i eit tverrfagleg samarbeid, og gjerne også i jobbar som krev internasjonal kompetanse og krysskulturell innsikt. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskolar. Meir spesifikt arbeider dei innan arbeidsmiljørådgiving, i helse- og sosialsektoren, i arbeid med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt og innan miljøvern. I arbeidslivet er det sjeldan "ein antropolog" som vert tilsett, men derimot ein antropolog som har gjort feltarbeid ein viss stad og/eller har studert særskilde tema.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6, 5007 Bergen

E-post: post@sosantr.uib.no

Telefonnr.: 55 58 92 63

Heimeside: http://www.uib.no/antro/