Hjem
Utdanning

Studieplan for MASV-SOS Sosiologi, master, 2 år, haust 2019

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i sosiologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Mål og innhald

Masterprogrammet i sosiologi gjer ei brei orientering om arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i faget. Masterprogrammet kombinerer generell teori- og metodekunnskap med individuell fordjuping.

Masterprogrammet svarer til i alt 120 studiepoeng der kursdelen utgjer 5 emne à 10 studiepoeng. Følgjande emne er obligatoriske: SOS301 Sosiologisk analyse, SOS302 Sosiologiske teoritradisjonar, SOS303 Metode - statistisk analyse og SOS304 Metode- kvalitative tilnærmingar. I tillegg skal studenten velje eitt emne knytt til instituttet sine profilområder.

I undervisning og forsking ved instituttet har dimensjonane kjønn, makt og ulikskap stått sentralt. I tillegg vert det arbeida mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering. Dei følgjande problemområda er dei mest sentrale i den faglege aktiviteten ved instituttet:

  • Velferd, ulikskap og livsløp
  • Migrasjon, utvikling og miljø
  • Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program har følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har overblikk over dei perspektiva, omgrepa og metodane som sosiologar bruke til å analysere samfunnstilhøve med
  • kjenner samanhengane mellom desse perspektiva, omgrepa og metodane og kan forklare kva som gjer dei relevante ved undersøkingar av samfunnstilhøva
  • har særlig godt overblikk over perspektiv, problemstillingar og resultat frå nyare forsking om minst eit sosiologisk spesialemne, og kan bruke kunnskapen om dette i eigne undersøkingar og analysar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere kor godt underbygd konklusjonane i studiar av samfunnet er
  • kan sette seg inn i og delta i debattar om ei rekke samfunnsspørsmål
  • kan skaffe relevant informasjon om samfunnsspørsmål, analysere spørsmåla med relevante metodar og sosiologiske omgrep, og gi munnlege og skriftlege presentasjonar av kunnskapen dette fører fram til
  • kan utføre undersøkingar av samfunnstilhøve med både kvantitative statistiske metodar og kvalitative metodar av ulike slag
  • kan gjennomføre ei større sjølvstendig undersøking ved å velje og avgrense tema, utforme problemstilling, velje teoretisk tilnærming og relevante metodar, hente inn, legge til rette og analysere data, knyte empiri og teori saman gjennom analytiske spørsmål og sosiologisk drøfting, og gi ein samanhengande skriftleg presentasjon av analyseresultatet og konklusjonane

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har oversikt over og kan diskutere forskingsetiske problem innan informasjonshandtering og samfunnsforsking, og vurdere korleis slike problem bør handterast i samfunnsfaglege undersøkingar
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta innanfor gjevne tidsfristar
  • kan gi sakleg, grunngjeven og klar argumentasjon, skriftleg og munnleg

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-90 studiepoeng spesialisering i sosiologi, inkludert minimum 10 studiepoeng i samfunnsvitskapeleg metode.

Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:

  • Sosiologi
  • Kjønnsstudium med spesialisering i sosiologi

Eksterne bachelorgrader i sosiologi som kvalifiserer:

  • UiO
  • NTNU
  • UiS
  • UiT
  • Nord universitet
  • UiA
  • HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-90 studiepoeng i sosiologi, inkludert minimum 10 studiepoeng i samfunnsvitskapleg metode.

Søkarar må ha ein snittkarakter på minimum C (3,0) i spesialiseringa i sosiologi.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng. I tillegg kjem SOS340 Prosjektutvikling (10 sp) med oppstart i 1. semester og ferdigstilling seinast i 2. semester.Oppgåva byggjer på eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Det er ønskjeleg at du vel eit prosjekttema som fell innanfor instituttet sin fagprofil. Arbeidet med valemnet skal spore deg til val av tema, byggje opp under utarbeidinga av ei prosjektskisse og på ulike måtar medverke til arbeidet med masteroppgåva.

Rekkefølgje for emne i studiet

Delstudium i utlandet

Du kan reise på utveksling som en del av mastergraden din i sosiologi. Det finst fleire alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiBs mange bilaterale avtalar.

Det vert anbefalt at utanlandsstudiet leggjas til 2. semester. Studentar på utveksling må ta emne i sosiologi til erstatning for dei obligatoriske emna i graden. Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og er mogleg å gjennomføre på masternivå. Sjå instituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er vanligvis samansett av førelesingar og seminar i mindre grupper kombinert med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet bruker stort sett ulike kombinasjonar av dei følgjande eksamensformene: heimeeksamen, skriftleg eksamen, og munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

1) Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller

2) Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det vanlegaste.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogram i sosiologi gjev fagleg, analytisk og metodisk kompetanse for ulike typar jobbar i offentleg så vel som privat sektor. Fleirtalet av kandidatane arbeider i offentlege verksemder som universiteter, høgskular, kommune- og fylkeskommune, direktorat og departement. Ein god del får jobb i private verksemder og organisasjonar som konsulentverksemd og frivillige organisasjonar.

Sosiologane er kvalifiserte til mange ulike arbeidsfunksjonar, mellom anna planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, rådgjeving, informasjonsarbeid, administrasjon og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne og eitt år påbygging med ppu (praktisk-pedagogisk utdanning) får studenten tittelen lektor og kvalifiserer til å undervise i skuleverket.

For meir informasjon, sjå her: Sosiologar i arbeid

Evaluering

Emna som inngår i masterprogrammet blir evaluert med jamne mellomrom.

Administrativt ansvarleg

Sosiologisk institutt

E-post: studierettleiar@sos.uib.no Tlf.: 55 58 90 10