Hjem

Sosiologi, master, 2 år

Kva er bakgrunnen og konsekvensane av aukande sosiale forskjellar, internasjonal migrasjon, globaliseringsprosessar, klimakrise og digitalisering av arbeids- og kvardagsliv?
  • Lengde2 år
  • Plassar25
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Sosiologar arbeider med å forklare og tolke korleis vi blir forma av og korleis vi formar forholda rundt oss. Masterprogrammet i sosiologi gir deg kunnskap om en rekke samfunnsforhold, samtidig som du blir utfordra til å sjå samfunnet du er en del av frå ulike perspektiv og teoretiske synsvinklar.

Masterprogrammet i sosiologi gir ei brei orientering i arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i faget. Du får auka forståing av samfunnsprosessar som angår ulike grupper og organisasjonar, og av samfunnet som heilskap. Du kombinerer generell teori- og metodekunnskap med fordjupingstema.

Du kan fordjupe deg i tema som:

  • Velferdsstatens institusjonar og virkemåte
  • Sosial ulikskap, kjønnsrelasjonar og klasseforhald
  • Arbeidslivets organisering og endring
  • Utdanning og utdanningsval
  • Migrasjon og etniske relasjonar
  • Familie og livsløp

Med ein master i sosiologi får du ein allsidig fagleg, analytisk og metodisk kompetanse som samfunnet og næringslivet treng. Du får evne til å fortolke, forstå og forklare ulike samfunnsfenomen.

Meir informasjon under

illustrasjonsbilde
Foto/ill.:
Rob Curran/unsplash.com

Jobb

Som sosiolog er du kvalifisert til mange ulike arbeidsfunksjonar som forsking, prosjektarbeid, rådgiving, informasjonsarbeid og administrasjon og organisasjonsutvikling.  

Vanlege arbeidsplassar etter fullført master i sosiologi er: 

  • Universitet og høgskule 
  • Kommune, direktorat eller departement 
  • Konsulentbransjen 
  • Frivillige organisasjonar 

Du kan bli lektor om du tar eit år med PPU, som gir undervisningskompetanse i samfunnsfag. Svært mange sosiologar arbeider som lektorar i vidaregåande utdanning. 

Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga

Med masteroppgåva kan du fordjupa deg innanfor tema i sosiologien du er interessert i, og rette oppgåva inn mot ønska karrierevegar.  

Her finn du historier frå nyutdanna sosiologar

Meir informasjon under

Studiekvardag

På masterprogrammet i sosiologi får du ein kombinasjon av generell teori- og metodekunnskap og individuell fordjuping. Programmet held til på Sosiologisk institutt. Det første året på programmet skal du innom både kvalitativ og kvantitativ metode i tillegg til sosiologiske teoritradisjonar og analyse.  

Studiet er sett saman av: 

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Masteroppgåve 
  • Sjølvstudium 

Av desse kan du regne med å bruke mest tid på sjølvstudium. I ei vanleg veke brukar du om lag seks-sju timar på undervisningsaktivitetar utanom sjølvstudium.

Første semester blir du orientert om forskingsprofilar, faglege interesseområde til dei vitskapleg tilsette, og moglege koplingar til prosjekt. Du kan ønskje deg ein spesifikk rettleiar, eller bli tildelt ein som passar til temaet du har valt. Sjølve masteroppgåva strekker seg over to semester. Du får rettleiing i utforming av prosjektskissa og i arbeidet med masteroppgåva. I arbeidet får du fast plass på lesesalen for masterstudentane.

Om du skriv masteroppgåve med tema innanfor eit av instituttets profilområde, kan du bli knytt til ei av forskargruppene ved instituttet.

Korleis er det å studere sosiologi? Kva skriv studentane masteroppgåver om?

Her finn du historier frå studentar på masterprogrammet i sosiologi

Oppbygging

Mastergraden i sosiologi har fem obligatoriske emne (50 studiepoeng), eit valfritt emne på 10 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.  

Semester 1

To obligatoriske emne:

  • SOS302 Sosiologiske teoritradisjonar (10 studiepoeng)
  • SOS304 Kvalitativ metode (10 studiepoeng) 

Eit valemne:

  • SOS320 Velferd, ulikskap og livsløp (10 studiepoeng)
  • SOS321 Migrasjon, integrasjon og mobilitet (10 studiepoeng)
  • SOS322 Arbeid, klasse og utdanning (10 studiepoeng)

Semester 2

  • SOS301 Sosiologisk analyse (10 studiepoeng)
  • SOS303 Kvantitativ metode (10 studiepoeng)
  • SOS340 Prosjektutvikling (10 studiepoeng)

Semester 3 og 4

  • SOS360 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Sjå oversikt over studieløp

Kva lærer du

I løpet av programmet får du kunnskapar og ferdigheiter i empirisk sosiologi. Det får du blant anna ved å bruke statistiske analyseteknikkar og kvalitative tilnærmingar.  

En student som tar masterprogram i sosiologi   

  • lærer å skaffe seg relevant informasjon om samfunnsspørsmål, å analysere dei med relevante metodar og teoretisk kunnskap, og å gi munnlege og skriftlege presentasjonar av resultata, basert på grunngitt og sakleg argumentasjon 
  • utviklar analytiske kapasitetar og sjølvstendig vurderingsevne i møte med ulike samfunnsspørsmål  
  • har velutvikla forståing av kva som ligg til grunn for samfunnsvitskapleg kunnskap og  om samfunnsforskinga sine etiske reglar 

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan ta delar av utdanninga di i eit anna land, og vi har fleire utvekslingsavtalar. Det blir anbefalt å ta utanlandsstudiet i 2. semester. Studentar på utveksling må ta emne i sosiologi til erstatning for dei obligatoriske emna i graden.

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser, og er mogleg å gjennomføre på masternivå. 

Slik reiser du på utveksling

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her