Systemdynamikk (Modellbasert samfunnsplanlegging), master, 2 år
- Lengde2 År
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Welcome to information meeting about the Master's Programme in System Dynamics at the faculty of Sosial Sciences. Time: 20. Desember 2PM. Link to Zoom meeting |
Korleis utviklar vi eit solid sett med retningslinjer til å underbygge avgjerder som til saman bidrar til vellykka strategi, og som igjen fører til gunstig utvikling over tid?
- Kva politikk gir mest gunstig utvikling over tid?
- Korleis unngår vi å basere strategiar, politikk og avgjerder på feiloppfatningar? Korleis vurderer vi konsekvensane av desse, før dei blir iverksett i den sosiale konteksten?
- Kva er den breiare verknaden av våre avgjerder over eit lengre tidsrom?
For å svare på slike spørsmål får du opplæring i utvikling av simuleringsmodellar. Desse representerer årsak-og-verknad-struktur til system og ein lærer, ved hjelp av simulering, forstå systema sin dynamikk og å undersøke forholdet mellom dei.
Vi tilbyr eit pulserande, internasjonalt studentliv med fokus på studiet av systemdynamikk - eit studie tilgjengeleg for svært få studentar over heile verda. Vi bruker "state-of-the-art" læringsteknologi og klientbaserte casestudiar.
For tida er systemdynamikk ettertrakta i forsking og utdanning innan mange felt, samt til analyser av store selskap, myndigheiter, internasjonale byrå og konsulentselskap.
Sjå fleire eksempel på systemdynamikk - kva er det og korleis kan det brukast?
Meir informasjon under

Jobb
Våre tidlegare studentar jobbar i akademia og forskingsorganisasjonar, internasjonale organisasjonar og selskap, frivillige organisasjonar og konsulentselskap og større private og offentlege verksemder. Altså alle organisasjonar som står overfor komplekse, dynamiske utfordringar.
Med mastergrad i systemdynamikk vil du ha tileigna deg eit eineståande sett med ferdigheiter innan metodar, teknikkar og verktøy som går på tvers av disiplinar og sektorar. Du vil kunne bruke desse ferdigheitene til å betre kommunikasjonen gjennom kunnskapsframkalling og formidling; kunnskapsorganisering og -lagring, samt analyse.
Studiekvardag
Dette er et fulltidsstudium som vil krevje fokus på det faglege, men det er også et levende studentmiljø med uformelle samlingar og nye venner.
I ei vanlig veke, både online og på campus, vil du være opptatt med å diskutere og samhandle med medstudentar og professorar i og utanfor forelesingar. Det er forelesingar, lab og oppgåver gjennom heile veka. Vi bruker klientbaserte casestudiar og toppmoderne læringsteknologi.
Det er forventa høg grad av samarbeid med medstudentar, men også at ein skriv oppgåver individuelt. Fordelinga mellom lesing og praktisk arbeid i programmet er ca. 35/65.
Som student i systemdynamikk vil du mesteparten av tida opphalde deg ved Institutt for geografi, som ligg i Bergen sentrum. Det er lesesalar og datalabar øyremerka masterstudentar.
Pensumlitteraturen vil vere tilgjengeleg digitalt gjennom UiBs bibliotekavtalar.
Masteroppgåve
Siste semester skal du skrive masteroppgåve. Oppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid som du skriv med støtte frå rettleiar. Tema for oppgåva kan du enten finne sjølv, eller velje blant tilgjengelege tema for masteroppgåve.
Oppbygging
1. semester
- GEO-SD302 Fundamentals of Dynamic Social Systems (10 studiepoeng)
- GEO-SD303 Model-based Analysis and Policy Design (10 studiepoeng)
- GEO-SD304 System Dynamics Modelling Process (10 studiepoeng)
2. semester
- GEO-SD308 Policy Design and Implementation (10 studiepoeng)
- GEO-SD311 Analytical methods and advanced modelling (10 studiepoeng)
- GEO-SD325 Client Based Modelling (10 studiepoeng)
Følgande kurs kan erstatte eit 2. og 3. semester-kurs, med gokjenning frå instituttet:
- GEO-SD322 Special Topics in System Dynamics, Policy (10 studiepoeng)
- GEO-SD323 Special Topics in System Dynamics, Applications (10 studiepoeng)
- GEO-SD324 Special Topics in System Dynamics, Methodology (10 studiepoeng)
- GEO-SD330 Natural Resource Management (10 studiepoeng)
3. semester
- GEO-SD306 Experimental Methods in Social Systems (10 studiepoeng)
- GEO-SD309 Model Based Interactive Learning Environments (10 studiepoeng)
- GEO-SD310 Writing course and project description (10 studiepoeng)
4. semester
I siste semester skriv du masteroppgåva di (GEO-SD351, 30 studiepoeng). Du får tildelt ein rettleiar som støttar deg gjennom skriveprosessen. Du er også inkludert i aktivitetane til forskingsgruppa for systemdynamikk.
I oppgåva di får du sjansen til å spesialisere deg ytterlegare innan ditt valte felt.
Sjå vår liste over tidlegare masterema for å få ein ide om variasjonane og moglegheitene.
Dersom masterprosjektet ditt krev vesentleg, tidkrevjande empirisk arbeid, kan du søke om å få skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i semester 3 vil då bli erstatta av GEO-SD350 Masteroppgåve i systemdynamikk (60 studiepoeng) i semester 3 og 4.
Kva lærer du
Med ein mastergrad i systemdynamikk vil du forstå:
- ibuande utfordringar med å forstå dynamikken i sosiale system
- systemdynamikkparadigmet og alternative analysemetodar
- systemdynamikkapplikasjonar til problemløysing i offentleg og privat sektor
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.